Fullstendig forvirra. Klokka er skrudd fram ein time. Mot sommar og sol Naturen tviheld på vinteren med å sende ned mengder med kvitt. Hadde den no endå jaga vekk coronaen.
Eg kom meg seint opp,såg ut og valde sofa. Kan vere eg må ut å måke snø,men ikkje no. Har det greit her eg er.
Kose meg inne er normalt no i desse tider. Men det treng ikkje snø. Treng sol og fine dager.
Hadde planer om årets første fjelltur,men gadd rett og slett ikkje.
Rusla meg ein liten tur etter vegen istadenfor
Litt friskt ute. Vår er vår.
Kapping av kvist med liten kvistkuttar kan ta på for nokon kvar. Kjenner at tempermentet og blodtrykket får køyrt seg. For dette vesenet stopper i tide og utide. Temmeleg sart og tåler lite.. Men vart ferdig før det kom ei snøbyge
Dette grønne sarte greiene er kommen under tak. Gamla har fått i seg altfor mykje middag Svolten etter all denne friske lufta.
Sola skin att,men litt kaldt.. Trur rett og slett eg skal dusje . Håret har fått rikelig ettervekst. Ser ikkje ut,men er ikkje så nøye. Skal vere inne… Vert nok verre
Ha ein super lørdagskveld,med eller uten ettervekst
Nattesøvnen min er det så som så med. Og normalt sett,men når vinden truar med å flytte huset så hardner det til. Regnet gjer sitt beste for å piske rein naturen. Hadde det no endå vaska vekk koronasmitta som gjer liva våre til eit lukka samfunn der faren lurer når naboen nærmar seg. Gjer noko med oss. Einsemda vert merkbar for mange. Ikkje alle er trena i dataverden. Ein prøvelse for mange sambuarforhold og ekteskap. Å vere oppåeinanna på få kvadratmeter og heile tida,det er vi ikkje van med. Heile familien innadørs er ein prøvelse for nokon kvar. No er eg på dei fleste områder glad eg bur aleine.. Men eg er på jobb.Ser og snakker med andre. Slepp å kun snakke med meg sjølv. Kan av og til vere greit med litt andre innspel i tankegangen. Huks å ring nokon som treng det. Handle til naboen når du alikavel skal.
Kva som skjer i morra veit vi ikkje i dag. Eldre har fått eit nytt begrep. Kortid er ein eldre? Eg ligg tynt an..
Skal sei det ruskar godt rundt husnova. Passer liksom til tilstanden ellers i landet. Mange einsamme i desse krisetider. Ikkje alle som har nokon rundt seg. Å sitte aleine i veker er ikkje for alle sin psyke. Ring ein venn Ta vare på naboen og dei som ingen har. Fortsatt forkjøla men ingen corona. Takk for det. Skremmande kor fort den sprer seg. Og vi må ta den på alvor. Plutseleg har vi fått den og då er det for seint.
Godt med frisk luft innimellom,men idag held eg meg inne trur eg. Iallefall om det skal fortsette med denne vinden. Våren er no heldigvis her Lysare dagar og humøret aukar med lyset. Ein må gjere det beste utav situasjonen.
Glad eg bur aleine igrunnen. Slepp å gå på nervane til nokon. Heldig å fortsatt ha ein jobb å gå til. Familien held ein kontakt med på nett og telefon. Liva våre er snudd på hovudet. Vi må gjere vårt beste for å begrense denne Koronnaen så godt vi kan..
Nett som spanskesykja seier dei gamle. Ingen veit kva morgondagen bringer. Her må ein så godt ein kan tenkje på alle rundt seg og seg sjølv. Isolere seg så godt ein kan. Omgås så få som mulig. Handle til naboen når ein først må sjølv. Ikkje hamstre så andre ikkje får noko. Ikkje alle har råd å fylle handlevognene til bristepunktet.
Vi som jobber i helsevesenet gjer så godt vi kan,saman med andre som må vere på jobb. Ingen er sikker på å ikkje verte smitta,men vi kan prøve vere forsiktige.
Gått meg ein tur. Her er ingen å treffe,og gjer godt med frisk luft.
Passer på dagen idag. Dyster stemning rundt om. Folk hamstrer mat og uroa brer om seg. Kva skjer? Andre reiser på hyttetur som ingenting har skjedd. Kvifor skal ein følge råd frå myndigheitene ..Har jo fri må vite. Hensyn til andre betyr mindre så lenge ein sjølv har det bra.
Stengde grenser.. Nesten uvirkeleg og nytt for oss nordmenn. Makteslaus.. Gjeld å ta vare på dei rundt oss som treng ei hjelpande hand,samtidig som ein held avstand. No er eg ingen klemmetype.. Første gang eg føler det er ein fordel.
Men bur langt frå tettbefolka område. Her er natur å vandre i.Kaldt men friskt. Rikeleg strikkeprosjekt på gang.
Gjeld å gjere det beste utav det.god fredagskveld.🌹
Sett på tv 2 og avskjed med Jan Teigen Vakkert Om ein kan sei det om ein begravelse. Flotte taler og sang. Fantastisk prest Tårene triller sånn uten at eg vil det. Kvil i fred
Treng å verte minna på at sjølv om likestillinga er kommen langt i Norge så kunne den nok vore bedre. Andre land heng langt etter. Viktig å kunne få jobbe i 100 prosent syns eg. Ikkje alle har økonomi til deltidsstillingar. Valgfridom er viktig. Men eg vil og ha valg til å ha ein stillingsprosent eg kan leve av.
Glad eg har den muligheita. Hipp hurra for likestilling.
Feira dagen i eige selskap. Utruleg kor vått det er overalt Må ha regna for månedsvis. Hadde vore godt med eitpar veker opphaldsver.
Fått hjelp til å fikse på feila på gensaren men er sur på den. Så no har eg funne eit anna prosjekt. Har mange🌹
Litt kos å sitte å sjå Farmen og 71grader nord… Like kos begge deler
No er det ei stund sida nabokommunen mista grenseskiltet. Litt usikker på kven som trengde det eller til kva.
Kanskje dei rett og slett var redd nabokomnunen skulle erobre nytt land. Legge under seg ytre Fjaler. Hadde vore noko,hadde det ikkje vore for desse vindmøllene dei skal sette opp på Lutelandet.. Vi er jo imot.Men no er skilte på plass
Har dreve og hersa med ein genser eg prøver å strikke. Trur den er forheksa. Eller nokon har kasta ein mindre god tanke i min retning..sikkert normalt No fekk eg nok av heile skiten. Bar den inn til naboen. Reknar med ho har bedre karma