Våkna opp til nok ein nydeleg dag Ingen sorger av noko slag Vandra meg beint til sjøen ein tur Var veldig stor fjere og vart igrunnen litt sur😑
Var veldig fint der men eg har ikkje båt Ville ikkje vasse eg er redd for å bli våt Så eg gjekk meg heller på fjellet ein tur Der vert eg sliten men ikkje sur
Normalt treff eg ingen når eg rusler rundt her Berre lyder frå busker og treer Men i dag veit eg ikkje kva som har skjedd. Traff heile åtte!.Eg vart nesten redd☺
Nokre hadde vore oppe og satt opp eit skilt Skal sei det var flott og retteleg gilt Hatten av for at vi ildskjeler har, Det gjeld alle kva for yrke dei har
Er vakkert deroppe men eg måtte no ned Måtte henge opp klær og fekk ilt i eit kne No er det litt skyer og det bles ein sur vind Så ganla ho ser no på dataen sin❤
Konfirmasjonstida er starta og det vert ein nydeleg dag Kjekt å få sol når ein skal feire i lag☺ Ynskjer alle saman lykke til Med dagen og med livet og mykje til❤
Går sånn passeleg fram med den ryggen og er igrunnen lei Men er lite hjelp i å henge med hovudet😊 Nydeleg vårver.og det i fleire dagar. Er så ein ikkje trur det ein ser. God kletørke og for meg uten tørketrommel😉
Rett og slett vakkert på hytta til naboen☺
Flott her når det er fint ver☺
Kalde netter gjer at det frys litt på enkelte plassar
Steike tungt å gå idag.vått og gamla er ikkje i storslag akkuratt☺Men har god tid.Heldigvis er det innimellom supert å gå❤
Lykka var stor då eg kom på toppen☺1 poeng til meg
Når kondisen er dårleg vert pausane mange..eg brukar å sei eg stoppar for å nyte naturen😾 Høyres bedre ut det enn at det er grunna pustevanskar og dårleg fotarbeid
Skrekkøgla
Fantastisk godt for heile meg
Når då naboen inviterer på rømmegraut etter strabasane er dagen super. Grauten var altfor god.. Åt formykje så no har eg det ikkje så bra.. Ein får ete med vit.
I morra er det dugnad på grendahuset. Håper det kjem litt folk😑 Dugnad er sosialt og koseleg. Eg gleder meg eg❤
Tidleg våken idag.. Åpna altandøra kjende på kulden og snudde .Kaffien tok eg inne.. Hadde vurdert å gå på fjellet. Det var igårkveld..i I dag låg det snø der og då gadd eg ikkje.. Tusla meg ein tur etter vegen og gjekk på besøk til naboen😑 Mykje koselegare det. Naboen har fått nytt kjøkken. Vart fint må eg sei..
Ser på mitt eige og gruer meg til å starte på det..Men må gjerast noko..
Fekk meg fersk torsk idag.. Og ka gjorde eg..Jau åt til eg vart kvalm…var nydelig❤ På veg til sofaen small gale Lise ..
No er det nok.!!Nydeleg ver ute.Fjellet ventar og snøen er forlengst vekke😑 Kor mange unnskyldningar har du igrunnen.?.Ikkje rart du har ilt.. Samvittigheita og fornuften vann☺
Flott med kvitveisen som veks overalt😑
Flotte stiar og fint å gå 😑
Stilt og fredeleg inni granskogen men utsikt er det ikkje 😑 Takke meg til litt vind. Så påatt med vindjakka og klar for utsikt
Minkar no etterkvart denne platforma
Varden er utruleg fin❤
Rett og slett ein hærleg tur😑 Litt greit å ha ei gale Lise❤
Godt med godver å få vere ute i frisk luft litt.Gjer godt for sjela og fregnene gror som berre det. Omtrent som hagejevelen..umulig å verte kvitt men aukar med åra☺
Endeleg fekk eg hjelp til å få ned litt busker og kratt😑 Planta eingang ut eit tre eg fekk til jul. Sånnt lite i ei potte. Kven hadde tenkt det vart noko stort som berre var i vegen?
Tuja eller sypress…lærer aldri forskjellen.. Men betyr ingenting for no er det vekke😊
Ikkje nett så spreke hjelparane mine heller😊 Tok si tid men kom seg😊 Eg er fornøgd eg..igrunnen ikkje så storforlangande😊
Trimma litt😊 Er no ikkje verre men ikkje bedre heller😊 Tek litt tid. Vore ein fin dag sjølv om nordavinden er kald uansett kva retning han kjem frå😊 I morra skal Pengesluket få nye dekk.. Ikkje billig den karen.. Men må ein så må ein
Og sidan pengesluket er dyr i drift får eg heller drive med ting som ikkje kostar så mykje:-)
Bil må eg ha:-)
Glad eg har slike passelege turløyper i næreita
Er utruleg fint i ytre Fjaler så heilt greit å luffe rundt der
Den følelsen ein får når ein vaknar og føler at heile høgresida har låst seg.. Og det mitt på natta…ikkje så mykje søvn kan ein sei.. Kreka meg opp og innsåg at det antageleg ikkje ga seg første timane
Ja…ka sa eg..Gale Lise formeleg kosa seg. Slik går det når du er lat og ikkje gidd gå i utmarka..Eg sa det til deg..men høyrer du??
Ja..veit. Har ikkje vore i form i det siste og drittveret har ikkje fresta.. Veit eg bør gå i ulent terreng. Om ikkje kvar dag så tett innpå. Treng ikkje vere på ein topp akkuratt.
Måtte innom legen og i påvente på fysio er det berre å labbe iveg
Men er sånn småforkjøla
I helsiken heller kom det frå Gale Lise..Er det noko i vegen med hovudet ditt eller?Ingen som kreperar av frisk luft!! Så gamla fann det best å ta ein tur
Det flotte med Bygdeheia er at det er lite opp og mykje bortover.. Ikkje det store for dei som likar toppturar men for meg med dårleg rygg er det toppers
Må inrømme at i dag sleit eg.
Veit ikkje om det var bra verken for forkjølelsen eller ryggen. Fekk iallefall opna kanalane i den sure nordavinden Tok tid for var ikkje heilt smertefritt men gjorde i det minste godt for psyken Gale Lise vart fornøgd og eg har tatt meg ein smertestillande og ein kopp kaffi.. Er no ikkje verre. Men er nok berre musklane som nektar å lystre så går nok over med blanding av trening og ro.. Irriterande èt det no uansett😐