Eurovision Song Contest 1978
Eurovision Song Contest 1978 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Finalen | 22. april 1978 | |||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Eurovision Song Contest 1978 var den 23. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen fann stad i Frankrike som følgje av den franske sigeren året før med Marie Myriam og «L'oiseau et l'enfant[1]». Finalen blei produsert av den franske kringkasteren TF1 og blei halden laurdag 22. april 1978 i Palais des congrès i Paris. For fyrste gong var det to programleiarar: Denise Fabre og Léon Zitrone.
Dette året steig talet på deltakarland til rekordhøge 20 land. Danmark kom tilbake i konkurransen etter tolv års fråvær, og Tyrkia returnerte etter tre års fråvær.
Israel vann Eurovision Song Contest for fyrste gong med Izhar Cohen og Alphabeta som song «A-ba-ni-bi». Belgia fekk si beste plassering til då med ein andreplass, medan vertslandet Frankrike blei nummer tre, Monaco nummer fire og Irland nummer fem. Noreg plasserte seg helt i andre enden av resultatlista, då Jahn Teigen fekk null poeng med «Mil etter mil». Dette var fyrste gong eit land fekk null poeng med poengsystemet som blei innført i 1975, noko som vekte stor merksemd i norsk og utanlandsk presse. Men botnplasseringa sette også fart på den lange artistkarrieren til Jahn Teigen i Noreg, og han fekk stor suksess med oppfølgjaralbumet This Year's Loser.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Dette var tredje gongen Frankrike stod vertskap etter å ha arrangert finalen i Cannes i 1959 og 1961. Fransk tv la konkurransen til Paris og Palais des congrès, ein kongress- og konsertarena nordvest i byen, og som opna dørene i 1974. Hovudsalen tek rundt 3000 menneske, og finalen blei lagd til laurdag 22. april 1978. Dette er fyrste og til no einaste gongen Eurovision Song Contest har funne stad i den franske hovudstaden.
Deltakande land
[endre | endre wikiteksten]Danmark var tilbake etter å ha stått over elleve finalar. Danskene trekte seg i 1967, i protest mot forma på konkurransen. Den dåverande underhaldingssjefen i Danmarks Radio, Niels Jørgen Kaiser, meinte dessutan at konkurransen ikkje heldt høg nok «kulturell verdi».[2] Landet var no tilbake igjen, med tenåringsidola Mabel som vann den danske finalen med låten «Boom Boom». Etter den danske finalen hagla kritikken, og fleire danske musikkfolk tok til orde for at Danmark skulle trekkje seg igjen.[3] Det skjedde imidlertid ikkje, og danskane har deltatt sidan.
Også Tyrkia var tilbake etter tre års fråvær, og dette var fyrste året Tyrkia og Hellas deltok i same finale. Dei to landa hadde ein politisk konflikt på grunn av den tyrkiske invasjonen av Kypros i 1974, og landa hadde veksla på å delta i konkurransen sidan. Til saman stilte 20 land i finalen, noko som var ny deltakarrekord.[4]
Sendinga
[endre | endre wikiteksten]Sendinga ble lagd til laurdag 22. april klokka 20.30, ein halvtime tidlegare enn åra i forvegen. For fyrste gong var det to programleiarar: Denise Fabre og Léon Zitrone. Sistnemnde var den fyrste mannlege programleiaren for konkurransen sidan Lohengrin Filipello leia den fyrste utgåva i 1956. Dei franske programleiarane fungerte også som kommentatorar for fransk tv.
Finalesendinga opna med ein kortfilm med bilete fra Paris, før showet fortsette direkte frå storsalen i Palais des congrès de Paris. Scena var laga som eit diskotekgolv, med kvadrat i ulike fargar. Orkesteret var plassert på ein diger skei-forma konstruksjon som kunne roterast.
