Natta går sakte men sikkert mot dag
Ikkje at det skaper så stort eit behag
Inatt er den natta då søvnen er vekke
Nesten så eg syns den er på grensa til frekke
For eg skal på jobb når morgonen kjem
At eg er så trøtt kan bli eit problem
Men klokka er fem og eg har funne meg kaffi
Gjespar og tenkjer ,her trengs noko med kraft i
Igår måtte advent vike for litt jul
Trur eg må leite opp nissane som har helde seg i sjul
Nærmar seg jul og dei treng fram i lyset
Få riste av seg litt støv så eg slepp sitte å nyse
Var ikkje planen eg skulle jobbe idag
Men kan ikkje alltid gå for velbehag
Så får styre litt vidare seinare idag
Visst eg då ikkje sovnar og ikkje er i slag
Ha ein fin lørdag og senk skuldrane og tenk
Jula kjem uansett om det i skuffene er rent
Er liksom ikkje nede i dei vi skal feire
Viktig å kose seg om ein er aleine eller fleire
Ha ei god vakt på jobb 🙂 Fint dikt!
Takk:-)
Takk for vakkert dikt. Og riktig god helg. Jeg skal lage til litt mer jul her i helga. Tar det pø om pø.