Når èin trøtt og sliten Berre treng litt tid i naturens vakre solnedgang
Etter først og hatt ei runde til sjøen
Då går livet igjenn sånn heilt ok
Når èin trøtt og sliten Berre treng litt tid i naturens vakre solnedgang
Etter først og hatt ei runde til sjøen
Då går livet igjenn sånn heilt ok
Idag er det eit år sidan vi tok farvel mamma
Saknet har vore stort for heile familien
Bautaen vår var plutseleg ikkje meir
No må vi ordne opp sjølv
Ta vare på familiesamhaldet
Var der vi samlast.
Hos mamma
Trygg og god med gode og ærlege råd
Men sånn er livet
Vi skulle gjerne hatt deg med oss nokre år til,men du ga oss ei god ballast i livet
Lærde oss kva som var viktig
Så idag tar eg ein roleg dag og let minna få strøyme på.Høyrer fortsatt stemma di i hovudet når eg gjer ting som eg ikkje heilt får til eller eg veit du ikkje syns heilt om:-)Alltid ein god kommentar:-)
Hadde roa seg litt så tenkte eg fekk lufte hjernecella
avtrykk etter ufo kanskje?:-)Er no berre spor etter bålkos under snøfallet tidlegare i månaden
Diverse merkelege skapningar ute idag
Rikeleg med vatn:-)
Elskar desse gamle steingardane
Her starta tor og rasle med hammaren,så turen innatt til bilen gjekk uten stopp
Har vore lekkert med tre dager fri uten planar.Berre slappa av og tanka krefter
No har eg funne bok og hekletøy
Søndagsfreden har senka seg.
Ute er det igjenn kaldare og ikkje særleg innbydane
Eller rester av den
Innever rett og slett
Berre å kose seg inne og nyte fridagen,tenkjer eg
For å gå ut frister ikkje noko særleg må eg innrømme
No er det Trump som er tingen og det skjønner eg
Han er ganske så lik han som styrer nabolandet vårt oppi nord
Ganske så skummelt spør du meg
Kva som skjer framover er det vanskeleg å forutsei
her krangler vi om eu -derektiv
Verden er i forandring og vi er avhengig av kvarandre mykje meir enn før
Her i huset har eg og Ingolf innedag
Ingolfen sit og ser ut,,,kva han tenkjer er litt uvisst
Eg tenkte å finne fram kaffikoppen og hekletøyet
Berre kose meg og tanke krefter
Ut går eg kun i nødstilfelle:-)
Ha ein fin lørdag
Ingolfen her:-)
Ja det er meg igjenn
Kattelivet er ikkje enkelt skal eg sei dåke
Iallefall ikkje når ein bur ilag med ei gammal skrullete kjerring
Ho styrer på og har ikkje alltid kontroll,så eg grip inn med ulike resultat
Null forståelse
Men,no har det toppa seg litt
Vi er jo vandt til å gå her å tusle vi to
Ho går på jobb og då styrer eg huset åleine
Kva eg då driv med har vore ei hemmeligheit og temmeleg avslappande spør du meg
Men,no er dattera begynnt å vere meir på besøk
Ho kjem inn her sånn i mi fritid og tek seg til rette
Sit med spisebordet
legg seg på sofaen
og går til å med å styrer på kjøkkenet
Kva gjer du meg
Eg må jo passe på
Så her legg eg iveg i hyller og på sjenker
Må inspisere kjøkkenbenken,og både salong og spisebord
Kan jo vere at det er farlege saker
Eg er jo redd dama vert forgifta
Så når ho då må røyse seg for å hente noko eller snur seg vekk litt,så er eg rask til å smake på maten
Eg vil jo ikkje at ho skal verte dårleg
Same spetakkelet kvar gang.
Ho vert dritsur
Kva gjev du meg?
Her skal eg berre vere grei
I tillegg høyrde eg ho gramde seg til matmor
Kva trur du svaret var
Hiv han ut!!
Hallo
Utakk er verdens lønn
Gå tur etter jobb
Berre vere i nuet
Slå av alle tankar
Nyte naturen og stillheita
Noko skal ein jo ha og det dukker stadig vekk opp noko nytt
Litt stiv og støl følte eg meg då eg tusla til sengs igårkveld
Krølla meg godt i hop på godsida.Venstre:-)
Men etter ei stund fekk eg behov for å snu meg..
Det vart det fort slutt på
Alt gjekk trill rundt,eg tenkte no besvimer eg,kvalm som fy og kasta med i full fart tilbake til venstre
Roa seg noko ,men fortsatt kvalm
Tenkte etter ei stund att.Går då ikkj an at eg har fått krystallsykje ,eå prøvde på nytt
Total idioti og det same skjedde igjenn
Så la meg godt over på godsida ,kvalm og elendig og sovna til slutt
Til eg våkna i panikken av følelsen av å bli tatt livet av..