Programmet blei sendt direkte til dei 20 deltakarlanda i tillegg til Jugoslavia, Tunisia, Algerie, Marokko, Jordan og for fyrste gong Dubai.[4][5] I tillegg blei finalen sendt i opptak på Island og i Aust-Tyskland, Tsjekkoslovakia, Polen, Sovjetunionen, Hongkong, Ungarn, Bulgaria, Dubai og Japan.[5]
Startrekkjefølgja var avgjord ved loddtrekking, og Irland opna konkurransen, medan Noreg var trekt til å opptre som nummer to. Som «postkort-film» før kvart bidrag fekk sjåarane sjå artistane, dirigenten og koristane gå frå opphaldsrommet til artistane og deretter ta heis opp til scena. Sverige avslutta konkurransen, representert av Björn Skifs. Skifs var misfornøgd med at landa ikkje kunne syngje på det språket dei ønskte, og han truga med å framføre «Det blir alltid värre framåt natten» på engelsk. Då han sette seg ved flygelet, ombestemte han seg i siste liten – med det resultatet at han gløymde den svenske teksten i byrjinga av songen.[6][7] Han henta seg fort inn igjen, og den norske jurygruppa gav han 10 poeng.[8]
Blant deltakarane dette året var den italienske gruppa Ricchi e Poveri, og ikkje minst den spanske diskoduoen Baccara som representerte Luxembourg med «Parlez-vous français?». Duoen var storfavorittar til å vinne, men hamna til slutt på ein sjuandeplass.[9] I staden var det ein annan diskolåt som vann – israelske «A-ba-ni-bi» med Izhar Cohen og gruppa Alphabeta. Songen fekk 12 poeng frå seks land og vann ein klår siger. Dette var den fyrste sigeren til Israel i Eurovision Song Contest.[10]
Den israelske sigeren skapte utfordringar for dei arabiske landa som overførte sendinga. Fleire av landa hadde forbod mot å vise noko som helst av israelsk innhald, og ifølgje boka til John Kennedy O'Connor, The Eurovision Song Contest – The Official History, avbraut dei fleste arabiske tv-stasjonane overføringa av Eurovision Song Contest då det blei klart at Israel kom til å vinne.[11] Jordansk tv skal ha vist eit bilete av påskeliljer under framføringa til Israel og annonserte dagen etter at andreplassen Belgia hadde vunne konkurransen.[10]
Pausenummeret før avrøystinga var ein video av ein kortkonsert med fiolinisten Stéphane Grappelli og jazzpianisten Oscar Peterson. Dei blei akkompagnerte av Yehudi Menuhin, Kenny Clarke og Niels-Henning Ørsted Pedersen.[5] Heile showet varte i 2 timar og 26 minutt.[5]
Det norske bidraget
[endre | endre wikiteksten]Noreg var representert av Jahn Teigen og låten «Mil etter mil», komponert av Kai Eide. Teigen hadde vunne den norske finalen i mars i konkurranse mot artistar som New Jordal Swingers, Septimus, Maj Britt Andersen og Anita Skorgan. Med seg på scena i Paris hadde Teigen koristane Randi Jansson, Gro Bergsland og Fia Qvale, medan Carsten Klouman var dirigent for det norske bidraget.[5][12] {{ikkjeraud|Bjørn Scheele]] kommenterte sendinga på NRK Fjernsynet, medan Erik Heyerdahl kommenterte på NRK Radio. Egil Teige las dei norske poenga frå studio på NRK Marienlyst i Oslo.
I vekene før finalen i Paris hadde Teigen fått ein del merksemd frå internasjonal presse, men det var ingenting samanlikna med merksemda som følgde etter finalen. Trass splitthopp, raude slengbukser, gullrose og store solbriller blei det ikkje eit einaste poeng i den internasjonale finalen. Dette var den femte sisteplassen til Noreg, og fyrste gongen eit land fekk null poeng med det noverande poengsystemet som blei innført i 1975.[9] Jumboplasseringa fekk brei omtale i europeisk presse, og Teigen blei invitert til å opptre i tv-show i heile Europa. Sjølv syntest Teigen det var «enormt godt å ikke få poeng» og tok sisteplassen med eit smil.[13]
Plasseringa sette også fart på karrieren hans i Noreg, og «Mil etter mil» gjekk rett inn på VG-lista etter finalen. Der ble songen liggjande i heile 20 veker, blant dei fem strake veker på fyrsteplassen. Aldri hadde ein norsk vinnar blitt ein så stor salssuksess.[14] Teigen følgde raskt opp med albumet This Year's Loser, som også blei ein stor suksess – hele 16 veker på albumlista.[15]
Avrøystinga
[endre | endre wikiteksten]Kvart land hadde ei jurygruppe med elleve medlemmar som bedømte bidraga til de andre landa med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman dei individuelle røystene til dei elleve jurymedlemmane. Songen som fekk flest juryrøyster, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget fra sitt eige land.
