Vakner til nydelig ver Tenkjer at..supert med godver på einaste fridagen denne veka.. Til eg kjem på.. Det er formanskapsmøte.. Og det tek si tid..
Kjekt med politikk, men ikkje når det er i veker med 6 jobbedagar .. Mykje dugnad i politikken. Iallefall når ein er turnusarbeider..
Baksida av medaljen. Men fekk kort omvisning i den gratis bruktkledebutikken . Fantastisk tilbud av frivilligheitssentralen Kreativt rom og rom for sportsartikler til utlån. Imponert. Mange kreative og flinke ansatte i kommunen vår
Stakk og innom biblioteket .. Langåpent heldigvis. Henta premien for 10 turen. Kos med ein liten påskjønning:-) og eg har forhandsrøysta. Godt kva som er gjordt
Stekt lyr og nypoteter til middag Klarde eg å ete passelig? Langt ifrå Lærer aldri
Men,seinvakt imorra.Eg har fått kleda vaska og tørka i godveret. Berre velstand Blir liksom så mykje lettare med det meste i godver:-) Tvkveld og avslapping
Trøtt morning Fin dag på jobb Og så yndlingsturen min..
Ingen rekordtider å hente med gamla sin fart
Premien er å komme opp og vandre innover fjellet
Bygdeheia.. Fekk ikkje registrert på ut.. Ga opp..
Nydelig ettermiddag så rusla ned til Vidsyn,dagsturhytta.
Varmt og godt inne
Tusla meg oppatt på Bygdeheia Der traff eg ein kjekk ung mann som fiksa utappen min. Vipps kunne eg registrere. Eg hadde selvfølgeleg trykt på eit filter som hindra meg å registrere anna enn utvalgte turer.. Kjempesmart.. Skal la vere å trykke på noko som helst.. Men,supert med hyggelege hjelpsamme fjellfolk..
Glad og lykkeleg tusla eg nedatt
Nydelig kveld Avslutta med slåstkamp med 5000 mygg. Eg tapte og valde dusj,pysj og allergitablett. Livet er ikkje så verst
Må innrømme… Eg er stuptrøtt og fortsatt mett etter gårsdagens restefest. Konfirmanten hadde lyst at oldemora og fekk oppleve dagen,så vi såg vidio og åt koldtbord og kaker❤️ Skikkeleg kos,men vart litt mykje mat i magen..
Kjekt å samlast sånn mitt i veka. Mykje jobb på svigerdattera..
Trur eg bør tusle meg på badet før eg sovna. Ha ein super dag
For noko tull tenkjer eg Altso,litt må eg vel få bestemme sjølv Ny forskning viser at det å drikke kaffi om morningen berre er dumt. Usett den trøttheita ein endå har i kroppen til seinare
Og ka so? Er liksom det eg er ute etter Og for å ikkje sovne må ein fortsette å drikke kaffi,visstnok. Dett var visst dumt..Til slutt får ein ikkje sove om natta
Trur ikkje han typen likar kaffi eg:-) Visst eg ikkje drikk kaffien,så sovner eg. Då kjem eg meg ikkje på jobb Og så har vi det og gåande.. Dette her er ikkje enkelt:-)
Men,vi er alle ulike Eg likar kaffikoppen min om morningen eg Så får det vere at eg roter til søvnmønsteret Er sikkert mykje anna eg roter til og i løpet av dagen:-)
Funne fram eit av prosjekta mine Årevis sidan sist eg hekla dette mønsteret og huksa knapt nok korleis.
Har nett lagt i bløyt i badekaret. Fått litt frosten i meg idag.. No er eg omtrent kokt. Fått på meg pysjen,krope under teppet og tatt kveld Ute er høststemning.. Tida går fort og plutseleg er det jul..
Rart med denne søvnen.Den skrur seg av og på når den vil Visst min kropp meiner 04.30 er greit å vakne, så gjer den det, sjølv om eg er så trøtt at eg føler eg kunne stupe
Jaja, Sånn er det Føler meg rett og slett litt pjusk, men fått kaffi i koppen ,pakka meg inn i pleddet og tenkjer at…Eg får gjere det beste utav det. Skal så alikavel møte på jobb til halv åtte..
