Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

mandag 9. april 2012

Påska 2012 i bilete

Vips er påska fryktelig nær slutt... Det er rart med slike feriedagar, sjølv om ein har mange, er det altfor få;) Neida, det er ok å kome tilbake til kvardagen også, men eg trur det blir slitsomt å få opp både meg og jentene i morgon tidleg! No har vi kosa oss heime i heile påska, med små turar hit og dit, og mykje leik og kos utover kveldane. Då er det vanskeleg å snu, sånn heilt utan vidare. Kva har vi gjort i ferien?

Eg tok ikkje bilete av dei fyrste kveldane i påskeferien, då spela vi Dominion fleire gongar ilag med systra mi og den komande ektemannen:) Eg hadde lyst til å skrive "brettspelet Dominion", men det er ikkje heilt rett. Kortspel på bordet, kanskje?

Musikanten min kom heim og hadde lyst til å lage middag til resten av oss! Hurra, sa eg, og vi handla inn nødvendige ingrediensar til mozzarellafylt kylling, pakka inn i baconskiver, med potetbåtar og salat. Til og med salaten var ny for meg: Paprika, avocado og cashewnøtter. Enkelt, og nydeleg godt!

Eg hadde ikkje med kamera i badeland heller, så de får berre tru meg når eg seier at det var rett godt å få bade skjærtorsdag, sjøl om det var mange andre som også hadde tenkt det samme....

Langfredag tok vi turen til Bondalseidet. Minstemor og eg tok stolheis for fyrste gong. Vi overlevde;) På toppen gjekk vi ein tur på langrennski medan dei fleste andre i flokken sto på slalomski. Vi rakk også ein matpause før vi to tok stolheisa ned att:) Dei andre brukte skiene på veg ned, men så langt strekk ikkje minstemor sine skiferdigheiter....
I dag avslutta vi ferien med ein tur til Flø. Om du ikkje har vore på desse kantar, er det på tide:) Og er du på Sunnmøre, er det svært fint med ein tur til Flø, enten i sommarsol eller i storm og styggever. Der er naturen nær, storhavet er rett utanfor! Og du kan finne Moods of Norway sin kule butikk, og eit skikkeleg ambisiøst kunstgalleri. Jentene digga den rosa traktoren til Moods, og vi lurer no på om vi skal male den gamle raude traktoren her på garden rooosa:)

tirsdag 28. februar 2012

Barnebursdag:)


Prinsessa i huset har fylt 9 år! Det måtte sjølvsagt feirast, i fleire omgongar. Til barneselskapet inviterte vi alle jentene i klassa, og nokre få i tillegg. Det vart ein livleg gjeng:) Det var veldig morsomt og litt slitsomt...

I slike samanhengar er det ikkje vits i å stille med bløtkake. Her er det muffins som er tingen, og så sjokoladekake, sjølvsagt. I år laga vi cupcakes med blåbær i. Det vart godt! Jubilanten sjølv var sjef for dekoren. Nydeleg:)


mandag 24. oktober 2011

Knekkebrød med noko attåt


Eg har laga ein del knekkebrød, men jentene mine likar kjøpte knekkebrød betre, særleg Havre. Dermed har eg hatt ein jamn sirkulasjon av knekkebrød i kjøkenskapet.

Overraskinga var stor då eg oppdaga at eg hadde fått meir enn eg hadde betalt for....

For nokre veker sidan skulle eg servere knekkebrød med smør til minstemor. Eg såg at det var noko rusk på eine hjørnet, men tenkte ikkje over det med det same. Då eg skulle legge knekkebrødet på fatet, såg eg at det var noko som bevega seg der! Det var ein larve, og den andre kom rett bak! To brune, tynne, centimeterlange larvar, på eit knekkebrød eg skulle til å servere. Eg treng vel ikkje å forklare kvifor eg kasta alt i søpla med det same...

Men eg rakk å sjå at det var ein spindelvevklase mellom eit par knekkebrød i pakken, og der såg eg noko eg trur kan vere ein puppe.

Vi et så mykje knekkebrød at dei aldri blir gamle her, og dette var ein nesten nyopna pakke. Eg sende difor mail til Wasa, for å fortelle om kva eg fann.

Etter eit par dagar fekk eg svar, og dei beklaga hendelsen utan å ta noko ansvar. Det kan ikkje vere hos dei problemet ligg, seier dei. Jaja, det er ikkje hos meg heller... Som plaster på såret, lova dei å sende ein pakke med litt forskjellig.

