Snart jul

Utruleg kor fort dagane går
Søndagsmorning og skikkeleg ruskever ute
Gjesp

Nyheitsbilde i dagens aviser var trist,syns eg
Er så mange personlege tragediar rundtom
Kjenner det gjer noko med meg og stemningsleie

Har sove lenge,fyrt i ovnen og krope under pleddet mitt
Skal ha meg ein stille og roleg søndag
Planen er å lage litt kromkaker
Finne fram litt julenisser frå kroker og krær
Berre ta dagen heilt med ro og surre rundt

Frister ikkje med uteaktiviteter og føler eg er litt pjusk
Ski og skiskyting på tv, så trur eg berre skal kose meg med det

Ikkje heilt i mål med julegavene heller..Men,ikkje alltid så lett å finne på noko
Iallefall når ein ikkje har peiling på kva dei ynskjer seg
Har ei veke att til å komme i mål:-)
Jul vert det uansett om eg er klar eller ei

Ikkje hatt den store lysta til handarbeidsaktivitetar heller i det siste
Skulder på mørketida:-)Men er vel helst energien som er litt lav
men først og fremst må eg få litt julestemning i hus
I år satser eg på tre frå naturen.
Plasttreet mitt syng på siste verset og nytt er ikkje innkjøpt
Om det vert furu eller gran er uvisst.Satser på at eg får eit på døra.Er lov å håpe:-)
Visst ikkje har eg jo gamletreet i beredskap

Ha ein super søndag:-)

3 kommentarer

    1. Jeg fikk i hus noen av de siste julegavene i dag 🙂 Deilig. Det har gått jevnt og trutt. Ikke noe stress fra min side i år. Sikkert fordi jeg er sykmeldt. Har rukket det på dagtid 🙂

    2. Ja nå er det siste innspurt – og kanskje siste innspurt med været også…. nå er det mye vær på våre kanter – og nordover… Lag deg ei fin ny uke.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg