Eg har hatt ein flott dag saman med familien på julafta i år:) Svoger og svigerinne var på besøk og delte middagen hos oss, og det var koseleg med litt fleire gjestar. Men eg er for så vidt fornøgd med antalet som skal pakke opp gåver og ha eit snev av kontroll over gjevar og mottakar... Det er ikkje lett å ha styringa heile tida! Gullungen syns det var stas å hjelpe med å både leite opp pakkar og gjerne opne dei;)
Her er nokre glimt frå julestemninga i heimen.
Musikanten spelte under gudstenestene i dag, og vi var der sjølvsagt og fekk med oss litt ekstra julestemning. Eg trur det var rekordkaldt i dag, utanfor kyrkja var det 14 kalde grader. Det var godt å kome heim til vedomnen igjen:)
Elles har eg strikka ei lue til. Denne er strikka av ein tråd pt5 og ein tråd KidSilk. Eg anar ikkje kven denne kan vere til, den er ganske stor. Eg er ikkje heilt roooosa, så det må bli nokon andre som tek ansvaret for denne.
Viser innlegg med etiketten luegalskap. Vis alle innlegg

lørdag 25. desember 2010
mandag 20. desember 2010
Ei lue til;)
No er nr 10 på 10 veker ferdig:)
Eg ser at det blir fleire, for eg har ei på pinnane no, samtidig som ein kollega la inn ei bestilling på ei i dag... Denne sukkersøte rosa er faktisk ikkje til ei av jentene mine, men til ei vaksen dame som likar fargar. Eg sende denne og den grøne frå tidlegare i desember heim med barnehagejenta hennar i dag, og etter litt prøving enda ho med å kjøpe denne rosa. Og så kom det tikkande ei melding til: "Eg tek den grøne også." Den skulle vere ei gåve:)
Også i dag fekk eg pakke i adventskalendaren, og i dag fekk eg pynt som kan brukast på pakkar, og tre småsjokoladar. Pynten enda på kjøleskapsdøra, for det syns Gullungen var ein fin plass. Passar veldig godt der, eg må innrømme det!
Elles er det no ein dag igjen på jobb før eg kan ta juleferie. Eg kryssar fingrar og tær i eit håp om at vi ikkje skal bli sjuke. Høyr på dette: I dag var eg vikar for 2b. Der er det vanlegvis 18 elevar. I dag hadde vi 7 (sju, ja) elevar. 2a hadde 10 av 17. Det var i desse klassene det var verst, men eg trur at det må ha vore godt over 50 elevar borte frå skulen i dag, noko som inneber minst 25% fråvere. På ein naboskule var det ca 50% fråvere i dag.
Eg høyrer snakk om oppkast og feber, og VIL IKKJE ha denslags i hus. Prinsessa mi var ei av 10 elevar som var på plass i 2a. Hjelp meg med å krysse fingrane!!

mandag 6. desember 2010
Søtgrøtdag:)
Ser du ikkje på Jul på Månetoppen? I så fall går du glipp av litt av det beste med adventstida... Ikkje fordi akkurat denne serien er den beste som nokon gong er produsert, men fordi det er noko med konseptet adventskalender som høyrer med i tida før jul;)I dag er det altså søtgrøtdagen.
Det er like morsomt kvar dag, å leite etter rett pakke, og glede seg til å opne den. I dag fann eg den søtaste refleksen eg har sett! Denne skal eg ha på jakka mi, og så degraderer eg den refleksen eg har der frå før;)
Elles har eg strikka ei lue. Til.
Denne er kanskje til ei dame eg kjenner, mor til ei av minstejenta sine perlevener. Ho skal få lov til å vurdere den, i alle fall;)
Lua er strikka av Finull og Plumet, og er kraftig moderert i forhold til oppskrifta i eit hefte frå Rauma... Meir moderert enn eg hadde tenkt, men eg strikka feil, og så gjekk eg berre vidare med å strikke feil. Det kan bli bra likevel!
Dette er forresten lue nr 9, og alt eg lova var 10 luer på 10 veker... Eg har berre brukt vel 5 veker på dei 9, så eg har goooood tid på den siste:)

