Viser innlegg med etiketten Utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Utfordring. Vis alle innlegg

tirsdag 28. juli 2009

Aksjon mot regnværssjuka - fargeutfordring!

Anne på MOSEPLASSEN har dratt i gang "Aksjon mot regnverssjuka - fargeutfordring"...Og eg hiv meg med....For meir bedrøveleg juliver skal ein jammen leite lenge etter *sukk*

Eg velger meg GULT fordi den no minner meg om sola og den livgivande varmen den gir:0) Synest og at gule blomster høyrer med i hagen, og disse påfuglblomstrane er utruleg artige og blomstrar villig...

Desverre får vi ikkje sett så mykje til dei no i regnet, då dei treng sol for å falde seg ut:0(


Ser og mitt snitt til å vise fram dei praktfulle erteblomstane mine i same slengen...Den flotte fargekaskaden lyser verkeleg opp i hagen for tida, og dei har blitt utruleg høge og kraftige:0)

søndag 8. mars 2009

Tre positive ting....

Har fått ei utfordring frå Astrid som går ut på å skrive tre positive ting om seg sjølv... Har no tenkt på dette nokre dagar, og er det ikkje rart kor vanskeleg det skal vere å kome på noko positivt om seg sjølv??
Å kome på noko negativt er slett ikkje vanskeleg, eg har ei liste like langt som eit vondt år....
Ja ja, eg får no gjere så godt eg kan!!

1. Eg(vi) er veldig flinke til å prioritere og avsette tid saman med ungane våra, og det er faktisk noko eg er stolt av!!
Kjenner eg vert litt oppgitt når folk snakkar om at ein skulle no gjerne vore flinkare, men så var det den tida....
Vi går faktisk i full jobb begge to, men vi har overhode ikkje problem med å finne tid saman med ungane!! Men så er heller ikkje huset prikkfritt til eikvar tid heller....
Eg tykkjer det er viktig å vere med ungane på aktivitetar, gå på ski i lag med dei, gå turar i skog, mark og fjell, bade, lese, spele spel....Det treng ikkje nødvendigvis alltidt vere så voldsomt det vi foretek oss, det som er viktig er at vi er i lag!!
Eg trur fullt og fast på at dette er verdiar og minner dei vil ta med seg inn i vaksenlivet og som dei ein dag vil overføre til sine ungar att:0)

2. Eg likar utfordringar og å prøve ut noko nytt!! Synst det er spennande å gi seg inn i ukjent land innanfor forskjellige område, og så er det jo så utruleg kjekt når ein meistrar nye ting!! No for tida prøvar eg td ut fotoferdigheitene mine, strikketalentet mitt(he, he) og utforskar mi noko manglande kunstneriske side....
Er og positivt innstillt til å prøve ut nye ting innan jobb, og nettopp difor er det utruleg kjekt med studentar som kan utfordre oss litt!!

3. Eg er veldig lojal mot vener og familie. Knyter eg kontakter så er det ofte på livstid. No er eg født i Krepsens teikn, og krepsane set familie og familieverdiar høgt!! Eg set vener og familie framfor meg sjølv og mine behov...Kanskje ikkje alltidt det smartaste ein gjer, men slik er eg no....

Utfordrar vidare:
Kate
Gry Hege
Lill

Så har eg fått ei utfordring frå Gry Hege!!
"Det er vanskelegare enn det ser ut! Kopier til ditt eige notat, slett mine svar og legg til dine. Bruk den fyrste bokstaven i navnet ditt når du svarar på spørsmåla.
Gi ordentlige svar og dikt ikkje opp.Hvis personen framfor deg har same bokstav så må du gi eit anna svar. Du kan ikkje bruke same ordet to gongar.
Utfordre 4 vener."

1. Hva er navnet ditt? Line Anita
2.Ord på fire bokstaver : Ludo
3.Guttenavn: Leon
4. Jentenavn : Linnea
5. Et yrke : Lege
6. Farge : Lime
7. Noe du har på deg :Leggvarmarar
8. Mat : Lasagne
9. Noe på badet : Lusekam
10. Et sted : Lofoten
11. Grunn til å komme for sent : Latskap??
12. Noe du roper : La ver!!!
13. Filmtittel : Legenden om Narnia
14. Noe du kan drikke :Limonade
15. En musikkgruppe : Lilyjets
16. Et dyr : Lama
17. Gatenavn : Lindemans gate
18. Bilmerke : Lada
19. Sangtittel: Life is life
20. Et verb : å ligge

Og så vil eg sende denne utfordringa vidare til desse flotte bloggdamene :)
Så til slutt har eg fått ein kjempefin utmerkelse frå Pillepalle
som eg vil dele med tre flotte jenter som for øyeblikket tek det litt rolegare på bloggfronten:
PS!! Dersom du synest det er vanskeleg å sjå collagebilda skikkeleg, så klikk på dei for større versjon;9)

onsdag 25. februar 2009

Vis meg ditt hus...

Har fått ei utfordring frå Elin om å vise fram huset mitt...And here it comes;0)



Her er bygga som står på eigendommen. Tilbygget vart oppført i fjor sommar, og vi er veldig fornøgde med å få større gangplass!! Elektrikaren var her no i februar og då fekk vi på plass lys i gange og utelys.
Garasjen sette vi opp i 2001. Garasjeportar har vi enno ikkje fått solmla på plass, så ting tar tid...
Låven håpar eg vi rekk å male denne sommaren, for no trengs det verkeleg.


Inngangspartiet og framsida av huset...
Dei tre fremste vindauga er stova, og det borterste er Fredrik sitt rom.
Oppe er det loftsstove.


