Viser innlegg med etiketten smykke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten smykke. Vis alle innlegg

onsdag 5. august 2009

Ferieproduksjon

Sjølv om det eigentleg kunne ligge til rette for storproduksjon i ferien, vart det ikkje laga så veldig mykje. Eg slit med eit vondt handledd, og lurer på om det kan vere ein senebetennelse. Dermed har det blitt meir dødtid enn eg likar....

Men eg har laga litt smykke. Her er eit armband i glasperler og sølvperler, på elastisk tråd.
To smykke:


Ein liten restegarnproduksjon: To strikka klutar og ein hekla, her på ei lita bananpalme:)

søndag 24. mai 2009

Nye perler- nytt smykke:)


Sidan eg fekk så fine perler i gåve i går, måtte eg lage eit makramesmykke. Det er nok til meg:)

fredag 1. mai 2009

Kom Mai, du skjønne, milde!

!. mai! Skulle kanskje gått i tog, med paroler og kamprop. Eller så skulle eg latt dei bondske genene slå ut, og spreidd litt møkk i hagen :) Men eg gjorde ingen av delene...

I dag har eg kosa meg, slappa av litt i sola, laga middag og lite anna på kjøkenet. Det vi har brukt mest tid på, er å innreie barneroma. Eldstemor har flytta frå eit soverom til eit anna, for å gje minstemor eit rom sjølv. Det er veldig stas for begge to. Og ganske mykje arbeid for oss som skal gjennomføre flyttinga. Prinsessa hadde veldig lyst på familiekøye, der ho skal sove oppe og lese kveldsboka nede. Det er ein god plan, for eg elskar å ligge ved sida av ei av jentene og lese bok eller Bamseblad.

Det har blitt nokre sensurerte gloser i dagens løp. Det er ikkje alle produsentar av flatpakka møblar som er like dyktige og gjennomførte som t.d. Ikea. Det er eigentleg mykje som kan gå gale når ein står der med fjøler, skruar og trepluggar, og ei litt knapp monteringsanvisning. Men det gjekk rimeleg bra, med unntak av at det mangla ei fjøl... Jammen klarte gubben å ordne det!

Berre sjå kor herlig det er å få ny seng! I morgon skal vi på tur og handle meir småting til romet. Eg har lyst på puter i friske fargar til å legge i underkøya, og så må vi vel ha teppe på golvet. Det står att ein del anna også, men det fungerer.

Elles har eg laga eit nytt smykke. Det er kjekt med makrame!!

lørdag 4. april 2009

Påskeferie er ei fin oppfinning

Eg har sans for ferie og fridagar. Kven har vel ikkje det? No har vi nokre dagar heime før vi skal på hyttetur midt i påskeveka.

I natt hadde vi ei ekstra prinsesse på overnattingsbesøk, og det var veldig kjekt:) Jentene kosa seg, og dei sov nokre timar også:)

I dag har vi sett opp trampolina i hagen, til stor glede for både liten og stor.

Elles har eg eit nytt makramesmykke. Store treperler, mangekanta, litt rustikke. Det vart kult, ikkje sant?

fredag 6. februar 2009

Smykk deg!

Det er fint å kunne ta på seg litt smykke av og til. Og eg syns det er kos å lage nokre, særleg når eg strikkar på store ting som aldri vert ferdige... I dag har det blitt eit smykke i makrame.

Mørkblå treperler og lys brun voksa lintråd, det vart ikkje så verst.

Eg skal truleg gje dette vekk, så vi får sjå kvar det endar!

fredag 3. oktober 2008

Smykke!

No har eg laga eit par smykke til:) Det er gøy, enkelt og fort gjort, og så vert resultatet ganske bra. Syns eg, i alle fall...

Begge desse smykka er så lange at dei "må" to gongar rundt halsen, men det er jo mogleg å variere!

Her er det feil farge på gensaren i forhold til smykket, men det skal vel kunne rettast på!


Og så har minstemor fylt to år. Det var feiring i går, i dag og i morgon:)Tre dagar til ende, det må vel dekke behovet!? Det var ikkje fordi eg vil ha det slik, eigentleg, men når det fyrst vart slik, er det jo ganske greitt. Så små jubilantar har kort fokus på gåver etc, og no vert gåver og stas fordelt utover så det varer lenge!
Det aller mest fristende frå farmor var verken konvolutt eller presang, men frukt!

søndag 17. august 2008

Eit smykke til:)

Malen er så enkel og grei at eg måtte prøve igjen! Det er utrulig kjapt å hekle dette, og eg syns det fungerer som smykke. Men eg må ha perler med større hol... No brukte eg ein rest av BabySilk, heklekrok 2 og turkise perler.
Det vert sikkert ikkje det siste:)

Milk and honey

Viking har eit nytt garn som heiter Milk and Honey. Eg måtte prøve eit nøste, berre for å sjå om eg likte det. Og garnet er heilt ok. Kanskje eg skal konkludere med at eg er meir glad i ull/alpakka enn bomull, og dette er definert som 70% bomull og 30% melk.

Det vart ei lue til prinsessa av dette. Oppskrifta fann eg i eit hefte tilhøyrande garnet.

Enkelt mønster av sommarfuglar, men det treng ikkje alltid å vere så avansert for at det skal slå an hos prinsesser på 5 år.

På hobbyboden får vi utfordringar av og til. Ei utfordring denne veka var å bake brød.


Eg gløymde å ta bilde av heile baksten, så det vart berre eit brød her. Resten ligg i frysaren:)

Ei annan utfordring er å bruke hobbybøkene vi har ståande i hyllene. Det er ein god ide, så eg har plukka fram ei som heiter Prikken over i-en. Der er det mykje rart, og ein god del som eg kan tenke meg å lage ein gong. I går kveld vart det eit hekla smykke med perler. Eg brukte litt av det lilla Milk and Honey-garnet, og nokre nøytrale perler eg fann i perleboksa.