Nydelige dagar og frihelg Gjeld å nyte mens vi kan Vind i dag, men funne meg ein lun krok.
Gårsdagen var vakker ved sjøen. Berre surra rundt heile helga uten å fått gjordt nokon ting igrunnen. Berre vaska litt klær.
Idag klarde eg å overtale meg sjølv til å ta meg ein liten fjelltur.
Gjer jo så godt når ein først kjem i sving var aleine på fjellet då eg kom opp,men varde ikkje lenge. Søndag og dagsturhytte får folk ut
Nydelig blåfarge idag. vart så mett etter middagen at dette var ei super løysing på resten av dagen. Viktig å tanke krefter og gripe muligheitene og øyeblikkam
Viktig å tanke krefter så eg er klar til ny arbeidsveke.Neste helg er det jobb. Kristoff sykler som berre ein mester kan ,ser eg.Kjekt han fekk ein etappeseier i går etter alt slitet. Smitten dukker opp både her og der.Coronaen må vi nok leve med lenge endå. Om samfunnet vert som før,kan vi jo spørje oss om. Kanskje det er eit varsku om å skru ned på framskritt og reising. Kven veit kva morgondagen bringer. Carpe diem:-)
Ulven er innom og herjer i kommunen vår att. Luring Har klart seg unna jegerane over fleire år. Ikkje trykt verken på fjellet eller på butikken❤Anten lurer ulven eller så koronaen Hjelp lite med handvask heller der. Utrykt for dyra der rovdyr ferdast.
Må no vere einsomt å traske rundt åleine.Kanskje han burde flytte heimatt til Sverige.Tviler på han høyrer på kva eg meiner
Regnet skaper flom og stengde vegar rundt om.Naturkreftene er skumle. Koselig innever. Har no hatt stripa mi etter vegen. Koselig det og. Høststemning og strikketid. Håp om at eg får ferdig alle uferdige prosjekta mine.. Er eit håp.
Litt spent på om vi får kontroll på koronasmitten rundt om eller det fortsatt aukar. Trur ikkje ein tek det heilt på alvor alltid. Alle kan vere uheldige. Blir tøfft for mange om vi må stenge ned att deler av samfunnet Krysser fingra.
Vi får vere flinke med avstand og handvask
Trur ikkje eg gidd nokon kveldstur. Teppe og sofatid frester meir.
Idag har eg ikkje gjordt ein skit Kva eg igrunnen har gjordt på heile dagen er uvisst,men den er plutseleg over. Så her ligg eg på sofaen og høyrer på vind og regn som rusker i huset. Litt småkvalm etter å grytt i meg formykje middag og chips..
Vore hos Frisørstova og fått farga denne etterveksten…jada burde vel latt det grå overta…men har ikkje lyst…
Koronasmitta er kommen til kommunen. Måtte vel det og eingang. Så direkte overaskande er det ikkje. Men vi har liksom vore i vår eiga trygge boble. Litt sånn slappe med avstand og handvask.. Men det er fortsatt av høgste viktigheit. Dritlei av å lese om idrettsutøver som har misbrukt div. Håper han kjem seg ut av uføret,men burde vel kanskje tatt til vit før han blei tatt..
Kjøpte roser til meg sjølv idag. Ærleg fortjent tenkte eg❤
Ikkje så stor bukett,men er jo grenser for kor høgt eg set meg sjølv. Det eg planla å gjere idag får eg ta imorra. Innever då og.. Og her trengst litt opprydding. Litt kos med innever og
Volsomt så spreke folk er.Og i takt med månadane som går så aukar kondisen. Stadig nye rekorder til toppane. Dei går styggfort rundt meg,spør du meg.
Eg og set rekorder…men det går den andre vegen. Men jo seinare ein går dess meir får ein følels med insektslivet. Mygg,maur,klegg og fluger.. Rikeleg å ta av.
