Melodi Grand Prix 2004
Melodi Grand Prix 2004 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Finale | 6. mars 2004 | |||
Vertskap | ||||
Finale | Oslo Spektrum, Oslo | |||
Programleiar | Ivar Dyrhaug | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 12 | |||
Vinnar | ||||
Song | «High» | |||
Artist | Knut Anders Sørum | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 2004 | ||||
Finalepoeng | 3 | |||
Finaleplass | 24. | |||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Melodi Grand Prix 2004 var den 42. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Tolv finalistar deltok i finalen 6. mars 2004 som blei arrangert i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «High», framført av Knut Anders Sørum. Songen er komponert av Thomas Thörnholm og Lars Andersson, med tekst av Dan Attlerud. Sørum representerte Noreg i den internasjonale finalen i Istanbul og kom på 24. og siste plass med 3 poeng. Dette var Noregs tiande sisteplass i Eurovision Song Contest.
Sendinga
[endre | endre wikiteksten]Også dette året opna NRK for at utanlandske låtskrivarar kunne levere bidrag i den opne konkurransen, noko som førte til at utlendingar stod heilt eller delvis bak halvparten av finalelåtane. Til saman kom det inn 530 låtar til tevlinga, og tolv av dei blei plukka ut til finalen laurdag 6. mars.[1]
Finalen gjekk nok ein gong av stabelen i Oslo Spektrum, og Ivar Dyrhaug var programleiar for første gong sidan 1983. Deltakarlåtane blei presenterte veka før finalen, og sjåarane kunne SMS-røyste på favorittane sine heile veka før finalen.
Dei fleste deltakarane var ukjende for dei fleste sjåarane, med Arlene Wilkes og Idol-deltakar Rebecca Ludvigsen som unntak.
Også dette året blei resultatet avgjort fullt ut av sjåarane sine telefon- og SMS-røyster. Først blei dei tolv finalemelodiane spelte ein gong, før publikum fekk røyste. Etter ein halvtimes sendepause begynte del to med røystinga for første runde. Dei fire best plasserte songane gjekk vidare til superfinalen, og publikum fekk røyste om att. I den andre røysterunden talde kvar telefonrøyst eitt poeng, og til slutt vann balladen «High» med over 26 000 røyster meir enn «This Is Where You Got It From». Dette var første gang utlendingar stod bak vinnaren av Melodi Grand Prix, for «High» var skriven av tre svenskar.
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Første runde
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfattar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|
A | «I Don't Understand Her» | Aslak J. Johnsen | Aslak J. Johnsen, Benjamin Sletten og Anders Bjørknes | 19 | 7 | |
B | «The Way I Feel» | Maria Moe | Kyrre Fritzner og Maria Moe | Maria Moe | 10 | 10 |
C | «Crazy Things» | Wig Wam | Wig Wam | 34 | 4 | |
D | «Mr. Brown» | Ja-Da | Ivan Jonas og Maxim Popov | 31 | 5 | |
E | «1000 And One Nights» | Rebecca Ludvigsen | David Clewett, Yak Bondy og Ivar Lisinski | 41 | 3 | |
F | «Crying» | Christian Hovda | Arne Hovda og Per Kristian Ottestad | 0 | 11 | |
G | «What Do You Think I Am» | Dilsa | Kim Bergseth, Dilsa Calimi | Tristan De la Villier og Dilsa Calimi | 16 | 8 |
H | «See the World» | Svein Lindland | Dag Lauvland | 30 | 6 | |
I | «Sunshine» | Malin Schavenius | Michael Lundh, Quint Starkie og Anna Sahlin | 0 | 11 | |
J | «High» | Knut Anders Sørum | Thomas Thörnholm og Lars Andersson | Dan Attlerud | 50 | 1 |
K | «I Knock on Wood» | Lisa Marie Strandengen | Glenn Gulli og Åsmund Ruud | Åsmund Ruud | 11 | 9 |
L | «This Is Where You Got It From» | Arlene Wilkes | Torbjörn Wassenius og Claes Andreasson | 48 | 2 |
Superfinale
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfattar | Stemmer | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|
C | «Crazy Things» | Wig Wam | Wig Wam | 48 920 | 3 | |
E | «1000 And One Nights» | Rebecca Ludvigsen | David Clewett, Yak Bondy og Ivar Lisinski | 46 675 | 4 | |
J | «High» | Knut Anders Sørum | Thomas Thörnholm og Lars Andersson | Dan Attlerud | 82 427 | 1 |
L | «This Is Where You Got It From» | Arlene Wilkes | Torbjörn Wassenius og Claes Andreasson | 56 281 | 2 |
Røysting
[endre | endre wikiteksten]I første røysterunde gav kvar landsdel 1–8, 10 og 12 poeng ut frå kor mange telefon- og SMS-røyster dei ulike bidraga fekk. Dei fire beste bidraga gjekk vidare til superfinalen.
Nr. | Tittel | Nord-Noreg | Sør-Noreg | Vest-Noreg | Midt-Noreg | Aust-Noreg | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
A | «I Don't Understand Her» | 5 | 4 | 4 | 5 | 1 | 19 |
B | «The Way I Feel» | 2 | 2 | 1 | 3 | 2 | 10 |
C | «Crazy Things» | 6 | 6 | 7 | 7 | 8 | 34 |
D | «Mr. Brown» | 12 | 5 | 5 | 6 | 3 | 31 |
E | «1000 And One Nights» | 7 | 7 | 8 | 12 | 7 | 41 |
F | «Crying» | 0 | |||||
G | «What Do You Think I Am» | 3 | 3 | 3 | 1 | 6 | 16 |
H | «See the World» | 4 | 12 | 6 | 4 | 4 | 30 |
I | «Sunshine» | 0 | |||||
J | «High» | 10 | 8 | 12 | 8 | 12 | 50 |
K | «I Knock on Wood» | 1 | 1 | 2 | 2 | 5 | 11 |
L | «This Is Where You Got It From» | 8 | 10 | 10 | 10 | 10 | 48 |
Superfinalen
[endre | endre wikiteksten]Dei fire beste låtane frå første runde gjekk vidare til superfinalen. Her blei låtane framførte om att, og tv-sjåarane røysta på nytt. No talde kvar røyst eitt poeng. Poenga i tabellen under motsvarar altså mottatte telefon- og SMS-røyster.
Nr. | Tittel | Nord-Noreg | Vest-Noreg | Sør-Noreg | Midt-Noreg | Aust-Noreg | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
C | «Crazy Things» | 5 498 | 8 043 | 7 867 | 6 452 | 21 060 | 48 920 |
E | «1000 And One Nights» | 5 073 | 9 654 | 7 208 | 8 309 | 16 431 | 46 675 |
J | «High» | 7 295 | 13 273 | 11 914 | 8 080 | 41 865 | 82 427 |
L | «This Is Where You Got It From» | 4 701 | 9 137 | 8 349 | 5 691 | 28 403 | 56 281 |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Finalen blei sett av 1 228 000 sjåarar, noko som motsvarar 75 prosent av alle som såg på tv i det aktuelle tidsrommet sendinga gjekk.[2]
Det norske bidraget kom sist i Eurovision Song Contest og fekk berre 3 poeng – alle frå Sverige. Sisteplassen gjorde at Noreg måtte gjennom ein semifinale i den internasjonale finalen året etter.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bakkemoen, Kurt (12. januar 2004). «I finaleheatet for Grand Prix». VG Nett.
- ↑ «Grand Prix vant seerne». TV2.no. 8. mars 2004.