Ny pc og laaaang tids bloggtørke. Me har ikkje vorte samde om at LiveWriter var det eg skulle bruke for å forme innlegga mine på blogger. Og eg er for lat til å sette meg sååå grundig inn i ting at eg vinn. Og for sta til å bruke Blogger. Så då blei det stille. Heilt stille. Lenge.
Facebook er sikkert fint, det - til sitt bruk. Instagram likeså. Men blog er blog.
No som "Stripeleik" er linka til gjennom Årdal husflidslag, så kan det vere greit å finne fram att tommelinnlegget med foto og forklaring.
Og nei, dette er ikkje "Årdalsvotten", - sjølv om han har meir med Årdal å gjere enn visse sokalla edle dråpar har. Denne er i alle fall laga her i bygdi, av ein årdøl.
Votten laga eg for å teste eit designprogram, og sjå om eg kunne få publisert eit mønster på Ravelry utan for mykje plunder. Til no er det lasta ned godt 2300 eksemplar gjennom Ravelry, samt nokre hundre gjennom bloggen. Ikkje ille, det.
Kven veit, kanskje kan det kome ein årdalsvott etter kvart ...
1 kommentar:
Flotte votter! Jeg liker nr det dukker opp blogginnlegg, instagram og facebook er fint det og, men blogg er mitt favorittformat.
Legg inn en kommentar