No fekk eg ein hyggeleg pakke med fleire pakkar knekkebrød, og ei boks til å oppbevare knekkebrød i. Det har eg frå før, men eg kan godt ha plass til fleire:)

søndag 21. august 2011

Skogens gull:)

Eg er så heldig at eg har ein svoger som har fått dilla på soppturar:) I dag vart vi med, og gjett om det vart storfangst! Vi var jo mange hender som plukka, men minstemor var vel ikkje heilt å stole på. Eg plukka ut att eit par som heilt garantert hadde gitt oss mageproblem, og kanskje meir på kjøpet....
På førehand sa eg at korga mi var altfor stor.... Men det vart nesten fullt! Svoger T og systra mi hadde like mykje med seg heim:) Eg har aldri før plukka sopp på skikkeleg, men dette kjem eg til å prøve igjen! Men det tek ganske mykje tid å rense og forvelle så store mengder kantarell.... Veret var fint då vi gjekk, men det regna skikkeleg på slutten. Neste gong skal det vere godt ver heile tida, og vi skal rense meir undervegs. Trur eg.Det eg har på bordet, er berre vel halvparten! Korga er framleis ikkje tom på dette biletet.

Kveldsmaten i dag vart brød med smør og steikt kantarell. Nydeleg!!

onsdag 27. juli 2011

Glimt frå Tyrkia:)

Eg kunne sjølvsagt ha lagt ut 200 bilete frå ferien i Tyrkia. Men eg skal spare deg for så store mengder informasjon:)
Eg kan likevel nemne at vi i år leigde bil ein dag, og køyrde til Dim-elva, der vi åt lunsj, faktisk på elva. Dei har bygd opp restaurantar langs elvekanten, og gjestane sit i båsar ute i elva. Vi sit tørt, på puter rundt lave bord, men det er fort gjort å vasse ein tur i det kalde elvevatnet om ein ynskjer det. Det var for kaldt til at eg ville ha bada der!
Etter lunsjen besøkte vi Dim-grotta. Den er stor! 350 meter innover i fjellet, og eit flott skue med dryppsteinsformasjonar. Elles er tyrkisk mat noko av det eg gler meg til kvar gong eg skal til Tyrkia. Sjå den søte gamle dama som står og steiker pannekaketynne brød ved vegkanten. Ho gliste stort til alle, med fire tenner, og hadde lært seg å seie CHEESE til fotografen:)
Ved bassenget veks bananpalmer, men bananane var knallgrøne no...

fredag 22. april 2011

Appelsinpåske, appelsinkake:)


Min kjære har kjøpt seg i-pad, og då vert det brått meir tid til å site og lese vg. Der var det ei oppskrift på ei appelsinkake som frista. Så etter at han hadde snakka om den kaka i nokre dagar, måtte eg prøve;) Kaka vart god, og smakar passe av appelsin. Oppskrifta får du tak i her: www.vg.no/mat-og-drikke

mandag 28. mars 2011

Bacalao!


Eg er ingen mesterkokk. Langt ifra, faktisk.
Men jammen klarer eg å lage bacalao:) Og jammen vart det godt! Sjølv om det berre er dei vaksne i huset som er einige med meg i det... Jentene syns det var betre med nybaka loff med smør og rørt jordbærsylte på. Det er jo også godt, eg skal innrømme det.

Men jammen er det snadder med mat som smakar godt utan å kreve timevis på kjøkenet fyrst!
Biletet er teke i starten av kokeprosessen, det såg meir "ruskete" ut etterkvart...

mandag 28. februar 2011

Oppdatert knekkebrødoppskrift

Eg har tidlegare blogga om desse knekkebrøda, både ein og to gongar. Men etter at eg la ut oppskrifta har eg gjort nokre små justeringar. Og då ei svigerinne som nyleg feira 40 årsdag (hurra!!) ville ha oppskrifta, fann eg ut at det kanskje var like greitt å legge den ut på bloggen igjen.

3,5 dl sammalt rug
3,5 dl havregryn
1,5 dl sesamfrø
2 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl kli
1,5 dl graskarkjerner
1 ts salt
7 dl vatn

(Ein kan sjølvsagt gjere endringar i mengdene, og det er ca like godt med valnøtter i staden for graskarkjerner. Men eg har brukt salte graskarkjerner, og det vart snadder! Eg har også teke vekk 1 ts honning, om du syns det er godt med litt søtt, er det kjekt å teste!)

Eg heller alt i ein stor bolle og rører saman.

Fordel deigen utover 3 steikebrett, på bakepapir. Slikkepotten er grei å fordele røra med.
Set i omnen på varmluft 160 grader, 10 minutt.
Skjer knekkebrøda i passe størrelse. Bruk eit pizzahjul.
Set tilbake i omnen og steik vidare.

