fredag 23. januar 2015

Minipaljetter

Scrappelyst har ein utfordring der ein skal bruke paljetter. Då måtte eg leite i gamle hobbybokser for å finne det :) På det forrige innlegget har eg brukt "vanlige" paljetter, men eg fann også ein pose med minipaljetter som eg har testa ut på dette kortet. Og endelig har eg fått tatt i bruk embossing paste og sjablong som eg kjøpte for ei god stund sidan.

Mønsterpapir frå Studio Light, sjablong frå Memory box, metallramme frå Korthobby, #stempel frå Staz, dies frå Marianne design og blomster frå Prima.





 Takk til deg Anne for inspirasjon til bruk av tyll :)



Embossingpaste blanda med litt distressfarge.

Blanda til litt for mykje paste, så då blei det sirkler på alle 4 sidene :)




Scrappelyst: Bruk paljetter
Sketchy colors: Turkis og rødt
Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby. Her: ramme
StampARTic: Bomster
Papirplaneten: Alt er lov + produkt som finnes i nettbutikken (Turkise blomster frå Prima)

lørdag 17. januar 2015

Vinter

Til bursdager vinterstid passer det med vinterkort :)

Har brukt kantdies frå Spellbinders, rammedies og swirle frå Marianne Design, blomst frå Storyteller, tekststempel frå Global Hobby. Metall frå Korthobby.



På greina har eg hatt på pop-opp snø. Og bak ramma er det"nettinggitter" i sølv.


Inni. Tekstspempel frå North Star Stamps

Scrappelyst: Paljetter
Storyteller: Snøkrystaller eller glitter + produkt frå Storyteller (Blomsten)
Korthobby: Alt er lov + produkt frå Korthobby.
Scrappehjertet: Snø
StampARTic: Vinter

fredag 16. januar 2015

Tilbakeblikk

Nordsalten hobbyklubb sin utfordring denne gang er "Tilbakeblikk". Det går ut på at du skal vise ditt favorittprosjekt frå 2014.
Eit kort som eg var ekstra fornøyd med i fjor, var dette kortet som mor mi fekk til 80 årsdagen sin.  Synes det passa veldig godt til ho sidan ho ein racer på symaskina. Ho har sydd ein del klær opp gjennom åra, men nå blir symaskina mest brukt til diverse prosjekter med lappeteknikk/quilting. Likte også godt fargane på desse mønsterpapira, og så var eg veldig fornøyd med at ikkje mi symaskina tulla då eg sydde sikksakk :)




 Frantage på kjolestativet.


Mini-mini-perler litt hist og her på sløyfa og bladene.


Inni.



lørdag 10. januar 2015

Prikker og pastell

Nå har eg pakka vekk julestempel/pynt og juleark. Synes det er godt å ha ein lang pause frå julekortlaging, og heller glede seg til å ta det fram igjen til hausten.
Årets første kort blei eit jentekort med mange prikker. Desse prikkete mønsterpapira har eg hatt liggande ei stund, men når det ikkje står på arka kor dei er frå , glømmer eg slike ting fort :)  All metall på kortet er frå Korthobby og #stempel frå Staz. Har brukt rosa glitter på ein del av prikkene, men det vises litt dårleg på bildet.

 

 
 

Sketchy Colors: Skisse
Kort`O`Mania: Blått og blonder
Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby (Her: charms, blomst og ornament)
Papirlosjen: Minst 3 ting med forbokstaven din. Gullstjerne, glitter og grønne prikker
Scrappelyst: Bursdag

Fortsetter også i år med min egen regel med max. 5 utfordringer pr. kort :)