Hopp til innhald

Black Rock i Sør-Georgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Black Rock
øy
Land  Storbritannia
Øygruppe Sør-Georgia
Koordinatar 53°39′S 41°48′W / 53.650°S 41.800°W / -53.650; -41.800
Folketal Ingen
Kart
Black Rock i Sør-Georgia
53°39′S 41°48′W / 53.65°S 41.8°W / -53.65; -41.8
Black Rock i Sør-Georgia is located in Antarktis
Black Rock i Sør-Georgia (Antarktis)

Black Rock er ei låg klippe 16 km søraust for Shag Rocks og kring 170 km vest-nordvest for Sør-Georgia. Black Rock kan ha vorte rekna som ein del av «Aurora Islands» som vart rapportert i nærleiken av skipet «Aurora» i 1762. Ho vart kartlagd i 1927 av eit lag frå Discovery Investigations«William Scoresby».

Argentina har gjort krav på mange av øyane i området, inkludert Black Rock og Shag Rocks. Falklandskrigen i 1982 vart utkjempa mellom Storbritannia og Argentina om både Falklandsøyane og Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Black Rock og Shag Rocks ligg langs ruta mellom Falklandsøyane og Sør-Georgia, på det undersjøiske fjellet Scotia Ridge.