Ingolf har og komme inn.Var der ikkje då eg gjekk å la meg,men hoppa på altandøra då eg vakna. Svolten, selvfølgeleg. Utruleg kor mykje mat den pusen klarer å få i seg
Hovland har vunne i golf og Ingebriktsen har fått gull Det positive i avisene på morgonkvisten Mykje elendigheit ellers. Mange triste sjebner.
Regnet høljer ned og skaper problem. Er liksom ikkje måte på. Snart tid for hjortejakta er det og. Høsten er kommen for fullt og syns den kom tidleg iår Håpar berre den ikkje regner heilt vekk
Venter på at eg skal få litt lyst til å hekle eller strikke att. Det har liksom vore heilt stopp i lysta til det meste i det siste. Kroppen har liksom meir enn nok med å halde seg flytande:-) Men,det går seg nok til Berre vi no får varmen i oss,seie Ingolf. Han har funne sin vande plass på teppet ,ved føtene mine Sånn delvis innpakka i pleddet han og. Litt under mottoet felles trøst.
Koselig bordkort Kjekk konfirmasjonsgudstjeneste. Flotte konfirmanter Hyggeleg dag med konfirmanten,familie og venner. Oslotanta fekk litt ekstra ventetid på flyplassen på heimturen. Skodde.. Men flyet kom seg no ned til slutt. Nydelig mat frå Lavik kro Superflotte kaker.. Eg er mett og småfrostig.
Fullt opp av kaker.. Eg held meg til pavlova og verdens beste.. Litt må eg begrense meg
Glad og lykkelig for endeleg å få matmora heim. Regnver skal tilbringast oppå beina til gamlemor. Sport på tv Fekk lyst på noko salt å ete.. Når ein først har etedag… Kunsten å kose seg.
I dag skal eldste barnebarnet konfirmerast:-) Stas og høgtideleg for guten og familien Fekk ikkje sove så lenge eg, så fann ut at det beste var å stå opp
Skal ikkje reise før det nermar seg tre timar, så har god tid å vakne på
Ute ligg skodda tjukk Er dessverre meldt regn, men vi kan no vere inne,så er ikkje det store problemet:-)
kaffidufta sprer seg i rommet:-) Godt med kaffi på morningen ,syns eg. Eller eg syns det er godt døgnet rundt:-)Men, om morningen er det ei nødvendigheit
Åra går så fort Er ikkje så lenge sidan eg vart bestemor for første gang. Følest så kort. Rart dette kor åra går fortare etter eldre eg blir Er då ein tenkjer på alle feila ein gjorde i oppveksten til sine eigne Alt ein ville ha gjordt annarleis hadde ein hatt litt av den livserfaringa og kunnskapen eg har idag. Men, gjordt er gjordt og fortida får ein ikkje gjere noko med.Eg ser at barnebarna har gode og fornuftige foreldre ,og det er det viktigaste Tenkjer på korleis livet til familien vil utvikle seg vidare Usikre tider vi går imøte.Var tryggare då eg var ung Natta er i ferd med å bli dag
Bestemora ser tilbake på åra som har vore og henter fram minner Blir ikkje bunad på besta idag Den har krympa fleire størrelser,men er like fin på tanta:-) Helst endå finare Er uansett ikkje nokon som ser på meg idag. Spent på dagen og håpar den vert strålande
Oldemor og oldebarn:-) Minnene er mange,og sjølv om ikkje oldemora kan vere med,er ho like stolt:-) Kjekt med minner:-)
Rett og slett kjempekoseleg Profft var det Gode høgtalera,flink opplesar.godt ver.mygg Kjempegode sveler og kaffi. Vel verdt turen Gjekk til innkjøp av bingopenn. Her går ein all in Aldri prøvd det før men går gjerne igjenn No må eg nok kanskje vente til neste sommar Kunne vore meir folk Det hadde dei som laga det til fortjent❤️
Vann 150 så storfornøgd eg. Spenning og pausemat og prat.
Kjekt med litt aktivitet i bygda og samtidig støtte grendalaget
Kveldsroa senkar seg og høsten er nær Kjenner den komme gjennom farger og treer Kroppen den stivner og bruker litt tid Men endå August så gamla er blid.
Hausfargane er flotte og tida er fin Men lite glad i mørke så inni meg eg grin Men,sånn er no det å bu her i vest Livet kan ikkje alltid vere ein fest