Viser innlegg med etiketten hage. Vis alle innlegg

mandag 4. juni 2012
Granateple i vinduskarmen
Dette er eg spent på!
Eg fekk ei bittelita blomsterpotte med nokre bittesmå planter i, frå ei hyggeleg dame. Ho hadde ikkje prøvd før, men delte villig ut til kjente på strikkekafe:)
Du ser at eg har pynta litt rundt med nokre av orkideane mine, men du ser kanskje også nokre grøne stilkar:) Eg reknar med at granateple er såpass varmekjære at sunnmørsk vår og sommar kan vere litt for kaldt. Så dei får stå inne, og så får vi berre sjå om dei klarer å bli store. Morsomt å prøve noko nytt!
torsdag 25. august 2011
Blomsterprakt ved døra
mandag 4. oktober 2010
Haustroser?
Det har vore flott ver nokre dagar, og så litt regn igjen. Og i eit innfall gjorde eg ein liten innsats i hagen. Eg kjøpte nokre nye lyngplanter, eit haustkål og litt slikt, så det ser fornuftig ut utanfor døra nokre veker til... Snart vert det vel for kaldt til desse også.
I blomsterbedet er det framleis liv. Ein god del liv, faktisk! Eg plukka inn den siste greina på den minste rosebuska, og tenkte å sjå om roseknoppane vil sprette ut inne. Sidan det ikkje er så mykje anna enn knoppar enno, har eg pynta med litt haustfargar i samme vase. Då blir det haustroser, ikkje sant?
Elles minte Solveig meg på vinnarlykka mi:) Det er sant, eg har hatt flaks! Eg vann eit gåvekort på Trådkråa, der eg kjøper stort sett alt av tråd:) 500 kroner kan bli mange mjuke små nøste!
fredag 11. juni 2010
Ein gjest i hagen:)
onsdag 26. mai 2010
Makan til blomst har eg aldri sett
Eg trudde at den siste planta som kom i hus var ei grøn plante, litt i samme stil som eføy. Den er fin nok som den er, og slenger ut nokre slyngtrådar som gjer at den kan danne ein fin sirkel. I dag er det blomst på den! Eg trudde fyrst at nokon hadde festa på ein plastblomst, for dette ser verkeleg ikkje ekte ut. Men det er heilt reelt! No til kvelden foldar den seg saman til ein kapsel, eg er spent på om den er ferdig eller om den kjem ut att i morgon.
Elles har eg hatt med meg strikkepinnar på tur til Riga. Det vart ei lue, til Prinsessa som syns at det meste klør. Denne vart umiddelbart godkjent, sidan den er strikka i Drops BabyMerino. Den klør i alle fall ikkje:)

mandag 22. mars 2010
Vår, lalala, vår...
Det er så fint når snøen endeleg er i ferd med å smelte! Dei siste dagane har vi gleda oss stort over 7-8 grader og plaskregn, for etter 3 månader med snø er vi faktisk metta. Vi er såååå klare for vår! Og kva er betre enn ein søndag med blå himmel, fin temperatur og godt humør på kjøpet? Jentene kosa seg ute, og vi gjekk på besøk til ein barnehage i nabolaget og leika der lenge.
I hagen er det framleis snø stort sett overalt. Men i dag grov vi rett og slett fram blomsterbedet! Eg måtte jo sjå om det er liv i krokus og påskeliljer! Og der står dei og berre ventar. Midt i snøen finn vi dei søte små spirene. Kanskje snart?
Elles har eg ein viktig ting å seie i dag: Gratulerer med 19-årsdagen, kjære store Musikanten min!!
fredag 17. juli 2009
Glimt frå ei ferieveke
Den fyrste ferieveka er vel eigentleg straks over. Og no er det snart klart til Tyrkiatur! Vi får ikkje med oss eldstemann, men han får jobben med å passe huset:)
Kva har vi så fått gjort denne fyrste veka?
Jau, vi har besøkt svigerinne og svoger og fått krabbe! Og der helste vi på tre nydelige kattungar, blant anna denne. Eg fekk lyst på kattunge, men vi fekk tydeleg bekrefta at det er ikkje lurt. Prinsessa er allergisk mot kattar, og kattungane er så søte at ho ikkje klarer å halde nødvendig avstand... Heilt forståeleg, når ein ser slike små nøste.
Moldejazzen fekk eg fortalt litt om i forrige innlegg. Elles har gubben laga mur! Den vart vel flott! Muren skal berre stramme opp litt og gjere uteplassen litt meir ryddig.
Mitt prosjekt var å stramme litt opp på soveromet til prinsessa. Ho har kvit køyeseng, og no måtte ho få nytt nattbord. Eg mala nokre strøk med kvitt på eit gamalt furunattbord. I tillegg har eg mala skuffefrontane på det gamle skrivebordet i same farge. Det vart stilig! Frontane var raude, og det vart litt for dominerende. Eg leitar etter dei perfekte gardinene.... Ikkje at det trengs, for ho har persienner, men likevel er det fint med litt gardiner!
I hagen kan vi no nyte mange flotte fargar!
I dag var vi på hyttebursdagsfeiring til ære for eit syskenbarn. Det var mykje gildt folk samla, ein kombinasjon av hans vener og sysken/ syskenbarn. Hytta er perfekt plassert ved eit vatn her i kommunen. Vi har mange gode minne frå denne staden!
I garnkassene mine fann eg noko ullteppegarn som berre var til overs. No har eg hekla eit par tøfler, og tova dei. Det er enno litt garn igjen, men ikkje nok til eit par tøfler til. Så då må eg tenke litt....