Clifford Brown takka av etter å ha vore konkurransesjef og oppsynsmann i EBU sidan 1966. I staden tok sveitsiske Frank Naef over rolla, ei rolle han skulle ha dei neste 15 finalane til og med 1992.[5]
Kvart land hadde ein representant som las opp poenga til den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. Poenga blei ikkje lesne opp i stigande rekkjefølgje frå 1 til 12 som i dag. I staden blei dei lesne opp i kronologisk rekkjefølgje ut frå startrekkjefølgja. Dette skulle gjere det enklare for operatørane av poengtavla å halde følgje, slik at deieraskt og korrekt fekk oppdatert poengsummen til kvart land undervegs. Fyrst i 1980 byrja ordninga med å lese opp poenga frå 1 til 12.
I byrjinga av avrøystinga kjempa Belgia og Israel om leiinga, men Israel gjekk raskt opp i ei klar ledelse. Sigeren blei klar då Israel fekk fem 12-poengarar på rad, noko som er rekord i konkurransen.[4] Dette var den fyrste sigeren til Israel, og den israelske delegasjonsleiaren Rivka Michaeli innrømte etter sigeren at dei ikkje likte Izhar Cohen sin song og meinte «A-ba-ni-bi» hadde vunne fordi dei andre songane i den israelske finalen var «heilt grusomme».[4]
«A-ba-ni-bi» var komponert av Nurit Hirsh, medan Ehud Manor skreiv teksten. Songen fekk ein viss kommersiell suksess i Europa etter seieren, men i Noreg kom han ikkje inn på VG-lista. Tittelen a-ba-ni-bi er eit røvarspråk, kalla b-språket på hebraisk. Røvarspråket blir brukt av barn og går ut på at kvar vokal eller diftong blir duplisert med ein b føre seg. I dette tilfellet er tittelen henta frå det hebraiske ordet אני (ani), som tyder eg på norsk. Formelen blir dimed: ani: a-(b+a)-ni-(b+i) = a-ba-ni-bi. Tittelen tyder dimed ganske enkelt eg. Og i teksten syng Cohen blant anna korleis dei som barn brukte språket til å seie «eg elskar deg», så dei vaksne ikkje skulle forstå.[16]
Deltakarar
[endre | endre wikiteksten]Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[17] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnene til høgre.
Startnr. | Land | Språk | Artist | Song | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
01 | Irland | Colm C. T. Wilkinson | «Born to Sing» | Engelsk | 5 | 86 |
02 | Noreg | Jahn Teigen | «Mil etter mil» | Norsk | 20 | 0 |
03 | Italia | Ricchi e Poveri | «Questo amore» | Italiensk | 12 | 53 |
04 | Finland | Seija Simola | «Anna rakkaudelle tilaisuus» | Finsk | 18 | 2 |
05 | Portugal | Gemini | «Dai li dou» | Portugisisk | 17 | 5 |
06 | Frankrike | Joël Prévost | «Il y aura toujours des violons» | Fransk | 3 | 119 |
07 | Spania | José Vélez | «Bailemos un vals» | Spansk | 9 | 65 |
08 | Storbritannia | Co-Co | «The Bad Old Days» | Engelsk | 11 | 61 |
09 | Sveits | Carole Vinci | «Vivre» | Fransk | 9 | 65 |
10 | Belgia | Jean Vallée | «L'amour ça fait chanter la vie» | Fransk | 2 | 125 |
