Fyrste gongen eg opplevde førjulstida i England, midt på åttitalet, var eit sjokk for ein husflidar som meg.
“Plastic fantastic”, og ei uendeleg rekkje fuktige dagar og kveldar. Heimlengten tok meg ekstra hardt denne tida.
Så, ein søndag, tok eg og ei god venninne toget til Huddersfield, for der skulle det vere gamaldags julemarknad. Det var det! Den eine boden baud på gamaldags halmpynt – slett ikkje rimeleg, men fantastisk flott. Ein ting unte eg meg, og den blei min stille protest mot all plasten og glitteret.
Sjølvsagt vart den med heim på flyttelasset, og neste år feirar me 25 år saman. Med godt stell skal me nok klare 50 også, eg og halmpynten min.