Gjesp Slit litt med å snu døgnet etter nattevakter,men er no oppe Godt inntulla i teppet mitt,med kaffikoppen i handa og kvalifisering til ol på tv Får slik haustfølelse
Småkaldt,men ser sola prøver å overta og varme opp kloden Det trengst
Stille på fjorden og høyrer båttrafikk.Antar dei vil fiske og ikkje bade:-)Men er kanskje ikkje alle som er slike pyser som meg
Prøvde meg på boller igår eg Altso,utseende er ikkje som det skal,men smaken var faktisk slett ikkje verst Så får gå Har ikkje baka med vaniljekrem før så ser det er forbedringspotensiale:-) Litt greit å ha noko godt til kaffien når ein ikkje berre kan stikke på bakeriet:-) Trur eg skal ha meg ei heilt stille og roleg heimehelg Ha ein super laurdag
Ut i friluft har utfordring i helga Ho lurer blandt anna på
Strand eller fjell? Litt vanskelig igrunnen for likar meg på dei låge fjella men og med sjøen
Men må nok velge sjøen,for eg er nesten avhengig av å sjå den for å føle meg heil
Morgen eller kveld? Syns soloppgangane er berre heilt nydelige her hos meg Men eg er og blir eit B-menneske,så må nok sei kvelden
Bil eller båt?
Syns det ser så koselig ut med båt og det å reise på småturar rundt i området.men eg er redd på sjøen eg.Er liksom ikkje så koseleg som det ser ut når eg står på land,så det vert nok bil,sjølv om eg ikkje er så glad i å køyre bil heller…Men eg gjer no det i det minste:-)
Idag kjem eg meg ikkje ut av sofaen Som limt fast Regner ikkje lenger men kjem nok meir
Fekk benk til bursdagen laga av den gamle altanen min Laga av mellomste Brukte benk laga av oldefaren som mal Dei har det ikkje etter meg for å sei det slik Tre kreative ungar er kjekt å ha🎶
Eg skulle berre beise på balkongen Ser ut som det har vore sjøslag Skuldar på beistypen Kan umulig vere berre meg😊 Hadde planer om å bake men trur det vert med planen Kanskje eg heller bør finne fram moppen og dra over golvet Må berre finne startknappen Håper det går bra med paret som er på Store Skagastøltind våte og uten mat Fjellet er lunefullt OL for døra Hærverk på toglinjene Kva vert det neste
Nei…Her må eg få fart på viljen Venter på sol Idag trur eg at eg finn unnskyldning for det meste Viktig å ha noko å skulde på når det går på reva:-)
Kjære vener kor det regna på veg heim frå nattevakt Vegen opp til huset er èin bekk Ingolf møtte meg ute med ganske så mykje på hjartet Vel hadde han sove under tak men ute er ute Sånn er det når èin ikkje kjem heim før matmor går på jobb
Hadde besøk av eldstemann i veka Kjekt med nevenyttige ungar
Laga meg ny stol Ikkje ver til å prøve den idag akkurat Men godt fornøgd med stolen No meinte no barnebarnet at den var vanskelig å komme opp av Det har han ugrunnet rett i Får ta det som trim Det er det nemlig lite av no når kvardagen har innhenta meg
Hipp hurra og takk til verdens beste som geleida meg gjennom mange av myrane for å finne desse stolpane Stolpejakta i Leirvik i Sogn er ikkje for pyser og ten tek lang tid:-)
Men no er eg imål.Og uten hjelp hadde eg nok virra kvilellaus iring oppi skogen endå
Hadde èin nydelig tur idag og rakk å komme i hus før slusene åpna seg
Kjempeflott temperatur og tørt og fint å gå
Viktig å ha med seg ei tolmodige sjel som prøver å forklare på kartet Noko skjønner eg altså men teori og praksis er liksom ikkje alltid heilt samstemt i toppetasjen
Vart nokre kilometer men tida gjekk kjempefort
Her er endeleg gamla ferdig med dei 54 stolpane..Ser ut som eg har sprunge maraton,men sånn er det når kondisen og pusten er på lavast mulig gir Tusen takk til vegvisarane Og er mykje kjekkare å gå å vase på ukjend mark saman med nokon og ikkje åleine:-) Var godt å komme heim til dusj og lage meg middag No regnar det så innmari at eg lurer på kortid eg skal orke å gå ned med papirdunken:-) Men må eg så må eg
Imorra er det tilbake på jobb. Er etter fire veker ferie eg vurderer om det hadde vore greit å vore pensjonist… Men blir nok heilt greit å komme i jobb att:-=
Ikkje hatt det beste sommarveret men så lenge ein har hatt eitpar dagar med sommarvarme,så gløymer ein fort dei dårlege
Når skoddelaget kjem litt for nær Når du ser det vert regn på busker og trær Då er det litt godt å berre sitte Inne i sofaen og berre kikke
