Fri og kosedag. Våkne seint. Frisør hos For deg på høg tid.
Berre lekkert og bli dulla med. Inspirert av sprek kollega vart det rett heim,skifte til turkle og ut på tur. ser litt skremd ut.
Nesten oppe og fiks ferdig. Trur kondisen blir dårlegare for kvar dag eg
Men var verdt det. godt med benk på toppen
Vurderte å gå vidare til dagsturhytta,men då kom det frå alteregoet mitt… Har du ikkje ein plen du bør slå før regnet kjem? Akk ja. Livet er ikkje berre ein dans på roser. Så eg tusla nedatt.
Oppdaga at endeleg har eg fått peonane til å blomstreKanskje ikkje den store bragda og mengda. Men for meg…Fantastisk. Plenen vart slått på eit vis. Ga tilslutt opp kampen med myggen.
Avslutta med å lage meg og ete alt for mykje fleskepannekaker. Men,vel fortjent tenkte eg. No er det pledd,godstol og tv. Myggen har overtatt uteområdet.
Føler eg har vore oppe og styra så lenge at klokka burde vore mykje meir:-) Sikkert fordi eg tok trimturen min veldig tidleg. Merkeleg med desse vanane.Når eg bruker å vere ferdig med trimturen 11.30 og er det to timar før,så får eg plutseleg så god tid. Ikkje at eg har gjordt noko fornuftig altso..Tvert imot. Berre et, og det kan eg fint la vere Iallefall burde eg. Men, men. Seinvakta nermar seg og i morra er det fri Og endeleg frisør.Ser ut som eit takras Er no gale ellers og, men no er det nesten krise Skal bli godt ,kjenner eg Lenge til ferie. Burde kanskje ta meg ei bok og sette meg ut i sola litt.Samle litt meir fregner Nyte dei lyse dagane og fritida:-)Då er ikkje tida til ferien så lang. Dei lyse kveldane no,kjem ikkje att.
Rosetreet mitt blomstrer villig vekk.Har fleire,men berre dette som ser ut som det trivast hos meg. Grønne fingra har eg ikkje:-)
Og eg har ikkje ferskvaredisk. Vurderte fjelltur etter jobb,men naj..tenkte eg so…gidd ikkje. Så eg tok på joggesko og starta på turen min etter vegen. Men det skjer under. For der stoppa “svigerdattera” og ville ha meg med.. Ja seier jo ikkje nei då. Gjekk vel mest utover henne som brukte dobbel så lang tid❤️
Gjorde godt og vart svett og våt på beina. Men er sommer og sol.
Takk for turen. Burde nok gå litt meir jamt på fjellet og ikkje sånn i rykk og napp🥳
Merkeleg kor lett det er å overtale seg sjølv til å la vere.. Ha ein super kveld
Har hatt nokre fantastiske sommerdaga,med sol og familie Idag nyt eg siste varmen før veret sler om. Ikkje så lenge til. Tatt bok og kaffi og landa på balkongen.
Kva dei har styra på med i Russland i helga er eg meir usikker på. Ser for meg ut som eit spel for galleriet,men gjer ikkje heilheitsbilde bedre. Skumle saker.
Blir meir og meir ustabilt.
Seinvakt på meg og lenge til ferie,men viktig å nyte øyeblikka
Ha ein super dag Igår var det søndags og bursdagsfrukost i familiegjengen.
Å gå frå nattevakter tilbake til normaldrift krev litt lite søvn Så idag har eg surra rundt i mi eiga verd. Sola skin den,men ikkje dei høge temperatuane
Vinden held i det .minste myggen vekke. Til og med funne mine første jordbær i hagen. Litt skralt med jordbær iår,men kom liksom aldri igang med å plante nye. Jaja..Smaker desto bedre dei få eg har.
Desse rosene derimot har fiksa det heilt på eigahand. Jonsokafta idag,men trur ikkje eg orker nokon plass. Kan feire med Ingolf,visst han då ikkje er på tur i buskene.
Vore ein nydeleg ettermiddag,men eg er berre trøtt Istadenfor aktivitrt ute,vart det mat,is og endå meir mat.. I morra kjem regnet og eg kan sove lenge. Berre lekkrt. Denne sommarperioden har vore super.. Håper vi får meir,men kven veit. I morra er ein ny start.. Måtte arbeidslysta komme
Av og til så lurer eg på Kvifor i all verden går eg rundt og irriterer meg over mange ting eg ikkje kan gjere noko med? Kvifor irriterer eg meg over måten andre er på ,når eg ikkje er det hakk bedre sjølv? Kva er vitsen? Bruker berre ein masse tid og energi på det, som eg fint kunne brukt på hyggelege og nyttige ting Livet er rett og slett for kort til å kaste vekk på unyttige tankar og idear.-)
Men klarer eg å skjerpe meg? Det får tida vise…eg tviler
Kor denne dagen vart av,veit eg igrunnen ikkje. Gjekk med til køyring tur retur Førde og sjukehus i timesvis. Blir eindel venting Sol då eg reiste heimafrå i dag tidleg I Førde var 28grader og overskya.Sånn trykkjande. Heime var det og overskya,men betrakteleg kaldare og mygg… masser av mygg Er rett og slett uhaldeleg ute i stille litt grått ver
Jaja.Vi har haatt nokre nydelege dager ,men myggen gjer livet litt surt.Det skal han ha Kva slags misjon han har på jorda forruten å vere til pest og plage…Det veit eg ikkje
Men har det heilt fint inne og eg.Snart klar for senga igrunnen:-) Eller kanskje eg skal ete litt meir? Ha ein fin mandagskveld
Av og til er heime best Berre surre rundt og ikkje gjere nokon verdens ting. Berre slappa av,sett tv og lese. Litt småsur vind ute idag sjølv om sola gjer sitt beste. POIROT på tv❤️ Har sansen for engelsk krim.
Vi har det i Hyllestad. Nydelig ver og mykje folk. Sto på stand for partiet mitt,men fekk jo tid å vandre rundt litt. Indrefjord gard. Dei hadde det travelt såg eg
Her har du mitt parti. Var der dei andre og🥳 Nationalforengen for folkehelse var vi innom på rundturen
Fjordklang sang vakkert. Tilbake til vikingtida
Salgsboder overalt. Tok guiss hos røde kors med strykkarakter. Skal ikkje vere enkelt. Rett på jobb og kosa meg der og eg.
No ligg skodda tett over fjorden. Krølla meg opp i godstolen og nyt sommarkvelden. God helg