NB: I originaloppskrifta er deiga fordelt på to brett, ikkje tre. Men eg likar knekkebrøda best når dei er tynne, så difor vart det tre brett her. Og då steiker eg like godt alle tre bretta samtidig.
Varmluft og 160 grader er supert, men eg byttar plass på bretta to gongar. Fyrst steiker eg dei i 20 minutt, og så flyttar eg nederste brett til toppen og dei andre eit hakk ned. Steik vidare i 20 nye minutt, flytt på samme måte. Steik i 20 minutt til.

På denne måten blir alle knekkebrøda vanligvis godt steikte. Men om det skulle vere nokre som er litt mjuke under, legg eg dei på rist i omnen ei stund på ettervarmen.

Det aller beste er slike knekkebrød med smør og kvitost:) Mmmmmmm!

søndag 20. februar 2011

Helg!

Her er eg:)

Det har vore stilt nokre dagar, men no har eg ei roleg stund, tidleg ein søndag morgon. Prinsessa er sendt ut dørene, ho er på veg til fotballturnering og fekk bli med foreldra til ei venninne. Eg syns det er litt dårleg gjort å legge opp til fotballkamp så tidleg på ein søndag at vi må stå opp som om det var mandag. Det er godt at vi har fotballvenninner som kan dele på transporten....

Prinsessa hadde overnattingsbesøk fredag til laurdag, og det var stor lykke. Jentene kosa seg både inne og ute heile fredag ettermiddag og kveld, det var ikkje mange dødpunkt! Eg var overraska over at dei faktisk la seg til å sove like etter kl. 22, det gjekk lettare enn eg hadde lov til å vente;)

Men så vart eg vekt av at Prinsessa mi lista seg inn for å seie at venninna kasta opp... Det burde ikkje vere ei stor overrasking etter at nesten alle i klassa har hatt sin omgang av svineriet. Ulempa var at venninna ikkje var heime hos mamma, og når ein er sjuk, er det den einaste plassen ein har lyst til å vere. Heldigvis var det enno "tidleg natt", så eg kontakta mora og sende pasienten heim kl. 01.00.

Gårsdagen vart dominert av klesvask;) Jentene hadde nemleg plassert seg over kvarandre i familiekøya til Prinsessa, og pasienten kasta opp i senga si, og som ein naturleg refleks lena ho seg nok ut over sengekanten. Der brukar pasientar å finne ei bøtte å levere varene i. Denne pasienten hadde ikkje bøtte, så varene vart fordelte godt i to senger, på to puter, to dyner, to madrasser, eit teppe og nokre kosebamsar....

Men no er det bra å vaska dyner og puter av og til, så det har vi fått gjort. Jammen godt at eg har ny vaskemaskin, som tek 8 kg.

Elles har eg starta planlegginga av bursdagsfeiringar neste helg. I går laga eg to kaker, nydeleg bringebærmousse på nøttebotn. Oppskrifta fann eg på VG sine matsider. Denne smakar rett og slett bringebær;) Litt kjedeleg å skulle jobbe pureen gjennom ei sikt for å fjerne steinane, det tok lang tid. Men resultatet er verdt det.
Biletet har eg lånt frå VG. Og så må eg innrømme at eg juksa med geleen på toppen, den ser ikkje så kul ut på mi kake. Der er det bringebærgele frå pakke...
Eg burde teke bilete av mi kake, men den er i frysaren, framleis med kakeform på sidene...


onsdag 26. januar 2011

Sånn flaks med augebetennelse....

I dag vakna minstemor med augebetennelse. Skikkeleg kjedeleg, samanklistra og raud. Vi fekk vaska vekk det verste, og så fekk ho bli med mamma på jobb nokre timar. Legen skreiv ut resept, og augedropar er på plass, så i morgon er det kanskje mykje betre. Men kvar kjem flaksen inn?

Jau, eg hadde ein tannlegetime rett etter jobb i dag, og ville ikkje ta med minstemor som har tannlegeskrekk frå før... Eg visste at eg skulle bore, for eg måtte reparere ei tann som hadde mista ein bit. Framleis ikkje teikn til flaks, seier du? Jaja, tanna vart bra, men kontoen vart kvitt 1060 kroner. Ikkje akkurat flaks...

