No er eg altso nesten lei heile julebaksten:-)
Fridag og starta heilt fint,med lang og sein frukost
Tur i frisk luft og kjende at eg hadde litt overskudd
Eg tenkte litt:-)
Ein kikk i kjøleskapet gjorde at eg fann ut at der var eindel mjølk som nok burde brukast
Brød er godt så var ikkje så langt frå tanke til handling
Mens eg var i sving kom eg på at julebrøda på basaren var veldig gode
Aldri baka ,men vipps hadde eg laga deig:-)
Hadde det endå stoppa med det
Men neidå
Er eit stadig mas om kjeks.Kromkaker er serdeles populert sjølv om mine aldri har vore verken flotte eller tynne
Smaker gjer dei,men formelen for sprø,syltynne kromkaker har eg aldri funne
Der var den deigen laga
Riflekjeks,tenkte gamla.Det må eg ha
Der kom den deigen på gang
Berre det at alle desse deigane skal og gjerast ferdige
Det har tatt dagen og vel så det
Må nok lage ein posjon til skal eg dele
Desse har eg smakt mange av og var nett som dei brukar:-)
Ser ikkje så verst ut dette julebrødet
Utanpå altså..Om det smakar eller er skikkeg stekt,aner eg ikkje
Dei vanlege brøda ser ut som dei har influensa:-)
Men stekte er dei og mat er mat:-)
No er eg dritlei og skal verte nokre dagar før eg baker meir:-)
Kjekkast nett før jul syns eg
og i passelege mengder
Har no brød ei stund:-)
Har att å få elendigheita i frysen:-)
Ha ein super kveld
Du har vært utrolig flink!! Riflekjeks minner meg om grandtantene mine. Lenge siden jeg har bakt det.
Riflekjeks er vorten ein tradisjon hos meg og mine:-)
wow her har du gjort ein god jobb altså! Så mykje bakst – og så godt det ser ut alt saman 🙂 Kjekt å ha!
Ja godt var det sjølv om det ikkje heilt var topp