11 | Nederland | Harmony | «'t Is OK» | Nederlandsk | 13 | 37 |
12 | Tyrkia | Nilüfer og Nazar | «Sevince» | Tyrkisk | 18 | 2 |
13 | Tyskland | Ireen Sheer | «Feuer» | Tysk | 6 | 84 |
14 | Monaco | Caline og Olivier Toussaint | «Les jardins de Monaco» | Fransk | 4 | 107 |
15 | Hellas | Tánia Tsanaklídou | «Charlie Chaplin» (Τσάρλυ Τσάπλιν) | Gresk | 8 | 66 |
16 | Danmark | Mabel | «Boom Boom» | Dansk | 16 | 13 |
17 | Luxembourg | Baccara | «Parlez-vous français?» | Fransk | 7 | 73 |
18 | Israel | Izhar Cohen og Alphabeta | «A-ba-ni-bi» (א-ב-ני-בי) | Hebraisk, røvarspråk | 1 | 157 |
19 | Austerrike | Springtime | «Mrs. Caroline Robinson» | Tysk | 15 | 14 |
20 | Sverige | Björn Skifs | «Det blir alltid värre framåt natten» | Svensk | 14 | 26 |
Artistar som har delteke tidlegare
[endre | endre wikiteksten]Artist | Land | Deltok i | Merknadar |
---|---|---|---|
Jean Vallée | Belgia | 1970 | |
Ireen Sheer | Tyskland | 1974 | Representerte Luxembourg |
Norbert Niedermayer (del av Springtime) | Austerrike | 1972 | Som del av gruppa Milestones |
Poengtavle
[endre | endre wikiteksten]Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[18]
Deltakarland | Poenggjevande land | Sum | Plass | |||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Irland | 12 | 3 | 5 | 7 | 10 | 10 | 5 | 10 | 10 | 6 | 8 | 86 | 5 | |||||||||
Noreg | 0 | 20 | ||||||||||||||||||||
Italia | 10 | 6 | 1 | 4 | 8 | 6 | 1 | 1 | 1 | 2 | 8 | 2 | 3 | 53 | 12 | |||||||
Finland | 2 | 2 | 18 | |||||||||||||||||||
Portugal | 4 | 1 | 5 | 17 | ||||||||||||||||||
Frankrike | 6 | 3 | 10 | 2 | 2 | 5 | 8 | 6 | 8 | 6 | 4 | 10 | 5 | 8 | 8 | 1 | 5 | 12 | 10 | 119 | 3 | |
Spania | 7 | 8 | 2 | 4 | 7 | 4 | 6 | 12 | 2 | 6 | 7 | 65 | 9 | |||||||||
Storbritannia | 3 | 6 | 2 | 3 | 2 | 4 | 2 | 6 | 8 | 7 | 3 | 5 | 2 | 5 | 3 | 61 | 11 | |||||
Sveits | 5 | 1 | 1 | 7 | 4 | 2 | 7 | 8 | 6 | 2 | 3 | 8 | 1 | 10 | 65 | 9 | ||||||
Belgia | 12 | 7 | 6 | 6 | 4 | 12 | 2 | 12 | 10 | 5 | 3 | 12 | 12 | 7 | 7 | 4 | 4 | 125 | 2 | |||
Nederland | 5 | 3 | 4 | 1 | 5 | 6 | 12 | 1 | 37 | 13 | ||||||||||||
Tyrkia | 1 | 1 | 2 | 18 | ||||||||||||||||||
Vest-Tyskland | 1 | 3 | 12 | 7 | 10 | 3 | 5 | 7 | 8 | 10 | 7 | 1 | 3 | 7 | 84 | 6 | ||||||
Monaco | 4 | 4 | 7 | 8 | 5 | 1 | 10 | 5 | 6 | 10 | 5 | 7 | 4 | 10 | 8 | 1 | 12 | 107 | 4 | |||
Hellas | 7 | 2 | 5 | 8 | 10 | 7 | 4 | 4 | 4 | 10 | 3 | 2 | 66 | 8 | ||||||||
Danmark | 6 | 1 | 4 | 2 | 13 | 16 | ||||||||||||||||
Luxembourg | 2 | 12 | 12 | 12 | 7 | 3 | 3 | 2 | 6 | 1 | 7 | 6 | 73 | 7 | ||||||||
Israel | 8 | 8 | 8 | 10 | 10 | 8 | 6 | 5 | 12 | 12 | 12 | 12 | 12 | 3 | 5 | 6 | 12 | 8 | 157 | 1 | ||
Austerrike | 3 | 3 | 1 | 2 | 5 | 14 | 15 | |||||||||||||||
Sverige | 5 | 10 | 4 | 3 | 4 | 26 | 14 |
12 poeng
[endre | endre wikiteksten]Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ein oversikt over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.
