Hopp til innhald

Pickersgilløyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pickersgill Islands
Pickersgilløyane
øygruppe
Land  Storbritannia
Øygruppe Sør-Georgia
Del av Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Koordinatar 54°37′S 36°45′W / 54.617°S 36.750°W / -54.617; -36.750
Kart
Pickersgilløyane
54°37′57″S 36°45′04″W / 54.6325°S 36.751°W / -54.6325; -36.751
Pickersgill Islands på eit kart av James Cook (sør er opp).
Pickersgill Islands på eit kart av James Cook (sør er opp).
Pickersgill Islands på eit kart av James Cook (sør er opp).
Pickersgilløyane is located in Antarktis
Pickersgilløyane (Antarktis)

Pickersgilløyane eller Pickersgill Islands er ei lita øygruppe vest for hovudøya Sør-Georgia. Dei ligg 24 km søraust for Annenkovøya og 14 km vest-sørvest for Leon HeadSør-Georgia.

Annenkovøya vart oppdaga i januar 1775 av ein britisk ekspedisjon under Cook, som namngav ho «Pickersgills Island» etter løytnant Richard Pickersgill på ekspedisjonsskipet HMS «Resolution». Ho vart i 1819 observert av den russiske ekspedisjonen under Bellingshausen, som trudde han oppdaga øya som førstemann, og kalla ho Annenkovøya etter løytnant Mikhail Annenkov, offiser på ekspedisjonsskipet.

Pickersgill Islands vart derimot oppdaga av Bellinghausen, som kartla den største øya i gruppa som Pickersgill Island då han trudde det var øya Cook såg i 1775 og namngav etter løytnanten sin.

Namnet «Pickersgill» vart sidan overført frå Annenkovøya til denne øygruppa.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Pickersgilløyane» (innhald frå Geographic Names Information System).