lørdag 22. januar 2022

Vinterkort

Nå er eg ferdig med jula for ei stund, men fremdeles så har korta mine eit vinterlig preg. Her har eg laga 2 nesten like kort med nye papirer frå Paper Boy. 

Første bildet viser kossen mønsterpapiret opprinnelig såg ut. Eg har delt mønsterarket i 2, og så klipt langs treet på venstre sida og limt dei på høgre delen. Har i tillegg stansa ut 2 tre med dies frå Lea` bilities. 


Måla på kortet er 9-16 cm


Ein ugleknapp frå Dress it up pynter opp. Har klipt ut litt blader og roser og limt på for å gi litt meir liv i kortet.

Innsidene

Det andre kortet har eg dekorert med eit ekorn. Tekstripene er frå Papirdesign.

  • Scrap the Rainbow: ATG
  • Hobbykunst: Vinter
  • Scrappesyken: Dyr i skogen

lørdag 15. januar 2022

Trekanteske med hjort

 Enda eit av juleprosjekta mine til jula 2021 som eg ikkje tok meg tid til å blogge i desember . Eg laga fleire slike trekantesker til mor mi som ho brukte til å legge litt Twist og gavekort i.

Mønsterpapir frå My Minds eye og Maja design.





Inni eska er det ei lomme til gavkort.

Scrappelyst: Dies

  • Hobbygarasjen: Snøfnugg
  • Hobbykunst: 3 dies
  • Scrappesyken: Dyr i skogen
  • Lek med Kreativ scrapping: Minst 3 dies


Julekort med dompap

 Nei, eg har ikkje begynt med årets julekort ennå. Dette julekortet blei laga til jul i fjor, så på tide å få blogge det og lagt det inn i bloggarkivet. Men eg burde kanskje starte med julekorta litt tidligere, for når jula nærmer seg, har eg lyst til å lage diverse esker og gavelapper også.



Her er innsidene i kortet.

Scrap the Rainbow: ATG
Hobbykunst: 3 dies
Lek med Kreativ scrapping: Min. 2 dies

lørdag 8. januar 2022

Vinterkort

Då var eg i gang med kortproduksjonen i det nye året. Årets første kort er eit ganske enkelt kort der eg har laga bakgrunnen sjølv med 2 forskjellige blåfarger akrylmaling. 

Motiv og tekstetempel  frå Norsk stempelblad


Har dryst på litt  kvit embossingpulver


Innsidene


  • Hobbygarasjen: Snøfnugg
  • Scrap the rainbow: ATG
  • Hobbykunst: 3 dies 
  • Scrappekos: Blått og kvitt
  • Kreativ scrapping: Minst 2 dies