Tal | Mottakarland | 12 poeng frå |
---|---|---|
6 | Israel | Belgia, Luxembourg, Nederland, Sveits, Tyrkia, Vest-Tyskland |
5 | Belgia | Frankrike, Hellas, Irland, Monaco, Storbritannia |
3 | Luxembourg | Italia, Portugal, Spania |
1 | Frankrike | Austerrike |
Irland | Noreg | |
Monaco | Sverige | |
Nederland | Israel | |
Spania | Danmark | |
Vest-Tyskland | Finland |
Dirigentar
[endre | endre wikiteksten]Medan François Rauber var sjefdirigent, hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølgja.[19]
- Irland – Noel Kelehan
- Noreg – Carsten Klouman
- Italia – Nicola Samale
- Finland – Ossi Runne
- Portugal – Thilo Krasmann
- Frankrike – Alain Goraguer
- Spania – Ramón Arcusa
- Storbritannia – Alyn Ainsworth
- Sveits – Daniel Janin
- Belgia – Jean Musy
- Nederland – Harry van Hoof
- Tyrkia – Onno Tunç
- Vest-Tyskland – Jean Frankfurter
- Monaco – Yvon Rioland
- Hellas – Haris Andreadis
- Danmark – Helmer Olesen
- Luxembourg – Rolf Soja
- Israel – Nurit Hirsh
- Austerrike – Richard Österreicher
- Sverige – Bengt Palmers
Kommentatorar og poengopplesarar
[endre | endre wikiteksten]Poengopplesarar
[endre | endre wikiteksten]Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkjefølgje som under avrøystinga.
- Irland – John Skehan
- Noreg – Egil Teige
- Italia – Mariolina Cannuli
- Finland – Kaarina Pönniö[20]
- Portugal – Isabel Wolmar
- Frankrike – Marc Menant
- Spania – Matías Prats Luque
- Storbritannia – Colin Berry[21]
- Sveits – Michel Stocker[22]
- Belgia – André Hagon
- Nederland – Dick van Bommel
- Tyrkia – Meral Savcı
- Vest-Tyskland – Sigi Harreis
- Monaco – Carole Chabrier
- Hellas – Niki Venega
- Danmark – Bent Henius[23]
- Luxembourg – Jacques Harvey
- Israel – Yitzhak Shim'oni[24]
- Austerrike – Jenny Pippal
- Sverige – Sven Lindahl[25]
Kommentatorar og kringkastarar
[endre | endre wikiteksten]Rundt 35 land overførte finalen på tv, blant anna fleire land i Aust-Europa, Midtausten og Asia. Dei fleste landa hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1978:[26]
Land | Kringkastar | Kanal | Kommentator | Kjelde |
---|---|---|---|---|
Austerrike | ORF | FS2 | Ernst Grissemann | [27][28] |
Belgia | BRT | BRT1 | Luc Appermont | [29][30][31] |
RTBF | RTBF1 | Claude Delacroix | [30][31][32] | |
Danmark | Danmarks Radio | DR TV | Jørgen de Mylius | [33][34] |
Finland | Yle | TV1 | Erkki Toivanen | [35] |
Rinnakkaisohjelma | Ukjend | |||
Frankrike | TF1 | Léon Zitrone og Denise Fabre | [36][37] | |
Hellas | ERT | ERT | Mako Georgiadou | [38][39] |
Irland | RTÉ | RTÉ | Larry Gogan | [40] |
RTÉ Radio 1 | Liam Devally | [41] | ||
Israel | IBA | Israelsk fjernsyn | Ingen kommentator | [42] |
Italia | Rai | Rete 2 | Tullio Grazzini, sendt direkte på radio, og forskyvd på tv frå kl. 21.55 | [43][44] |
Rai Radio 2 | ||||
Luxembourg | CLT | RTL Télé-Luxembourg | Jacques Navadic og André Torrent | [31][36][45] |
Monaco | Télé Monte-Carlo | Léon Zitrone og Denise Fabre | [36] | |
Nederland | NOS | Nederland 2 | Willem Duys | [32][46] |
Noreg | NRK | NRK Fjernsynet | Bjørn Scheele | [47] |
NRK Radio | Erik Heyerdahl, sendt i opptak frå kl. 23.10 | |||
Portugal | RTP | I Programa | Eládio Clímaco | [48][49][50] |
RDP Programa 1 | Ukjend | [51] | ||
Spania | TVE | TVE 1 | Miguel de los Santos | [52][53] |