Seint oppe idag. Kroppen slit litt på morningen. Kaffi og krim var super aktivitet. Vart vel ekkel denne boka. Skoddevinden gjode at eg tenkte… Sikkert greit å gå på Vardeheia idag.. Kor feil kan ein ta.. Ikkje så mykje som eit vindpust.. Men tok ein beslutning.. Pause på demningen.. Gjekk med det for auget.. Tørka svette,vifta bort innsekt og nådde målet.. Berre ei hake.. Det var opptatt.. Hjarte fauk opp i halsen og pulsen slo som besatt etter å neste kasta meg ned på ein hoggorm. Gjekk rett i krisehandling..var ikkje aleine om det. Den vart plutseleg klar til angrep
Hadde mest lyst å snu,men var på feil side av ormen.Fortsette framover Vart berre varmare etter kvart. Ikkje eit vindkast. Nådde til slutt målet.. Ikkje vind der heller, men rikelig innsekt.
Vakkert. Føltes som eg hadde gått 800 meter og ikkje 322.. Heilt pumpa..og nesten ny baklengs rekord. Men er ikkje så viktig å vere raskast. Trim,frisk luft og naturopplevelsane er det som tel…
Desse flugene eller kva det var ,var vel innpåslitne. Så vandra fort nedover.
Kosa meg med bjørnebær. Idag var dusjen etterpå det beste med heile opplevelsen. Og heime var det fortsatt litt vind
Flott i mange kommunar på kysten av vestlandet:-)Ellers og Veldig glad i å gå tur i Ytre Fjaler I dag gjekk eg den lengste vegen til Dagsturhytta Igrunnen er det reine omvegen:-)Men er vel den som er lettast å gå visst ein er litt dårleg til beins Skodda eller tåka låg lenge her idag.For meg spelte det sånn sett lita rolle..Eg var på jobb:-)
Men vart heilt nydeleg.Så gamla fann fram turskoa og sette seg i Larrisen.Grei sånn bilen.Den køyrer der eg bestemmer.
Er igrunnen ganske sutaløst å gå på skogsveg.Går liksom litt slakt oppover.Og denne går omtrent helt opp på fjellet.Supert sånn sett.Sikkert flott å jogge visst ein gidd det.Eg har meir enn nok med å gå. Går nett ikkje så fort heller
Denne stakkaren har fått tre både under og ved sida.Skal berre sjå vi bokstavelegtala får ein trebenk om nokre år
Sakner igrunnen sauer som beiter .Eller kanskje geiter.Hadde vore bra for landskapet.Alt gror att. Sånn er det jo mange plasser
Her skulle ein hatt besøk av mannen med ljåen:-)ikkje misforstå:-)
Er heilt magisk på toppen.Var berre nydeleg og rekreasjon for kropp og sjel. Men litt langt,litt dårleg merka ,litt vått,flygemaur og svette:-) Men gjorde ingen ting. Skjønner godt eg klarde å gå meg vill oppå der,for stien ned til skogsvegen frå varden ,er for meg heilt ulogisk:-) Idag gjekk eg opp og nedatt same veg.Måtte teste om eg fann fram. Men kjem nok til å gå mest den stien eg har brukt til no:-)Gammel vane er vond å vende. Men verdt å gå om ein ikkje har det travelt No ser eg at siste bilde er frå Einingsfjellet,men ytre Fjaler:-)Så innafor No skal eg ete middag.Seint,men …mat er mat:-)
Kvifor ein må vere lys våken men fortsatt trøtt kl 06,er meg ei gåte. Har til og med seinvakt Men sto opp tilslutt. Dagens og gårsdagens nyheit. Kva Nordtug driv med treng ikkje store avisoppslag tenkjer eg. Enkelte ting bør forbigå i stillheit.
Kjendislivet si bakside.
Småkaldt og høst ute. Måtte finne meg jakke på morningen. På tide å skru oppatt temperaturen på varmepumpa. Gleder meg til at ferietida er over og kollegaene på plass. Tilbake til kvardagen. Men med aukande smittetal er det nok lenge til at livet vert som før. Vi må berre vere flinke å følge reglane. Alle kan vere uheldig å bli smitta,men vi kan prøve å unngå det
Ikkje greit for dei som bur på instutisjonar og familiane å forstå å halde ut desse reglane.Det skjønner eg Men det er viktig. Klart det er trist, og eg skulle ynskje vi ikkje hadde hatt korona i Norge.. Men det har vi. Så får vi gjere det beste utav det.
