Viser innlegg med etiketten Ristekort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ristekort. Vis alle innlegg

fredag 5. februar 2021

Ristekort til ungdom

Ikkje så ofte eg lager ristekort. Litt dumt sidan det er kort med WOW-effekt. Her har eg laga 2 stk som passer best til ungdomsjenter.  Det eine kortet er til ein bestemt mottaker, og det andre til salgskorga mi. 
Mønterpapir med glitter på stjernene trur eg er frå  Panduro, rammedies frå Spellbinders og chipboardstjerner frå Papirdesign


Kort nr. 2 har eg hatt på ein blomst i staden for stjerne.

Innsidene i korta. Tekststempel frå Staz


Scrappelyst: Stjerner
Nordsalten hobbyklubb: Til kvinnen/jenta
Scrap the Rainbow: Rosa eller rødt

torsdag 25. april 2019

Lift veke 17

Her er mitt bidrag til liftkonkurransen  for veke 17 i Pop-up kortutfordringer lift. Denne veka er det dette shakerkortet til Lena som skal liftes. Litt arbeid med shakerkort, med det blir jo ein flott wow-effekt. Eg har brukt mikroperler og paljetter inni sirkelen.

Stort sett har eg brukt mønsterpapir frå Maja Design. Gratulererdies frå Papirdesign. Metallpynten husker eg ikkje kor er frå.



Osteklut farga med Distress bak blomstene.

Innsidene har eg brukt restepapir og tekststempel frå Norsk stempelblad.

Scrapomania: Pastell

søndag 2. desember 2018

Kort med microperler

Desse 2 julekorta har eg laga som ristekort/shaker card. Det øverste med grå ramme og blanke
microperler og paljetter inni. Kort nr. 2 har gråblå ramme og blanke og isblå microperler inni. Eg har laga 3 til nesten like kort, men dei blei laga som vanlege kort utan perler inni.

Rammedies frå Memory box og snøfnugg er laga med punch frå EK-Success

Pyntebær frå Kort&Godt og kongler frå ein gammal lysmansjett.


Kort nr.2 har fått tyllsløyfe og metallrosett



Scrappelyst: Julestemning
Outside the box: Holiday sparkle & shine. Microperls, rhinestones and sparkling snowflakes
Papirlosjen: Alt er lov
Scrappiness: Jul

Papirdukkene: Glitter eller CAS

tirsdag 6. desember 2016

Ristevindu

Igjen eit julekort med ristevindu. Denne gang med dette koselige julepapiret frå Pairdesign. Teksten er laga med die frå Papirdesign og ramma er chipboard frå Wycinanka.





Metallbjeller og kongle som eg er usikker på kor kommer frå .

Ramma med dompapene er chipboard frå Wycinanka som eg har fargelagt med Promarkertusjer. Inni er det microperler og metallicstjerner.


Papirdesign: Jul + produkter frå Papirdesign (papir og tekstdie)
Scrappelyst: Chipboard eller papp
Papirlosjen: Jul/vinter
Scrap from your heart: Jul med hjerter.
Papirplaneten: Jul

søndag 6. november 2016

Ristekort

Ein wow-effekt på kort synes eg det blir med "ristevindu". Trenger ikkje så mykje anna pynt då.

Papir frå Studio light og ?, chipboard frå Wycinanka, greindie frå Marianne design og kantdie frå Magnolia.

Paljetter og glitter i "ristevinduet"

Tyllsløyfe med glitter i, og kongler frå ein gammel lysmansjett

Papirplaneten: Kvit, blå og sølv
Scrap from your heart: Jul
Kaboks: Jul i november
Hjerteboden: Jul

torsdag 14. januar 2016

Shake it II

Då eg laga ristekortet i forrige innlegg, hadde eg eit par feilkuttinger og fekk ein del  papirbiter til overs. Derfor blei det eit kort til med dei samme fargane. Og igjen eit ristekort sidan det var kjekt å lage.

Chipboard og metallsommerfugl frå Korthobby og dies frå Sizzix.

 
Den blå bakgrunnen er laga med embossingplate og pussa lett med sandpapir. Microperler og paljetthjerter  inni sirkelen. På  chipboarden har eg brukt Distress og Metallic Lustre.(iced espresso), men metalleffekten vises dårleg på bildet


Innsida.

Trykkpressa: Ristekort
Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby

mandag 11. januar 2016

Shake it

Trykkpressa sin utfordring denne månaden er ristekort. Det hadde eg aldri laga før, så det måtte derfor prøves :) Og det var jo ikkje så vanskeleg som eg trudde, så det blir nok fleire slike kort.

Den blå bakgrunnen er laga av tørrembossing og så pussa med sandpapir. Metallcharms frå Korthobby.


Ramma er laga av svart og blått embossingpulver. Har også smelta inn litt mikroperler og paljetter i embossingen.


Innsida

Tekststempel frå North Star og kantpunch frå Magnolia. Sirkelen inni blomsten er laga av mikroperler.


Ett trykk: Ristekort
Korthobby: Alt er lov
North Star: Alt er lov + stempel frå North Star
Papirlosjen: Favoritt. Dies og blomster er to av mine favoritter når eg lager kort