Storbritannia | BBC | BBC1 | Terry Wogan | [54][55][56] |
BBC Radio 1, BBC Radio 2 | Ray Moore | [57][58] | ||
Sveits | SRG SSR | TV DRS | Theodor Haller | [34][59] |
TSR | Georges Hardy | [37] | ||
RSR 1 | Robert Burnier | [60] | ||
TSI | Giovanni Bertini | [44][61] | ||
Sverige | Sveriges Radio | TV1 | Ulf Elfving | [35][62] |
SR P3 | Kent Finell | [35][63] | ||
Tyrkia | TRT | TRT Ankara Televizyonu | Bülend Özveren | [34][64] |
Vest-Tyskland | ARD | Deutsches Fernsehen | Werner Veigel | [32][59][65] |
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
[endre | endre wikiteksten]Ifølge arrangørane blei sendinga overført til land som Algerie, Island, Jordan, Jugoslavia, Marokko, Tunisia – i tillegg til ei rekkje land gjennom Intervision: Aust-Tyskland, Polen, Sovjetunionen og Tsjekkoslovakia. Også asiatiske land som Hongkong, Japan og Dubai i Dei sameinte arabiske emirata overførte konkurransen.[54] Under er en liste med kjente og bekreftede sendinger i ikke-deltakende land.
Land | Kringkastar | Kanal | Kommentator | Kilde |
---|---|---|---|---|
Hongkong | TVB | TVB Jade | Ukjend, sendt i opptak 23. april 1978 | [66][67] |
TVB Pearl | ||||
Island | RÚV | Sjónvarpið | Ragna Ragnars, sendt i opptak 30. april 1978 | [68] |
Jugoslavia | JRT | TVB2 | Milovan Ilić | [69] |
TV Koper-Capodistria | Ukjend, sendt med 15 minutters forsenking | [43] | ||
TVL1 | Tomaž Terček, sendt i opptak 23. april | [34][70] | ||
TVZ 1 | Oliver Mlakar | [71] | ||
Ungarn | MTV | MTV2 | Ukjend, sendt i opptak 23. mai 1978 | [72] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Merete Harding. «Niels-Jørgen Kaiser i Dansk Biografisk Leksikon, 3. udg». Gyldendal 1979–84. Henta 6. april 2023.
- ↑ Danglev, Preben (28. februar 1978). «Dansk Grand Prix-rabalder: "Gal vinner og slett kvalitet"». Verdens Gang. s. 36.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «Paris 1978». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. Henta 6. april 2023.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Bjørn Scheele (22. april 1978). «Eurovision Song Contest 1978 – Norwegian commentary». TF1/EBU/NRK via YouTube. Henta 6. april 2023.
- ↑ Holmemo, Agnete Daae-Qvale (21. april 2009). «Da Björn Skifs glemte teksten». NRK (på norsk). Henta 30. juli 2017.
- ↑ Hanna Othman (14. april 2015). «Eurovisionen år 1978». svenska.yle.fi (på svensk). Henta 6. april 2023.
- ↑ «Eurovision Song Contest: Paris 1978 – norske stemmer». eurovison.tv. 2017. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 6. april 2023.
- ↑ 9,0 9,1 «60 years of Eurovision Song Contest – the 70s». 60 years of Eurovision Song Contest. Arkivert frå originalen 6. april 2023. Henta 6. april 2023.
- ↑ 10,0 10,1 «33 years ago today – Izhar Cohen & Alphabeta seal Israel's maiden win». eurovision.tv. 22. april 2011. Henta 6. april 2023.
- ↑ O'Connor, John Kennedy (2007). The Eurovision Song Contest: The Official History. Storbritannia: Carlton Books. s. 217. ISBN 978-1-84442-994-3.
- ↑ Marcussen, Tor (18. april 1978). «Teigen & Co. på plass». Aftenposten Aften (Nasjonalbiblioteket). s. 5.
- ↑ Storeng, Jørn (24. april 1978). «Enormt godt å ikke få poeng». Verdens Gang. s. 40.
- ↑ «Topplista for «Mil etter mil»». IFPI Norge. Henta 6. april 2023.
- ↑ «This Year's Loser på den norske albumlisten». Norwegian Charts. Henta 6. april 2023.
