søndag 25. april 2021

Havhester

Inne hos Scrapp og skravl har dei ein helgeutfordring der ein skal skraplifte dette kortet.

Så i går ettermiddag tok eg med meg alkoholblekk ut i ettermiddagssola for å lage opp bakgrunner. Dekka til NESTEN heile kafèbordet med avispapir, men klarte sjølvsagt å søle blekk på den delen av duken som ikkje hadde avispapir :(

Havhestene er dies frå Memory Box (Seahorse) og bladdies frå Sizzix

Har brukt 2 blåfarger + glitter i bakgrunnen


Oh, shit :(

Scrappelyst: Geometriske figurer

Outside the box: Maling + produkt frå Memory box (Seahorse)


lørdag 24. april 2021

Veske til konfirmant

 Eit veskekort laga med papirer frå Kort&Godt. Neste gang eg lager veskekort, skal eg ha øverste delen litt større. Både for syns skyld og for bbedre lukking.

Fargen på mønsterpapiret er mest lik slik den er på bilde nr. 1


Roser frå Papirdesign. Osteklut farga med Distress synes eg blir ein fin detalje i lag med rosene

På denne veska har eg brukt borrelås til lukke veska. Tekststempel inni frå Norsk stempelblad


Scrapp og skravl: Konfirmasjon

torsdag 22. april 2021

Kort med alkoholblekk

 Her kommer 2 til kort som eg laga på onlinetreffet i helga. Nå har dei fått pynt på innsiden også.

Bakgrunn på katte kortet og sommerfugl er laga med alkoholblekk.



Kort nr.2

søndag 18. april 2021

Mosaikk

 I helga har eg deltatt på Scrappiness sitt digitale treff. Eit digitalt treff passer meg godt. Det gjør at me som bur litt "avsides" også kan delta. Og så liker eg at ein kan gå litt til og frå, og kan bli med når det passer, og når arm og nakke fungerer. Måtte jo ut å nyte det fantastiske været me har hatt i helg :)

Det som ikkje er så bra når ein deltar på slike treff, er at eg ikkje gjør meg ferdig med innsiden sidan eg har lyst til å bli med på mest mulig :) Innsidene håper eg å få gjort ferdig i løpet av veka :)

Men dette kortet som eg leverte inn i dag, gjorde eg ferdig i kveld.

Her har eg brukt ein dies frå Neat and Tangled. Har stansa ut i både brunt (ramma) og i ark laga med alkoholblekk. Heldigvis er det berre to typer trekanter, så det går ganske  greit å pusle sammen. Veldig fin glans når ein bruker alkoholblekk på Yupo-papir. Ser nesten ut som glassmaleri.



Innsidene


Scrappelyst: Geometriske figurer.

Scrappiness onelintreff

søndag 11. april 2021

Veske til håndballspiller

 Eit konfirmasjonskort/veske til konfirmant som speler håndball. 

Mønsterpapir og roser frå Papirdesign. Osteklut fargelagt med Distress. Usikker på kor sommerfuglen er frå



Innsidene. Her har eg brukt eit papir frå Studio Light. Pengelomme bak dei nederste blomstene.



Scrapp and Skravl: Konfirmasjon


mandag 5. april 2021

Konfirmant i beige og turkis

 I påska har Boblende kreativitet vist fleire inspirasjonsvideoer/kurs. Eg blei inspirert av Anita Sæterdal sin video til å lage dette konfirmasjonskortet.

Dette flotte mønsterpapiret har eg hatt liggende lenge, men veit ikkje kor er frå.  Konfirmant er dies frå Kort og Godt, blomsterdies frå Spellbinders og tekst inni frå Papirdesign.



Innsidene. Ekstra brett/lomme til penger eller gavekort.

Baksida
 

  • Boblende kreativitet. Bretteprosjekt
  • Scrapp og skravl: Konfirmasjon
  • Scrappesyken: Vår, lyse farger