torsdag 28. juli 2022

Flip-kort

 Til Scrappegarasjen si inspirasjonshelg blei eg inspirert til å lage mitt første Flip-kort. Blei så fornøyd med det at nå har eg laga ett til nesten likt. 

Mønsterpapir frå Vida Grade, greindies frå Papirdesign


Inni blomsten har eg limt ein "haug" med 2 forskjellige perler. Det er det lille ekstra på dette kortet som ellers er ganske enkelt.



Innsida. Tekstdies frå Papirdesign

Her er kortet som eg deltok med på Scrappegarasjen si inspirasjonshelg. Litt mørkere baser, og litt annerledes greinpynt.

Creative fingers: ATG

Skrapp og skravl: Sol og sommer

Scrappekos: Blomster. 3 forskjellige farger

lørdag 23. juli 2022

Kaffikort

 Eit kort til ein kaffielsker.

Mønsterpapir, motivstempel og gratulerer-dies er frå Papirdesign



Ekte kaffibønner til pynt. Pynten inni blomstene er Art-stones som er farga med Distress + litt microperler. 




Innsidene. Bokstavane er stansa ut med vimpeldies-settet frå Papirdesign

  • Hobbykunst: Fargelagt motiv
  • Scrapp og skravl: Skisse

søndag 17. juli 2022

Kort med tag

 Eit kort med tag som eg har laga etter inspirasjonsbildet hos Scrappegarasjen si inspirasjonshelg.

Usikker på kor dette flotte mønsterpapiret er frå. Tekststempel frå Norsk stempelblad og bladdies frå Papirdesign



  • Scrappegarasjen si inspirasjonshelg: Inspirasjonsbilde
  • Scrapp og skravl: Vinger
  • Hobbykunst: Blondeserviett
  • Scrappekos: Blomster

Embossa stjerner 2

 Her er enda eit kort med embossa stjerner. Laga opp ein del stjerner når eg først holdt på med embossingpulver.

Enkel diagonalbrett som gjør kortet litt meir spennande.

Mønsterpapir og Vipps-dies inni er frå Papirdesign.


Veldig fornøyd med desse embossa stjernene og bokstavane :)


Denne Vipps-diesen kommer nok til å bli brukt på ein del kort. Må jo ha kort sjølv om ein vippser penger.

Papirdesign: ATG

Scrappelyst: ATG

Ally`s angels: ATG

Embossa stjerner

 Eit ganske enkelt kort til nevøen min. Det som har tatt mest tid, er å embosse stjernene med svart og blått. Først svart, og så prøve seg fram med å drysse på litt og litt blått pulver. Trur eg må ta ein runde med støvsugeren etter å ha holdt på med dette :)

Mønsterpapir og tekstdies frå Papirdesign. Stjernedies frå Marianne Design




Innsidene:

Siluetten er funnet på Pinterest. Passa bra til ein som er i militæret nå.



Papirdesign: ATG

Scrappegarasjen si inspirasjonshelg: Skisse

torsdag 14. juli 2022

Kondolansekort

 Eit kondolansekort i CAS-stil. Har dabba med 2 forskjellige gulfarger i midten av den embossa  blomsten og pynta med litt bling. Liker godt strukturen i kartongen frå CraftEmotions.

Embossingplate frå Hobby Solution og tekststempel frå Staz.




Innsidene.



Scrapp og skravl: vinger

onsdag 13. juli 2022

God sommer

 Mor mi ønska eit sommerkort til ei veninne.  Har jo litt kort liggande, men alle stod det gratulerer eller hurra på. Måtte derfor lage eit kort som ikkje er eit gratulasjonskort. Sommerkort burde fleire sende til venner og bekjente :)

Mønsterpapir frå Maja Design.  Greindies og tekstdies er frå Papirdesign.


Har stansa ut sommerfuglen 2 ganger. Den øverste har fått på seg eit lag med Glossy accent.


Innsidene.

Scrapp og skravl: Vinger