Hopp til innhald

Melodi Grand Prix 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melodi Grand Prix 1991
Dato
Finale Avlyst
Vertskap
Finale Avlyst
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Vinnar
Song «Mrs. Thompson» (handplukka av NRK)
Artist Just 4 Fun
Resultat i Eurovision Song Contest 1991
Finalepoeng 14
Finaleplass 17.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1990 Melodi Grand Prix 1992


Norsk Melodi Grand Prix 1991 skulle ha vore den 31. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs uttaking til Eurovision Song Contest. Finalen var planlagt til laurdag 16. mars, men NRK avlyste tevlinga månaden før. Årsaka var at juryen meinte at ingen av dei 140 innsende songane var gode nok.[1] I staden handplukka NRK gruppa Just 4 Fun og låten «Mrs. Thompson» til å representere Noreg i Eurovision Song Contest 1991 i den italienske hovudstaden Roma. Songen enda på ein 17. plass med 14 poeng.

Sundag 17. februar opplyste NRK at dei avlyste Melodi Grand Prix 1991, som var planlagt til 16. mars. Juryformann Pål Veiglum forsvarte avgjerda med låg kvalitet og manglande originalitet blant dei 140 innsende bidraga: «De siste tre årene har kvaliteten på Grand Prix-bidragene sunket jevnt. Nå var tiden moden for å gripe inn», sa Veiglum til Aftenposten. Dåverande tv-underhaldningssjef, Totto Osvold, avviste at avlysinga var ei dramatisk avgjerd: «Nei, jeg synes ikke det. Dette er rett og slett et forsøk på å komme skikkelig på talefot med det norske musikkmiljøet», sa Osvold.[2]

Avgjerda skapte harme bland dei avviste låtskrivarane og blant tidlegare deltakarar og låtskrivarar som Arne Bendiksen og Philip A. Kruse. Trass krisemøte og kraftige forsøk frå musikkbransjen, stod NRK fast på avgjerda om å avlyse finalen.[3] Eit av dei refuserte bidraga var Torhild Nigars «I evighet». Denne songen vann Melodi Grand Prix fem år seinare og sikra Noreg ein 2. plass i Eurovision Song Contest 1996.[4]

Noregs bidrag

[endre | endre wikiteksten]

Som ein motreaksjon stabla TV3 og Robert Aschberg raskt ein alternativ Melodi Grand Prix-finale på beina. Kanalen inviterte fleire av dei refuserte bidraga og sende finalen laurdag 23. februar – berre dagar etter at avlysinga blei kjend. Vinnaren blei oslojenta Heidi Halvorsen med låten «Et liv». Dei andre deltakarane var Nick Borgen, Mari Maurstad, Anita Bogen, Kristin Svendsen, Kitty Bumbulucz og Harald Tønsager.[5][6] NRK avviste TV3-vinnaren, sidan kanalen ikkje var medlem av EBU, noko som er eit krav for å kunne delta i Eurovision Song Contest. I staden blei det norske bidraget «Mrs. Thompson» laga på bestilling frå NRK.

Som eit plaster på såret for den avlyste finalen, sende NRK i staden tv-showet Bare for gøy!. Programmet blei leia av Jahn Teigen og sendt frå NRK Marienlyst same kveld som finalen eigentleg skulle ha vore sendt. Noregs bidrag ble avslørt under sendinga, og fleire tidlegare Melodi Grand Prix-artistar som Nora Brockstedt, Inger Lise Rypdal, Jørn Hoel og Elisabeth Andreassen framførte tidlegare vinnarlåtar.[7]

  1. «Norsk Musikkinformasjon: Absolutt Grand Prix, vol. III: Nye høyder og daler»www.mic.no. Besøkt 12. juli 2016.
  2. Idås, Bård (18. februar 1991). «Grand Prix-låtene for dårlige». Aftenposten. s. 4.
  3. Bjørhovde, Hilde (20. februar 1991). «Reddet ikke Grand Prix». Aftenposten. s. 4.
  4. Storvand og Brunmark, Lena og Kristine (1. juni 1996). «Grand Prix-avsløringen: Disk Bettan!». Verdens Gang. s. 48–49.
  5. Amlien, Geir Arne (24. februar 1991). «Grand Prix av gammelt merke». Aftenposten Aften. s. 30.
  6. TV3 (23. februar 1991). «I kväll med Robert Aschberg (norsk finale)» (på Svensk og norsk). TV3 via YouTube. Henta 23. september 2016. 
  7. «NRK TV – Bare for gøy! (Melodi Grand Prix 1991 – norsk finale)». Besøkt 12. juli 2016.