Men det blir betre:
Svigerforeldra mine er heldigvis av og til ledige på markedet, og dei kom og tok over ansvaret for minstemor kl 12. Det resulterte i svigermors nydelege potetball til middag! Flaks:)
 
Prinsessa fekk lurt med farfaren på å spele spel også:)
 




Posted by Picasa

søndag 23. januar 2011

Fest og gaman

Sidan sist har mannen min blitt ein aldrande mann. Eg ertar han med at han no er i ein HEILT annan kategori enn meg, for han er mellom 40 og 50, eg er framleis mellom 30 og 40.
Den store dagen var onsdag, då hadde vi ei kake i bakhand til gjestar som kunne finne på å stikke innom. Smart trekk på 40-årsdagar, trur eg;)

Sidan laurdag er ein betre dag for selskapeligheiter, inviterte vi familien til feiring i går. I tillegg fylte pappaen min 68 år i går, så vi feira han også litt samtidig! Det var ein fin dag å vere inne på, og vi hadde bestilt tapas frå Hareid Hotell. Absolutt godkjent:) Vi fekk god mat, i rikelege mengder. No supplerte eg med gryterett og pølse med brød for å sikre at både dei eldste og dei yngste skulle få noko dei ville like. Alle var vel fornøgde!

Eg kunne kanskje klart å lage mesteparten av desse rettane sjølv. Det hadde krevd intens leiting etter oppskrifter og ingrediensar. Resultatet hadde ikkje blitt så bra, og eg hadde vore superstressa i lang tid. Så dette var ei god løysing!

I dag har vi hatt tapasrestar både til frukost og middag. Ikkje dumt:)

Så då spørs det kva eg skal finne på når det er min tur å bli 40. Det er heldigvis 4 mnd igjen til det....

søndag 16. januar 2011

Langvarig kjærleik

Forelskinga frå fredag har vidareutvikla seg. No har vi gått eit steg vidare, det knø-frie brødet og eg. I går laga eg deiga med kli, og i dag har eg kosa meg med kveldsmaten... Grovbrød med Blå Selbu, det er snadder:)

Oppskrifta fann eg på bloggen Mat på bordet, link i forrige innlegg.
No brukte eg 40 gram kli, 460 gram kveitemjøl, og så 4,5 dl vatn, 1/4 ts tørrgjær, 1,5 ts salt.
Rett og slett godt brød.
Skorpa vart ikkje fullt så sprø som det fine brødet, men veldig god likevel.

Elles har eg enno ikkje kjøpt broddar, og eg angrar. I dag var eg lur, og gjekk til garasjen med tova tøfler utanpå skorne. Då var ikkje den speilblanke isen noko problem:)
Kanskje må eg gå til barnehagen og jobben i morgon, fordi bilen ikkje klarer å kome seg opp til vegen. Då blir det nok med tøflebroddar på;) Kanskje nokon syns det ser ørlite rart ut???? Jaja....

fredag 14. januar 2011

Eg er forelska!


Det går ein farsott i bloggverda for tida. Mange av oss har blitt frista av bloggen Mat på bordet som kan vise oppskrift og endatil video av verdas enklaste og beste brød. Knø-frie brød. Eller no-knead-bread, om du heller vil ha det på utanlandsk.

Ja, det tek litt tid å vente på hevinga frå ein kveld til den neste. Men det er veldig verdt det, syns eg. Loff med skikkeleg sprø skorpe, og den er mjuk, luftig og saftig inni.

Eg har vore borti deig som skal heve lenge før, men ikkje så lenge som dette. Og så er det stor forskjell på steikinga. Her skal deiga veltast over i ei ferdig oppvarma gryte, og så settast inn i omnen på 250 grader. Aldri før har eg baka brød i gryte med lok. Men det kjem til å skje igjen:)

søndag 9. januar 2011

Å gje etter for freistingar

Eg er lett å friste. Det gjeld nok særleg for sjokolade, kjeks, potetgull, peanøtter, søte saker av alle slag... Men i kveld fekk eg lyst på knekkebrød.

Så då måtte eg lage grove knekkebrød, for det var det eg hadde lyst på:)

Den beste kvitosten i verda må vere "juleosten" Edamer, og det beste smøret er heilt sikkert Bremykt. Med nysteikte knekkebrød med smør og kvitost er livet lett.

Oppskrifta har eg lagt ut tidlegare: Her kan du finne den. Men no har eg bytta ut valnøtter med graskarkjerner, det er enda betre. Og den fyrste gongen eg laga knekkebrøda brukte eg kjøkenmaskin. Det gjer eg ikkje lenger, eg berre rører lett saman.

onsdag 8. desember 2010

Når en pepperkakebaker baker pepperbakekaker

Jepp, i dag var det pepperkakebaking på gang:) Jentene fekk former og minikjevle i kalendaren, og det måtte jo testast... Dei var kjempeflinke, og veldig ivrige!
Oppskrifta er kjempegod, eg trur det er Morten Schakenda si oppskrift. Eg klipte den ut frå ei avis for eit år eller to sidan. Kok opp sirup, sukker og smør- det liknar veldig på starten på karamellkoking, ikkje sant? Det smakar karamell av pepperkakene også:)
I gamle dagar, då eg var lita, hadde vi nokre standard former. No finn eg stadig nye, spennende former. Vi har kaniner, hund, bamse, baby, elefant.... Og ein haug til:)
Nam!!!

