Zavodovski Island
Zavodovski Island | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | Sør-Sandwichøyane, Traversay Islands | ||
Koordinatar | 56°18′S 27°34′W / 56.300°S 27.567°W | ||
Høgaste punkt | |||
• høgd | 551 moh. | ||
Areal | 14,7 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Øygruppe | Sør-Sandwichøyane | ||
Vulkantype | Stratovulkan | ||
Siste utbrot | 2012 | ||
Zavodovski Island 56°18′S 27°35′W / 56.3°S 27.58°W | |||
Sør-Sandwichøyane
| |||
Wikimedia Commons: Zavodovski Island |
Zavodovski Island er ei aude vulkansk øy i Traversay Islands i Sør-Sandwichøyane. Ho ligg 350 km søraust for Sør-Georgia. Ho er den nordlegaste av Sør-Sandwichøyane og den som ligg nærast Sør-Georgia.
Zavodovski Island vart oppdaga og namngjeven av den russiske oppdagaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen på julaftan 1819. Bellingshausen kalla ho opp etter løytnant Ivan Zavodovski, som var kaptein på skipet «Vostok».[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Øya er kring 5 km lang og det høgaste punktet er 551 meter over havet. Stratovulkanen Mount Asphyxia dominerer vestsida av øya, medan austhalvdelen er ei lågtliggande lavaslette. Det vart oppdaga fersk lava frå Mount Asphyxia og fleire indikasjonar syner at han har vore aktiv sidan den gong. Kring 50 % av øya består av tefra. Eit vulkanutbrot vart oppdaga på øya 2. mai 2012, men storleiken av utbrotet er ikkje kjend.[2]
Det finst kring ein million par hekkande ringpingvinar på øya, noko som er ein av dei største pingvinkoloniane i verda.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zavodovski Island» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- LeMasurier, W. E.; J. W., Thomson, red. (1990). Vulkanar i the Antarctic Plate and Southern Oceans. American Geophysical Union. s. 512 pp. ISBN 0-87590-172-7.
- Zavodovski, Sør-Sandwichøyane with images Arkivert 2018-11-28 ved Wayback Machine.
- «Zavodovski». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=1900-13=.
- ↑ Antarctic Islands - South Sandwich, arkivert frå originalen 20. august 2006, henta 15. november 2012
- ↑ «Satellite Spies Smoking, Hot Sandwich: Big Pic : Discovery News». Arkivert frå originalen 4. mai 2012. Henta 3. mai 2012.