fredag 17. april 2009
Det blomstrar!
Eg er veldig imponert over den mørkeraude primulaen min:)
Denne har blomstra i heile år! Nokre av blomstrane var kanskje litt slappe midt på vinteren, men det er vel ikkje anna å vente. Eg hadde også blitt slapp av å ligge under snøen i fleire veker!
No har det kome nye blomster på den, og i tillegg har eg både små og store påskeliljer. Det er ikkje så lett å sjå på eit dårleg mobilbilete, men påskeliljene midt på biletet er berre 8-10 cm høge. Det er stor forskjell på dei og vanlege høge påskeliljer. Eg trur det er minipåskeliljer frå i fjor. Søte, ja?
mandag 23. mars 2009
Siste dagars aktivitet
I helga har vi feira Musikanten sin 18-årsdag. Han fekk tidleg i prosessen spørsmål om kva meny han kunne tenke seg når han skulle ha vener på besøk. Pannekaker, sa gutfanten! Og eg syntes det høyrtes litt for spennende ut å skulle steike opp nok pannekaker til at ein haug store karar skulle ete seg mette. Det er ikkje godt å vite kor mange pannekaker som skal til for å fylle ein stor mage:)
Gratinerte pannekaker med kjøtfyll vart løysinga. Det fungerte! Alle vart mette, og ingen klaga:) Eg måtte bruke fleire former for å få plass, sjølvsagt....
Eg er litt fornøgd med denne karen her! Han blir etterkvart ganske bra på piano også, sjølv om det er trompet som er hovudinstrumentet.
Mammutsal er ein fin ting. I år gjekk eg ikkje til verket med same iver som før, og enda med å ikkje kjøpe noko den fyrste gongen eg var innom bokhandelen. Men no var bøkene på superbilligsal! Mammutprisen er ganske lav, og no var det halv pris av den igjen!! Så eg måtte ta med meg eit par hage/blomsterbøker. Det er berre å vente på vår, og pusle i vinduskarmen enn så lenge.
Eg betalte 108 kroner samla for desse to bøkene:) Særleg boka om inneplanter er svært informativ og enkel å bruke. Så no har eg ingen grunn til å la plantene skrante...

onsdag 19. november 2008
To huer og bil i hagen!
Dagens rapport vart meir spennande enn eg hadde tenkt meg... Vi fekk brått besøk av ein bil i hagen! Jaja, i alle fall i skråninga ned til vår parkeringsplass. Det er ikkje veldig bratt, og det er ikkje langt ned, men bilen hadde ikkje bakkekontakt på bakhjula:)
Vi hadde ei hyggelig stund saman med dei uheldige bileigarane. Vi kjenner dei frå før, eg syng i kor saman med mannen og dei er i omgangskretsen til foreldra mine. Så skal eg ikkje avsløre meir om kven dei var!
Dei skulle berre rygge ut frå nabohuset, fordi det der ikkje var plass til å snu i kveld. Det er eit stykke å rygge dersom du ikkje vil snu utanfor vårt hus. Så mannen la over etter å ha passert garasja vår. Dessverre var det ikkje veg der. Min kjære fekk bygge opp under det eine hjulet, og låne ein bil på rett side av havaristen. Det hadde nok ikkje gått an å rygge vidare ned på plassen til oss.
Eg syns det var litt morsomt med bloggmat;) Og det gjekk bra med plantene i skråninga.
Elles har eg strikka eit par huer.
No er eg i ferd med å strikke opp Topp te tå-garnet mitt. Fort gjort!
Eg veit ikkje kven som skal bruke desse enno, men eg trur at eg må leite etter eit litt stort hovud til den med fleirfarga striper.

