Viser innlegg med etiketten hakking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hakking. Vis alle innlegg

søndag 3. august 2008

Hekla nett og lue

Her er vi igjen!
Eg hekla desse forrige veke, men har ikkje fått somla meg til å feste trådar før i går kveld. I dag låg lua og veska framme, klare til fotografering. Og så kjem ein fotomodell og melder seg svært frivillig;) Ho måtte ha veske ho også, sjølvsagt!

Veska er ein kombinasjon av fleire teknikkar: Botnen er hakka, for då vert alt så stødig og stabilt. Så hekla eg opp på sidene, med luftmasker og fastmasker.
Dessverre gjekk eg tomt for Tuva garn, så då eg fann ein butikk med garn, måtte eg sjå etter noko som kunne brukast. Eg plukka med meg to nøster Idena Bamboo, og har jo brukt dei. Men eg er ikkje veldig begeistra for garnet. Det er mjukt og godt, men ekkelt å hekle med. Og enda verre var det å feste trådane.

Kombinasjonen brunt og blått er ikkje så dum:)


Neste søndag skal vi vere vertskap på eit matutsalg ved enden av eit vatn her:) Då må vi stille med 6-7 kaker pluss eit fat med sveler. I går laga eg to av dei, dvs eg laga fire, så eg har to sjølv... Nøttebotn med pærer og krem på, det er enkelt og snaddergodt. Og suksessterte er nesten det beste eg veit. Mandelbotn med smør/eggekrem på toppen, nam!!

Den eine av desse vert donert til kafegjestane, den andre skal eg ha i reserve sjølv! Det beste er at begge dei to typene er glutenfrie! Då kan svigerfar få kake neste gong han kjem;)

lørdag 5. juli 2008

Hakking og hekling:)


Eg har hatt heklekroken i handa ein god del den siste tida... No har eg også hakka, rett nok med heklekrok;)

Det er ikkje avanserte greier, men eg har kosa meg i 27-28 graders varme, og då passar det godt å ha med eit nøste og ein heklekrok ut. Så no har eg laga to klutar, trur eg. Eg må prøve om det går bra å bruke den hakka greia som klut. Det vert veldig tett med hakking.

Garnet er Sandnes sin Mandarin Fiesta, og eg har brukt heklekrok nr 5.