- ↑ «A-ba-ni-bi – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Final of Paris 1978 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 17. september 2022.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1978 – Scoreboard». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 13. mai 2018. Henta 6. april 2023.
- ↑ «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017.
- ↑ «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 10. august 2012.
- ↑ Roxburgh, Gordon (2014). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Two: The 1970s. Prestatyn: Telos Publishing. s. 312–327. ISBN 978-1-84583-093-9.
- ↑ Baumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland)
- ↑ «Forside». esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 10. august 2012. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 30. juli 2017.
- ↑ «פורום אירוויזיון» (på hebraisk). Sf.tapuz.co.il. 13. september 1999. Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 10. august 2012. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 30. juli 2017.
- ↑ «Infosajten.com». Infosajten.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 10. august 2012. More than one of
|tittel=
og|title=
specified (hjelp); More than one of|arkivdato=
og|archivedate=
specified (hjelp); More than one of|arkivurl=
og|archiveurl=
specified (hjelp); More than one of|besøksdato=
og|accessdate=
specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 30. juli 2017. - ↑ «The Eurovision Song Contest (1978)». imdb.com. Henta 24. juli 2017.
- ↑ «Grissemann». Arkivert frå originalen 24. oktober 2007. Henta 30. juli 2017.
- ↑ Halbhuber, Axel (22. mai 2015). «Ein virtueller Disput der ESC-Kommentatoren». kurier.at (på tysk). Kurier. Arkivert frå originalen 23. mai 2015. Henta 15. januar 2023.
- ↑ Adriaens, Manu & Loeckx-Van Cauwenberge, Joken. Blijven kiken!. Lannoo, Belgia. 2003 ISBN 90-209-5274-9
- ↑ 30,0 30,1 «T.V. Programma's». De Voorpost. 21. april 1978. s. 30–31.
- ↑ 31,0 31,1 31,2 «Samedi, 22 avril». LW-Weekend (på fransk og tysk). 21. april 1978.
- ↑ 32,0 32,1 32,2 «Radio en televisie dit weekend». Limburgsch Dagblad (på nederlandsk). 22. april 1978. s. 7.
- ↑ «DANMARKS RADIO - TV (Fjernsynet fortsat) FJERNSYNSPROGRAM». www.larm.fm. LARM. Arkivert frå originalen 12. januar 2023. Henta 6. april 2023.
- ↑ 34,0 34,1 34,2 34,3 Carter, Ford (20. mai 2021). «The Longest-Serving Eurovision Commentators». aussievision (på engelsk). Henta 6. april 2023.
- ↑ 35,0 35,1 35,2 «Radio ja TV». Helsingin Sanomat (på finsk). 22. april 1978. s. 37. Henta 23. desember 2022. (krev abonnement (help)).
- ↑ 36,0 36,1 36,2 Christian Masson. «1978 – Paris». Songcontest.free.fr. Henta 10. august 2012.
- ↑ 37,0 37,1 «TV – samedi 22 avril». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 20. april 1978. s. 14–15. Henta 6. april 2023.
- ↑ «Η Μακώ Γεωργιάδου και η EUROVISION (1970–1986)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen
|archive-url=
requires|archive-date=
(hjelp). Henta 10. august 2012. - ↑ «Eurovision 2020: Γιώργος Καπουτζίδης -Μαρία Κοζάκου στον σχολιασμό του διαγωνισμού για την ΕΡΤ». Matrix24 (på gresk). 12. februar 2020. Arkivert frå originalen 14. februar 2020. Henta 7. februar 2023.
- ↑ «Television Today». The Irish Times. 22. april 1978. s. 21. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)).
- ↑ «Radio Today». The Irish Times. 22. april 1978. s. 21. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)).
- ↑ «Shabat – 22.4.78 – Televizia" שבת – 22.4.78 – טלוויזיה». Davar (på hebraisk) (Israels nasjonalbibliotek). 21. april 1978. s. 64. Henta 6. april 2023.
- ↑ 43,0 43,1 «Alla TV | Alla radio». La Stampa. 22. april 1978. s. 8. Henta 6. april 2023.
- ↑ 44,0 44,1 «Eurovision Song Contest 1978» (på italiensk). 12. september 2016. Henta 6. april 2023.
