Bay of Isles
Utsjånad
Bay of Isles | |||
bukt | |||
På kartet til Pendleton er bukta omtalt som «Bay of Island»
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°2′S 37°20′W / 54.033°S 37.333°W | ||
Lengd | 5 km | ||
Bay of Isles 54°02′00″S 37°20′00″W / 54.0333°S 37.3333°W | |||
Bay of Isles er ei bukt mellom Cape Buller og Cape Wilson langs nordkysten av Sør-Georgia. Ho vart oppdaga i 1775 av ein britisk ekspedisjon under James Cook og ho fekk dette namnet av han på grunn av dei mange øyane (minst tolv) i bukta.[1] Mange av desse øyane er kalla opp etter lokale fuglar som:
- Albatrossøya (albatross)
- Crescent Island
- Invisible Island
- Mollymawk Island (Thalassarche)
- Skua Island (joar)
- Petrel Island (petrellar)
- Prion Island (Prion)
- Tern Island (terner)
Området er i lag med Grytviken eit av to turistområde på øya. Av 31 hekkande fugleartar på Sør-Georgia finn ein 17 her i bukta.
Rosita Harbour ligg på vestkysten av bukta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Isles, Bay of». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. oktober 2012.
- Stonehouse, B (ed.) Encyclopedia of Antarctica and the Southern Oceans (2002, ISBN 0-471-98665-8)
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Isles, Bay of» (innhald frå Geographic Names Information System).