Drømde so klart,og var berre det same
Då sto eg opp
La alle dei putene eg fann under rygg og hovud og der sovna eg.Trygg for å snu meg nokon som helst plass
Skulder på stramme musklar
Gjekk no greit på jobb,og har vore hos Reset frisør:-)
Fått behageleg hårvask og farge,i håp om eit litt bedre utseende:-)
Underverk kan få gjere.Iallefall ikkje med dette
No har eg funne fram det gamle masasjeapparatet som rister og slår i musklaturen.
Vondt skal vondt fordrive.Håper ikkje det skjer på nytt for er veldig ubehageleg.-)Venter på at maten skal steike seg ferdig,mens behandlinga føregår:-)Forebygging
Ingolf gjekk ut
Hadde ikkje trua:-)
Ha ein super tirsdagskveld
Trur det er det eg får trøste meg med idag
For den søvnen eg har mista i helga den har eg tatt att:-)
Vakna av eit veldig spetakkel ute
Trur det var helikopter,men veit ikkje .
Døsa av att og heeldigvis ringde dattera
Ellers hadde eg galant sove til i ettermiddag
No har eg funne fram kaffikoppen og Ingolf har fått mat
Dagen skal nok starte her og eingang, sjølv om klokka alt har bikka 11
Har nok godt av det:-)Trøster meg med det
Skal snart rusle meg ein tur er planen
Frisk luft gjer godt
Europa venter på kva som skjer no etter maktskifte i Usa
Kan verte kva som helst
Gamle menn uten filter er ikkje så greit
Håper det er mange fornuftige rundt han i systemet
Straumprisane er dyrare.Kvifor det er slike prisforskjellar i eit land som nermast drukner i nedbør..Iallefall i vest,det skjønner eg ikkje
Men ikkje alt ein skal forstå seg på
Gjesp frå meg og Ingolfen
Vi er like slakke i viljen idag begge to:-)
Burde nok starte å trene litt eg og kjenner eg på kroppen
Men kortid,,,,Tja
Ha ein fin dag:-)
Søndagsmorgen og tidlegvakt.
Beundrer dei som får sove godt etter seinvakt
Her tek det tid,så søvn er ei mangelvare her eg sit
Men,berre å ta seg ihope og tenkje att.
Eg kan sove når eg kjem heimatt:-)
Inne i ein periode med søvnvanskar og den er for å vere ærlig slitande
Ein er liksom alltid trøtt og på etterskudd
Men,går ikkje an å tenkje for mykje på det heller for er inga hjelp i
Så her er det gjesping og kaffi på programmet:-)
Ingolf gjekk ut,så antar veret er så nokkonlunde
Er iallefall mørkt ute:-)
Syns det er hærlig at det lysner litt meir for kvar dag som går
Det går mot vår:-)Berre lekkert
Vinteren kan verte lang endå,men det er håp i hengande snøre
TikTok er stengd i Usa står det på nett.Reknar med det ordner seg att på eit vis
Om Kina sel den gjenstår å sjå
Verda er i det heile uroleg
Ha ein super søndag:-)
Har av og til sine fordeler å vere politikar
Blandt anna å vere invitert til nyåpning på ungdomsskuletrinnet.
Den delen av skulen er reven og bygd opp ny
Var då minna kom frå då denne skulen var heilt ny og alle ungdomsskuleelevane frå heile kommunen for første gang var samla under eit tak
Eg gjekk i åttande..Var mange fleire av oss den gangen.Elevtalet går ned
Vi syns skulen var heilt topp.Spennande med nye bekjentskaper
At kuppeltak av glas eller var vel kanskje plast.var lite teneleg i vått vestlandsver fekk vi fort ærfare.Regnet overdøyvde det meste av det som vart sagt.Var store rom med skyvedører mellom
Men stas var det den gangen og sikkert no. Veldig kjekt for dei som jobbar der og elevane å få noko nytt istadenfor det gamle og utslitne
Var jo storfint besøk av finansminister og andre
Tv og lokalaviser.Flotte taler og overrekking av gaver
Dei som imponerte meg mest var barnekoret.For ein flott gjeng.Fekk nesten tårer i augene:-)
Kjempeflinke
Rakk akkuratt å smake marsipankaka før seinvakt
Dyrt for kommunar å bygge nytt sjølv om det er nødvendig.Rentene er høge for alle.
Idag vert det kun avslapping før jobb er planen.
Må lufte meg og har regntøy.
Men først må eg ha litt meir kaffi:-)
Ha ein super dag