Og no kjem det store spørsmålet. Jentene har kosa seg med melis og nonstop. Men mora kom ikkje på at melisglasuren burde blandast ut med eggekvite, så her vart det vatn i staden. Tabbe... Dei sprø pepperkakene blir sikkert mjuke fordi melisglasuren aldri tørkar... Jaja, det kan jo hende at det fungerer. Dei får ligge leeeenge til tørking!




torsdag 18. november 2010

Glutenfrie kjeks!

Passion4baking er ein blogg eg har nemnt før. Og det er mykje fristande å finne der!

Eg falt for denne oppskrifta på glutenfrie kjeks med valnøtter, sjokolade og tranebær. Sidan svigerfar har cøliaki er det greitt å utvide repertoaret ein smule av og til. Det må bli kjedeleg når eg berre har nokre få kaker å variere mellom, så no har eg testa og godkjent denne oppskrifta. Kjeksa er gode, med store bitar av valnøtter, sjokolade og tørka tranebær.
Svigerfar har fått ei boks, og nokre vart igjen her i heimen. Eg har prøvesmakt ganske mange gongar, og framleis meiner eg at desse er gode....

torsdag 11. november 2010

Bananbollar:)


Eg har laga noko heilt nytt - for meg, i alle fall.

På kjøkenbenken min låg tre brunflekkete bananar, og dei blir ikkje etne her i huset. Vi vil ha bananane faste og gule, mine skal helst vere gulgrøne i endane...

Så kva gjer ein når bananar har gått ut på dato (vår dato, ikkje bananen sin)? Jau, då går ein i gang med å lage noko som dei kan puttast i. Mange har snakka varmt om banankake, men eg hadde høyrt nokon snakke om bananbollar. Så eg tok tak i Det søte liv og fann ei oppskrift på bananbollar. Den kan du også finne, dersom du klikkar her!
Bollane smakar litt banan, men ikkje for mykje. No fulgte eg oppskrifta slavisk, for det er viktig når ein skal teste noko nytt:) Det går an å blande ein banan i deigen i staden for to, eg ville ikkje prøvd med tre.

Men eg må fortelle kva som skjedde då eg hadde starta bakinga. Gjær, mjøl, smelta smør, rosiner og kardemomme var blanda lett saman. Og så snudde eg meg for å ta bananane på benken. Og så vart eg litt usikker. For bananane var borte! Medan eg var saman med minstemor på barneturn, hadde gubben rydda! Brune bananar er det ingen som vil ha, så då kastar vi dei.....

Eg ville absolutt teste denne oppskrifta, så her vart det to nye og gule bananar i deigen;)

søndag 7. november 2010

Tapas!

Eg har imponert meg sjølv, og eg sørga for å invitere ei syster og ein svoger så dei kunne bli litt imponert også;)
 

Dette har eg aldri gjort før, men eg fekk så lyst til å prøve å lage desse supersalte småpotetene, og då måtte eg prøve litt anna i tillegg.

Det vart spekeskinke, marinert scampi, salat, loff, kyllingbitar, oliven, og saltkokte minipoteter. Faktisk vart det godt;) Og i dag hadde vi restar frå gårsdagen til middag. Enkelt og godt!

Vart du nysgjerrig på desse minipotetene? Eg kjøpte Amandine-poteter, for dei er små nok. Og så kokte eg dei som vanleg, med unntak av at det var like mykje grovsalt som vatn i gryta. Etter koking, helte eg vatnet av og lot potene dampe av litt restfuktigheit. Og då vart dei kvite av alt saltet! Og veldig gode, syns eg:)

Det går an å ete dei både kalde og varme.

Posted by Picasa

tirsdag 19. oktober 2010

God tid til ei-hands-surfing...

Som eg sa i forrige innlegg er handa mi litt ute av lage i dag. Strikking har eg ikkje testa, men eg klarer å surfe. Og skrive litt, stort sett med ei hand... Kanskje er mange av lesarane her alt ivrige gjestar på passion4baking, men om du no ikkje har vore der før, er det kanskje verdt eit lite besøk?