søndag 5. desember 2010
2.søndag i advent med den nydelegaste julesongen som fins
Eg er så glad i denne: Deilig er jorden, her med Sissel Kyrkjebø.
Det er kjekt å ha sin eigen adventskalender, og eg vert stadig mållaus over dei flotte pakkane eg får! I går fekk eg ein eplepyjamas;) Eller noko slikt. For berre eit par dagar sidan, prøvde eg å forklare til ein kollega korleis dette skulle fungere. Eg har aldri prøvd å strikke ein slik, men no slepp eg;) Og dessuten fekk eg oppskrifta om eg skulle få lyst på fleire!
I dag fekk eg oppskrifta på ei kake med krydder, og sjølvsagt sender Briti med krydder også;) I tillegg til ei lita sølvbjelle som kanskje kan henge på treet, eller halde på plass eit bordkort.
Eg har strikka ei lue til. Bombe! Denne er strikka i Sterk, eit mjukt og varmt garn. To rett og to vrang. Enkelt og greitt. Kanskje til ein mann??

søndag 28. november 2010
No tenner vi det første lys
Det er plutselig fyrste søndag i advent:) Det er fint, eigentleg!
I går var eg på storshopping på Moa, og eg er ganske roleg i dag. Det var ein fin dag i går også, ikkje så mykje folk som eg hadde frykta, og eg fekk kjøpt mange julegåver. Flott å ha ein dag åleine slik, med liste over gåver som eg kunne sjekke av og til. Og det er ikkje dumt å ha pause med god mat heller. No er eg ikkje ferdig med alle gåvene, men jammen er det ikkje så mange att heller. Det kan vi like.
Det er beinkaldt i Noreg for tida, også her. Så vi måtte på Grimstadvatnet og gå på skøyter i dag også. Det var ein kald fornøyelse, men så lenge ein ikkje står stille er det jo kjekt. Kakao på termos er også ei god hjelp!
Når ein kjem inn att etter eit par timar ute i -10 er det godt å ha mykje ved;) Det er herleg å fyre så vi kjenner varmen spreie seg i kropp og sjel. Jentene reagerte heilt ulikt. Eldstejenta på 7 gjekk resten av dagen med strikka bukse, gensar og sokkar på seg, utanpå standard ullskjorte og ull-longs. Minstemor på 4 kasta alt utanom ull-longsen.... Barbeint og med bar overkropp, ho syns det var så deilig å vere varm utan masse klede.
Elles har eg strikka ei lue til, gitt! Nr 7 i rekka etter at eg starta luegalskapen...Dette er ei til med samme mønster som dei forrige, men denne er strikka av lilla Freestyle. Eg veit ikkje heilt kven som skal få denne. Lurer på å ta den med til ein kollega, kanskje ho treng ei lue?
onsdag 24. november 2010
Luegalskapen rullar vidare. Nr 6!
Denne er strikka på bestilling frå ein kollega. I morgon skal eg ta den med på jobb, og eg er spent på om den vart slik ho tenkte. Eg hadde med nokre strikka ting forrige veke, og ho likte ei lue eg hadde med. Den var berre litt for lita. Så no har eg strikka eit forsøk... Eigentleg lurer eg på om den er for stor, men ho skal få lov til å velge:) Kanskje burde eg strikke fleire av denne med ein gong, for det er ei flott lue!
Her er link til forrige gong eg strikka lua, med link vidare til oppskrifta;)
lørdag 20. november 2010
På kalde dagar treng ein varme!
Det har vore ein nydeleg dag i dag! Strålande sol, 4-5 minusgrader, snøen dekker akkurat bakken. Eg såg born og vaksne leike på isen på Grimstadvatnet i dag, kanskje må vi gå ein tur dit i morgon?
Minstemor har fått seg ny lue, strikka i Frøyagarn til Frøya. Oppskrift er oppskrytt. Eg strikka etter innfallsmetoden;)
Men på dette prosjektet brukte eg oppskrift:
Du kan finne oppskrifta her, hos Strikkespinn. Eg hadde ikkje Sulka, og brukte dobbel Alfa. Det vart nok ikkje på langt nær så mjukt som det kunne ha blitt. Men eg strikka den to gongar, og det hjelpte.... Fyrste gong brukte eg pinne 9, men det vart for fast. Så då rekte eg opp att og brukte pinne 12. Det er nokså nær kosteskaft!