Har kaffi i koppen God bok og eit strikk Slik er og dagen litt kjekk på sitt vis
Må vaske litt klær og rydde ein smule Er vorte litt rotete i mi vesle hule Viktig å kunne kose seg sjølv om dagen er grå Nytter ikkje kaste vekk tida på det ein ikkje kan få
Veit ikkje heilt kva eg håper på. men hadde vel håpa at litt retningssans blanda med flaks kunne dukke opp her hos meg og
Men eg skal ha for forsøket To av gangane var eg så nær at eg fekk registrert stolpane Kor dei var må fuglane vite. Eg såg dei ikkje Den siste aner eg rett og slett ikkje korleis eg skal gå fram for å finne Er nok lett for dei som skjønner kart,men for meg er det berre blåbærlyng og mose og kratt Idag har eg svetta ,sagt litt mindre pene ord Klatra høgdemeter og streva på Vått var det og skoa mine er alt anna enn vanntette Fader veit om dei nokonsinne har vore det
På denne klatreturen fekk eg kjørt meg- Burde vore svart og ikkje rød denne her. No er det mulig det er ein lettare måte å komme dit på ,men her eg gjekk var det rett og slett veldig bratt på slutten.Og glatt. Vasa meg selvfølgeleg litt feil veg då eg starta nedturen,men sjølv eg skjønner at når det vert alt for bratt og stup utfor så kryp ein oppatt:-) Trim får eg Stolpen såg eg ikkje kor mykje eg leita,men den let seg registrere,så då var den nær… Samme på den første runda.Fann ingen stolpe men vart registrert
Runde tre var total bom Men du verden for ei trimløype.Det skal dei ha
Rett og slett sur på meg sjølv … Men sikkert enkel stolpe for dei med retningssans Eg treng hjelp:-) Var steike godt å komme heim til dusj og berre kunne varme middag etter igår Kan jo resikere å verte sprek
Ferien er snart slutt Like trøtt som då den starta eg:-)Men sånn er det no Idag trur eg at eg skal gjere ingenting,rett og slett Litt grått ute og meldt regn
Berre lese og strikke litt Litt må eg jo bevege meg men vert nok den vanlege ruta idag Kjekt med små utflukter i ferien,men må ikkje ha det kvar dag
Litt følelse av ferieaktiviteter gjer seg om ikkje det er det store Har starta på to gensarar i ferien Eine bolen er ferdig.Orka ikkje starte på armane,så eg fann ny tråd og starta på ein som ikkje har mønster frå start Snakk om å lage seg jobb,og må jo strikke armane og eindag:-) Men ikkje idag.Eg har ferie:-)
Ha ein super mandag. Skal eg og når eg våkner til liv
Idag har eg rett og slett kosa meg på stolpejakt På plassar eg aldri har vore før og kanskje ikkje kjem til å gå fleire ganger Men ikkje fordi det var noko gale med ruta:-) Har høyrt om eit ansikt som skulle vere i eit berg Veit ikkje heilt kva eg venta,men ikkje det eg fann:-)
Var jo eit ansikt:-)Hadde meir tenkt eg måtte bruke fantasien
Har nok vore hus eller hytter her ein gang.Var attgrodd veg og murar.For meg som er på ukjend mark så har eg ikkje peiling,men no lurer eg på det…
Køyrde til Ås.Dvs eg parkerte i hovudvegen og rusla til ein sti Om det er der eg burde starta veit eg ikkje men fin tur
Lite visste eg at denne stien førde i Handalen Men det var då eg kom ut frå denne stien eg sto heilt fast Skjønnte eg skulle på den andre sida av vatnet,men korleis var for meg eit åpent spørsmål Så eg ringde ein venn eg Ho fekk meg på rett veg,men selvfølgeleg gjekk eg rett fram og såg ikkje at eg burde tatt opp graset til høgre Vasa meg no oppoveratt då det plutseleg vart liv i hyttefolket 50 meter unna Ropte og forklarte meg at visst eg no berre gjekk rett opp bakken,så kom eg på stien Kjempehyggeleg med folk som bryr seg om gamle forvirra damer Fann no stolpen etter eg hadde gått litt vel langt og måtte snu. Har ikkje stolpeauge,men det bør eg få …Går jo rett forbi Men vel tilbake og i neste vegkryss vart eg usikker att Var det her eg skulle gå opp? Bedre å spørje ein gang formykje tenkte eg og ringde stakkars dama ein gang til Her får ein ikkje mykje søndagsfred:-)
Fann den 🙂 Og tenkte at..Må vere frå Leirvik i Sogn for å gå så langt for ein rød stolpe:-) Tenkjer på utsikta Men hatt ein super dag på stolpejakt. Ikkje så lenge,ikkje så mange Vart regn på turen tilbake til bilen,men hadde regnjakke så var berre godt
No venter eg på siste del av krimserien. Tek den eg istadenfor vm finalen:-)