- ↑ «Großer Eurovisionspreis für Israel». Luxemburger Wort. viewer.eluxemburgensia.lu. 23. april 1978. Henta 6. april 2023.
- ↑ Berkenbosch, Co (22. april 1978). «Groep Harmony in Parijs: 'Alleen Engeland grote concurrent'». De Telegraaf (Delpher). s. 6.
- ↑ «Radio- og TV-programmet: Melodi Grand Prix». Moss Dagblad. Nasjonalbiblioteket. 21. april 1978. s. 7. Henta 3. september 2022.
- ↑ «Comentadores Do ESC – escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012. More than one of
|tittel=
og|title=
specified (hjelp); More than one of|arkivdato=
og|archivedate=
specified (hjelp); More than one of|arkivurl=
og|archiveurl=
specified (hjelp); More than one of|besøksdato=
og|accessdate=
specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 30. juli 2017. - ↑ «Televisão – Hoje». Diário de Lisboa. casacomum.org. 22. april 1978. s. 15. Henta 7. april 2023.
- ↑ Tiago Firmino (7. april 2018). «O número do dia. Quantos festivais comentou Eládio Clímaco na televisão portuguesa?». N-TV. Henta 7. april 2023.
- ↑ «Rádio». Diário de Lisboa. casacomum.org. 22. april 1978. s. 18. Henta 7. april 2023.
- ↑ LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023.
- ↑ «Programas de televisión». La Vanguardia. Hemeroteca – La Vanguardia. 22. april 1978. s. 49. Henta 10. januar 2023.
- ↑ 54,0 54,1 Roxburgh, Gordon (2014). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Two: The 1970s. Telos Publishing. s. 312–327. ISBN 978-1-84583-093-9.
- ↑ «BBC One - Eurovision Song Contest, 1978, Grand Final: 1978». BBC (på engelsk). Henta 6. april 2023.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1978 – BBC1». Radio Times. BBC Genome Project. 22. april 1978. Henta 7. april 2023.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1978 – BBC Radio 2». Radio Times. genome.ch.bbc.co.uk. 22. april 1978. Henta 7. april 2023.
- ↑ «Schedule – BBC Radio 1 – 22 April 1978». Radio Times. BBC Genome Project. 22. april 1978. Henta 7. april 2023.
- ↑ 59,0 59,1 «Fernsehen – Samstag». Neue Zürcher Zeitung (på tysk) (e-newspaperarchives.ch). 22. april 1978. s. 47.
- ↑ «Radio – samedi 22 avril». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 20. april 1978. s. 68. Henta 7. april 2023.
- ↑ «Televisione». Gazzetta Ticinese. 22. april 1978. s. 14.
- ↑ Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 166–167. ISBN 91-89136-29-2.
- ↑ Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 166–167. ISBN 91-89136-29-2.
- ↑ «TV». Cumhuriyet (på tyrkisk). 22. april 1978. s. 9. Arkivert frå originalen 10. januar 2023.
- ↑ «Tele-schau: Gesehen – Grand Prix Eurovision (I. Programm)». Bocholter-Borkener Volksblatt. 24. april 1978.
- ↑ «Today's Television». South China Morning Post (på engelsk). 23. april 1978. s. 22.
- ↑ «歐洲歌唱大賽 無線將作直播 並轉播英足總杯總决賽». Ta Kung Pao (på tradisjonell kinesisk) (Hongkong offentlige bibliotek). 12. april 1978. s. 5.
- ↑ «Sjónvarp – Sunnudagur 30. apríl». Dagblaðið (Timarit.is). 29. april 1978. s. 22.
- ↑ «Eurovision 1976 Yugoslavia: Ambasadori - "Ne Mogu Skriti Svoju Bol"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 16. april 2023.
- ↑ «Televizija – nedelja 23. apr» (PDF). Glas. 21. april 1978. s. 15. Arkivert (PDF) frå originalen den 10. januar 2023.
- ↑ «TV-Program». Slobodna Dalmacija. 22. april 1978. s. 16. Henta 6. april 2023.
- ↑ «TV – kedd május 23». Rádió- és Televízió-újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 22. mai 1978. s. 12. Arkivert frå originalen 10. januar 2023. Henta 6. april 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 1978» frå Wikipedia på bokmål, den 16. august 2024, og VG.no, den 1. februar 2011.