Burde nok utnytta morgonstunda til noko fornuftig,men er ingen morgonfugl. Skal ta meg ein luftetur om litt.. Men for tidleg.
Båtvasken er tatt . Ikkje min båt,men visst vil får eg no sitte på av og til.. Men må vere blikkstille. Eg er pyse.
Av og til så skjer ting tilfeldig. Hadde bestemt meg for at i ettermiddag skulle eg gå på Bygdeheia .Flott topp i Fjaler. Men vart litt sein av ulike grunner. Så fekk med meg på Facebook at nokon hadde rydda første delen av den tredje vegen opp på heia.. Tenkjer fortsatt med gru på sist eg gjekk den vegen. Men det var frå toppen og ned. Gjekk meg vill ,og vasa nedi ein granskog i timesvis.. Litt av eit syn.. Var ikkje tenkt å ta den vegen idag,men bilen stoppa nesten sånn av seg sjølv i vegkrysset.. Jaja..eg labba no i veg..
Her var eg ferdig med skogsvegen. Den tok litt lenger tid enn dg hadde tenkt.
Den lengste men lettaste vegen til toppen. Godt merkt første delen.Fann og fram den siste. Masse fluger eller kva søren det var.
Svett og forkava
Vert svetten.
Rekreasjon for kropp og sjel. Idag var eg på rett plass til rett tid.
Seinvakt,nydelig ver,sommer Kva meir kan ein ynskje seg. Gadd ikkje fjelltur som vanleg Tok stripa mi etter vegen. Kom meg no på Einingsfjellet søndag. Passe høgt og verdens flottaste utsikt
So no lar eg humla suse og har sett meg på balkongen. Ynskjer meg ny,men får gå så lenge.
Sov både lenge og vel.. Vakna tidleg og høyrde det plaska ned… Drog dyna godt over hovudet og sovna att.. Kom meg no opp til slutt. Retteleg kosa meg med lang god frukost. Null stress ..yr bomma med veret..
Akkuratt ferdig til Hjertebladhagen åpna..Koselig butikk. Har igrunnen tenkt meg inn der ei stund..Men to jobbehelger og andre ting har komme i vegen. Morelletreet mitt hadde ikkje heit tolt frosten i mai.. Hadde håpa på eit nytt.. Men ikkje berre mitt som hadde slite med kulden. Så eg kjøpte eit plommetre som får gulgrønne plommer sto det..
Kjøpte litt til.. Så gamla hakka og spadde i eit helsikens myggver.. Yra så håret mitt sto som ei glorie,regnkleda var full i jord og eg i jord og myggstikk Men i jorda kom det. Med kukompost.. Om det overlever..tja..Har no fått alt i jorda Men då gamla var ferdig letta regnet.. Naboen ringde og inviterte på nystekte natronkaker.. Lykke🤩 Hadde med ei stripe etter vegen før eg fann ut at eg måtte støvsuge ut alle husdyra.. Såg ut på kveldssola,men middag og sport på tv vart for fristande..Mat veit de.. Burde nok gått på utsikten og fått med meg solnedgangen,men gadd ikkje.
Eg er lat ,så strikka litt.. No lurer eg på kor eg har armpinne nr6.. Borte vekk… Strikkar med 5 pinna,men er litt masete… Jaja..sikkert på ein lur plass.. Trur på sol og fjelltur imorra. Hadde gjordt seg..Treng trimmen.
Regner snart vekk og renn inn i ein hekk Ikkje rart eg samler formykje spekk Er liksom perfekt å sitte inne å ete Breie meg skikkeleg på sofa og sete Kanskje eg burde tatt meg ein regnverstur Før eg rekk å verte skikkeleg sur
Er sikkert mykje eg kunne finne på å gjere Ikkje berre sitte og fundere i mi eiga svere Men har eg lyst berre syte å klage Gremje meg over min voksande mage Sjå ut som gravid når ein er over 60 Er ikkje det minste kos eller seksi
Bør kanskje heller finne på noko kjekt Gå meg ein tur eller besøkje litt slekt Kanskje ta meg ein tur å handle Ikkje at det er noko eg ser ut til å mangle Treng ikkje alktid vere det store Gamla er ikkje så vanskelig å more Hjelp iallefall ikkje å syte over veret Er berre bortkasta og overdreve