Prion Island
Utsjånad
Prion Island | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Georgia | ||
Del av | Sør-Georgia | ||
Koordinatar | 54°1′S 37°15′W / 54.017°S 37.250°W | ||
Prion Island 54°01′34″S 37°15′25″W / 54.026111111111°S 37.256944444444°W | |||
Wikimedia Commons: Prion Island |
Prion Island er ei øy 2,5 km nord-nordaust for Luck Point, som ligg i Bay of Isles i Sør-Georgia. Ho vart kartlagd i 1912-13 av Robert Cushman Murphy, ein amerikansk naturalist ombord på briggen Daisy, og fekk dette namnet fordi han såg Prion-fuglar på øya.
Øya har status som Specially Protected Area, særskild verneområde, av styresmaktene på Sør-Georgia, fordi ho er fri for rotter og fordi vandrealbatrossar hekkar her. Ein må ha spesialløyve for å gå i land på øya. Det vart bygd ei gangbru med to utkikksplattformar på øya i 2008 for å hindre erosjon.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Prion Island» (innhald frå Geographic Names Information System).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Film av Prion Island på YouTube