Melodi Grand Prix 1978
Melodi Grand Prix 1978 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Finale | 18. mars 1978 | |||
Vertskap | ||||
Finale | Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo | |||
Programleiar | Egil Teige | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 8 | |||
Vinnar | ||||
Song | «Mil eter mil» | |||
Artist | Jahn Teigen | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 1978 | ||||
Finalepoeng | 0 | |||
Finaleplass | 20. | |||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Melodi Grand Prix 1978 var den 18. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK plukka ut åtte finalistar ut frå 650 innsende bidrag til finalen 18. mars 1978. Vinnarlåten blei «Mil etter mil» framført av Jahn Teigen og komponert av Kai Eide. Teigen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Paris, der bidraget enda på 20. og siste plass utan poeng. Dette var første gong eit land fekk 0 poeng med det noverande poengsystemet, og det var andre gong Noreg blei ståande utan poeng i konkurransen. Første gong var i 1963.
Sendinga
[endre | endre wikiteksten]Heile 650 songar kom inn til NRK dette året, noko som var ny rekord. Ein jury beståande av Svein Gundersen, Carsten Klouman og Fred Nøddelund, silte dei ned til åtte til finalen 18. mars. Finalen blei send frå Studio 2 på NRK Marienlyst, og Egil Teige debuterte som programleiar i Melodi Grand Prix.
Dei åtte finalistane blei akkompagnerte av eit 33-mannsorkester, spesielt samansett for tevlinga, og under leiing av Carsten Klouman.
Førehandsfavorittane var New Jordal Swingers og popduoen George Keller og Anita Skorgan, men begge enda langt ned på lista. I staden blei det ein tett kamp mellom Anne Lise Gjøstøl og Jahn Teigen, før sistnevnte snappa sigeren då dei ni fagdommarane hadde sagt sitt.
For første gong synte NRK ein kort reprise av finalelåtane før avstemminga.
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Artist | Komponist og tekstforfattar | Sluttsum | Plass |
---|---|---|---|---|---|
1 | «Spillemann» | New Jordal Swingers | Eigil Berg og Ivar Hovden | 50 | 6 |
2 | «Fortsett sangen» | Stein Ingebrigtsen | Petter Hurlen og Espen Dietrichs | 43 | 5 |
3 | «Hør hva andre har fått til» | Maj Britt Andersen | Kristian Lindeman | 40 | 4 |
4 | «Min sang» | Anne Lise Gjøstøl | Halvdan Presthus | 20 | 2 |
5 | «La meg bli med deg» | Septimus | Torbjørn Daleng og Gunnar Jørstad | 37 | 3 |
6 | «Den danseglade fruen» | Ingrid Elisabeth Johansen | Dag Kolsrud | 52 | 7 |
7 | «Prima Donna» | Anita Skorgan og George Keller | Svein Strugstad og Dag Nordtømme | 67 | 8 |
8 | «Mil etter mil» | Jahn Teigen | Kai Eide | 15 | 1 |
Avstemming
[endre | endre wikiteksten]Juryen bestod av ni fagfolk som sat i Studio A. Kvar jurymedlem rangerte dei åtte melodiane frå 1 til 8, der 1 var best og 8 var dårlegast. Vinnaren blei derfor songen med lågast sluttsum.[1]
Nr. | Tittel | Kari Stokke | Ellen Nikolaysen | Øyvind Thorsen | Laila Dalseth | Einar Iversen | Kjell Karlsen | Odd Børre | Alex | Svein Erik Børja | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | «Spillemann» | 5 | 8 | 7 | 8 | 8 | 3 | 3 | 4 | 4 | 50 |
2 | «Fortsett sangen» | 4 | 5 | 4 | 5 | 3 | 2 | 5 | 7 | 8 | 43 |
3 | «Hør hva andre har fått til» | 7 | 6 | 3 | 3 | 4 | 6 | 2 | 3 | 6 | 40 |
4 | «Min sang» | 1 | 2 | 1 | 1 | 1 | 5 | 6 | 2 | 1 | 20 |
5 | «La meg bli med deg» | 3 | 3 | 5 | 6 | 5 | 4 | 4 | 5 | 2 | 37 |
6 | «Den danseglade fruen» | 6 | 4 | 6 | 4 | 6 | 7 | 8 | 6 | 5 | 52 |
7 | «Prima Donna» | 8 | 7 | 8 | 7 | 7 | 8 | 7 | 8 | 7 | 67 |
8 | «Mil etter mil» | 2 | 1 | 2 | 2 | 2 | 1 | 1 | 1 | 3 | 15 |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Også dette året skulle Jahn Teigen setje eit sterkt preg på Melodi Grand Prix. Trass splitthopp og store solbrillar blei det ikkje eit einaste poeng i den internasjonale finalen 22. april. Dette var Noregs femte sisteplass og første gong eit bidrag fekk 0 poeng med dagens poengsystem, innført i 1975. Sisteplassen skapte overraskande nok ei enorm merksemd rundt «Mil etter mil», som fauk rett inn på VG-lista etter finalen. Der blei songen liggjande i heile 20 veker, inkludert fem strake veker på førsteplassen. Aldri hadde ein norsk vinnar blitt ein så stor salssuksess.[2] Teigen følgde raskt opp med albumet This Year's Loser, som òg blei ein stor suksess – heile 16 veker på albumlista.[3] Jahn Teigen fekk også stor merksemd i utlandet etter Eurovision Song Contest.
Det var på nippet at «Mil etter mil» kom med i Melodi Grand Prix i det heile tatt. Opphavsmannen Kai Eide tilbaud først låten til plateselskapet CBS. Plateselskapet kjøpte låten, men foreslo samstundes å sende han til Melodi Grand Prix. «Jo, men jeg har ingen til å skrive ned notene for meg!» svarte Eide, ifølge Kristian Lindeman i CBS.[4]
Finalen gjekk av stabelen om ettermiddagen 18. mars og blei send i opptak same kveld. Dette var vanleg på 1970-talet, for at «artistene og melodiene ikke skal lide under eventuelle tekniske svikt».[5]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Melodi Grand Prix 1978 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 18. mars 1978. Besøkt 25. juli 2016.
- ↑ «VG-lista for «Mil etter mil»». Verdens Gang. Besøkt 25. juli 2016.
- ↑ «VG-lista for This Year's Loser». Verdens Gang. Besøkt 25. juli 2016.
- ↑ Storeng, Jørn (20. mars 1978). «Go'ungen og barnevakten: Grand Prix-duo fra Tønsberg». Verdens Gang. s. 40.
- ↑ Storeng, Jørn (18. mars 1978). «Grand Prix! Alle melodiene SKAL rangeres». Verdens Gang. s. 53.