søndag 15. september 2013

Stjerner og bling

Dette kortet skal niesa mi få til bursdagen sin. Ho bur på hybel i Bergen nå, og då er det jo kjekt å få brev i postkassen. Inni har eg lagt eit kryssorflaks, så då kan ein jo håpe på litt ekstra "studentpenger" :)

Mønsterpapir frå Prima og Papirdesign (dei blå stjernene), stjernedies frå Nellie Snelle og Marianne design, lommestempel og tekststempel frå Kreativ Hobby.



Maaaange bling!

Heimelaga pebbles
 
 
Nordsalten hobbyklubb: Bling it up!
Korthobby: Snop/gotteri + metall frå Korthobby sitt sortiment. Her: stjerne på lomma.
Cherish this: alt er lov
 
 
 


onsdag 4. september 2013

Dåpskort

Kort til jentebabyer trenger då ikkje alltid vera rosa? Og i alle fall ikkje når eg er veldig glad i lilla :)
Dette kortet er laga på bestilling av ei på jobben. Eg har laga liknande kort med halv framside tidligare, men då var det til ein gutttebaby og som bryllupskort.

Mønsterpapir frå Ladybug and friends, hjørnepunch frå MS, hjertedies og bladpunch frå Nellie Snellen, swirle frå Marianne design, bokstaver med Cricutmaskina.





Den størst blomsten er kjøpt på Kremmerhuset, og blei brukt som bordpynt i  dattera mi sin konfirmasjon. Flott med gjenbruk :)




Papirdesign: Baby
Hobbygarasjen: Barn
Card and Scrap: Dies