fredag 19. september 2008
Lenge sidan sist!
Eg er her enno:) Det har vore ei travel veke på mange måtar, men no er det på tide å oppdatere litt igjen. I det siste har eg strikka lite, enkelte dagar ingenting. Men eg har gjort mykje anna! I dag kom eg på at det er behov for kake til 2 årsbursdagsselskap om nokre veker. Glutenfri bløtkakebotn er ein fin ting, så kan svigerfar også få smake! I dag laga eg to, og så har eg fylt dei med vaniljekrem og jordbærkrem. No ligg 1,5 kake i frysaren, og så tek eg opp kake og har krem på utsida når behovet melder seg. Slik vert dei saftige og gode, og det har ingen effekt på smaken at dei har vore i frysaren.
Så vart eg inspirert til å rydde litt, og i dag var det leikene som fekk gjennomgå. Jentene har litt leiker i stova, og i dag rydda eg med hard hand, og kasta ein del. Håper dei ikkje oppdagar det!
Tidlegare i veka kom prinsessa med bøn i blikket og eit nydelig smil: "Kan vi bake bollar? Eg har lyst til at vi skal gjere noko sammen."
Går det an å seie nei til slikt? Så då vart det bollar. Minstemor er også ivrig, men mest på å ete deig. Deiga er betre enn dei ferdige bollane... Og prinsessa lagar alltid bittesmå bollar og andre kreative ting.
Min kjære farfar har ein bror i Stryn, som tydeligvis har meir enn nok plommer. Farfar har ei kasse med plommer på benken, og deler ut med raus hand. Så i kveld fiksa eg nokre glas med hermetiske plommer, så kan vi ha plommer til jul:)
Ute er det litt haustleg. Det får vi tåle, det er langt uti september! Men det er framleis små lyspunkt ute. Og nokre tydelege haustteikn....
Dette skal visst bli kake. Eller suppe. Bra at jenta ikkje tør å smake!!
Her er det derimot lov å smake! Og månedsjordbæra blomstrar enno! Det er vel ganske imponerende, eller?
Eg er så fornøgd med blomster som klarer å styre seg sjølv, og som i tillegg er vakre. Desse har stort sett vore fulle av blomster heile sommaren. Eg skal ha fleire slike!
Rosene er ikkje fulle av blomster, dei klarer seg med å levere ein eller to roser om gongen. Men jammen er dei vakre når dei står der!
Elles har eg falt for ein fristelse igjen.... Det måtte berre bli ein orkide. Den eine eg har hatt, står no på soveromet og har vinterferie.
Denne har stått ute og sett på gjestane i heile sommar, og er nesten like fin. Det skuldast ikkje at eg har grøne fingrar, men eg er takknemlig!

torsdag 21. august 2008
Hageliv
Dette er den siste rosebuska i hagen min. Den er lita og søt, men eg reknar med at den vert litt større etterkvart! La Paloma er namnet, og rosene er til å ete opp:)
Denne var eg i ferd med å grave opp i vår, men eg tok til fornuften og venta litt til. Det var kanskje lurt, for den var ikkje så død som eg trudde! Den kvite rosebuska skulle eigentleg erstatte denne, men no får dei leve i fred og fordrageligheit saman.
Etter barnehagen er jentene raske ut i hagen, enten her eller hos mormor i nabohagen. Det er så godt med frukt og bær! No er sesongen snart over for bæra, men plommene er så vidt på veg. Og det er vel nesten det beste vi veit:)
Og i nabohagen, altså hos mi mor, er det mange nydelige roser. Denne står og viser seg fram ved sandkassa, og ville absolutt vere med i bloggen min. Kven kan motstå eit slikt ynskje?
Abonner på:
Innlegg (Atom)