søndag 14. november 2010
Luegalskap er ein fin ting. Her er nr 4!
Eg hadde visst ikkje brukt opp alt Eskimo-garnet mitt, så det vart ei lue til, gitt!
Også litt tilfeldig... Pinne nr 9, strikka fyrst eit "panneband" med fletter, og så sydde eg saman denne remsa. Plukka opp masker rundt kanten, og prøvde å få det til å bli ei lue;) Det gjekk visst bra!
Det hadde ikkje gjort noko om eg hadde hatt nok lys lilla til å fullføre lua i samme farge. Men no vart det tomt av den lyse, og eg hadde meir av den mørke. Så då skulle det faktisk vere slik. I alle fall reknar eg med det;)

mandag 8. november 2010
Luegalskap nr 3
Her er lue nr 3 klar:) Den er meint å vere litt stor, men eg har så stort hovud at den ikkje er så stor på meg....
Den er strikka etter innfallsmetoden, men den liknar alvorleg på ei eg har strikka før. Enkelt mønster, 3 rett og 3 vrang som forflyttar seg ei maske for kvar omgong.
Garnet er Smart, restar frå kjolen min!
lørdag 6. november 2010
Luegalskapen har starta:)
Luegalskap i moderert versjon er i gang. Men eg må vel innrømme at det ikkje er heilt umogleg å klare 10 luer på 10 veker dersom eg skal fortsette med Eskimo-garn og pinnar nr 8;)No kjem eg ikkje til å gjere det....
Men dei to fyrste som er ferdige er i alle fall strikka i Eskimo.
Eg har strikka begge etter hovudet, men den eine har basis i tychus som eg har strikka før.
Tychus-lua vart perfekt til jentene, men dei syns den andre passa best til mamma:) Eg trur det kan stemme at den passar best til eit større hovud, men ikkje mitt....
Eg må berre vise fram lykta mi utanfor døra. Det er litt vakkert med lys i mørket!
Det er godt at det er helg. Det har vore ei hektisk veke, med tillitsvaltarbeid over heile fjøla. Eg er hovudtilitsvalt i FO, og denne veka var det lokale lønsforhandlingar, representantskapsmøte i Molde, kombinert med førebuing til kongress. Og i tillegg eit kurs gjennom jobben, og alt det andre vanlege... Det er godt at ikkje alle veker skal ha så mykje "rart" på ein gong. Eg likar kvardagane ganske godt, kjenner eg.
Og akkurat no likar eg laurdagar veldig godt også.
Gubben har teke med seg Prinsessa på fotballturnering, og eg og minstemor skal kose oss heime. Litt shopping, litt husarbeid, litt kos og matlaging:)
Ha ein fin laurdag!!

søndag 31. oktober 2010
Luegalskap.... ?
Eg er lett å friste av og til!
Det er nokre damer som har blitt frista før meg, og utgangspunktet kjem frå ravelry.com:) Men eg er ikkje klar til å love det samme som dei galnaste. Dei har nemlig tenkt å strikke 52 luer på 52 veker. Og det er eg ikkje sikker på om eg maktar...
Men om eg no går for 10 luer på 10 veker, så kan eg heller utvide om eg ser at det er morsomt enno... Fryktelig god plan:)

Abonner på:
Innlegg (Atom)