Endeveggen. Denne veggen er det ikkje gjort noko med, for planen er å lage eit tilbygg her og, slik at vi får nytt bad, og vi leikar litt med ideen om eit soverom til.
Her er altså badet og Rakel sitt rom. Oppe er det gjestesoverom. Dei øvrige tre sidene er det skifta bordkleding og vindauge.


Her er alle bygga frå sida...


Her sett frå grillplassen vår nederst på tomta.
Her er 9 mål tomt, så vi har rikeleg med tumleplass.
Hage har vi ikkje komt skikkeleg i gang med enno...
Plassen heiter Storemyra, og ber navnet sitt med rette!!
Her er veldig mykje vete, det ligg to aurheller under jorda, så dreneringa er veldig dårleg....
Er litt i villrede om korleis eg skal gå fram, så tips vert mottatt med takk:0)


Grillplassen vår...
Dett var dett!!

Eg utfordrar vidare:
Petunia
Gamlå
Vibeke
Monica


Eg har blitt utfordra av to nye medbloggarar som eg "oppdaga" under fargeveka som Mette arrangerte.
Siw Aina & Monica har begge spennande bloggar og er bekjentskap som eg gler meg til å bli nærare kjent med...
Skreiv til Siw Aina at eg har tatt den før. Men då den poppa opp frå Monica og, kom eg på at eg har lagra bilder både på hotalbum og i oøympus master i tilleg til mine bilder...
Gjekk difor inn på den 6 mappa og fann det 6 bildet inne på hotalbum, og der dukka dette sjarmerande bildet frå i fjor sommar opp:0)
Dei klipper ikkje plen her. Men dei fekk lov å køyre ei runde rundt på plenen, og det var stor stas sjølvagt:0)


Til slutt så har eg eit utmerking som eg fekk for ei tid tilbake av ikkje mindre enn tre medbloggarar:
Besta. Det er ho som har laga den, og eg tykkjer alltidt det er ekstra stas å motta ei utmerking frå den som har laga den.Ho har ein kjempekoseleg blog som er verdt å besøke.
Eie. Har alltidt ein koseleg kommentar på lur, og har ein triveleg blogg som eg likar å sjå innom.
Gerd. Dette er den mest positive bloggen eg veit om. Ho har alltidt eit visdomsord eller positive tankar å dele med oss, i tilleg til at ho er ein racer til å strikke.
Har du ikkje vore der, så har du verkeleg gått glipp av noko:0)
Tusen tusen takk alle tre:0)

Denne vil eg dele med:
Tara
Mikael
Gry Hege

søndag 22. februar 2009

Black & White

Så var vi komt til fargeveka sin siste dag....
Ei artig og utfordrande veke der i alle fall eg har kosa meg masse. Eg har hatt som mål å besøke alle deltakarane dagleg for å sjå korleis dei andre har tolka temafargane og trur faktisk at eg har lagt att ein kommentar inne hos alle saman!!
Som ein bonus har eg og oppdaga mange nye og flotte bloggar...
Dagens fargeutfordring er todelt med svart/kvitt som tema...
Eg ha i dag valgt å lage fire collagar med forskjellige uttrykk og tema!!
ENJOY:0)

Måtte berre ha med mine nye boksar til kattemat og vaskepulver. Er kjempefornøgd med dei, og dekorative er dei og...
Norgesglas med kvit blonde og ei sraymala korg til egg. Velkommenskiltet heng på ein dekorasjon ute:0)

Mine fyrste sko og ei nydeleg kvit rose....

Med naturen som tema...
Her gjekk eg eigentleg på fotosafarijakt, men vel no å ta dei inn i dagens tema istadenfor:0)

Desse bilda har eg lagt ut tidlegare i eit fotosafarinnlegg...
Men synst og at desse passa inn i dagens tema, og vel difor å legge dei ut enno ein gong!!

Til slutt i dag har eg laga ein utemerkelse til herlege METTE med bloggen KOSELIG KOSELIG som er iniativtakar og primus motor for fargeveka...
Alle fargane i fargeveka er her representert!!
Takk til deg Mette for ei kjempekjekk utfordring:0)
Dette er noko av det artigaste eg har vore med på sidan eg starta blogginga!!
No gledar eg meg til å ta fatt på Mandagstema. Trykk HER for informasjon om det!!
For fleire svart/kvite innlegg i dag, gå inn HER!!

lørdag 21. februar 2009

Dilla på lilla

Med ei jente som enno ikkje er ferdig med rosa-lilla alderen, så er jo ikkje akurat lilla ein supervanskeleg farge å finne fram till her i huset!!

Rakel med lilla frå topp til tå i dag, til og med kosedyra er i lilla...
Og for den observante lesar så er det og lilla i golvteppet...

Fredrik har eitt klesplagg i lilla, og med litt mild korreksjon i klesvalget bestemte han seg for den t-skjorta i dag;9)

Mor~datter støvlane var eit sjølvsagt bildevalg i dagen fargeutfording!!

Eit lite lilla utvalg:0)
Som dokke ser så er det meste her heimehøyrande på jenterommet og i jentegarderoba....
Blomsterpotta fekk vi med ein nydelig oppsats i då Rakel var fødd...

Til slutt ein lilla blomstercollage:0)
St Paulia er verkeleg ein vakker blomst!!
For fleire FARGERIKE tolkningar, sjå innom Koseleg Koseleg!!

fredag 20. februar 2009

Oransje ~ gladfarge nr. 1!!

Denne fargeutfordringa er faktisk den eg har sett mest fram til heile veka!!
For meg er oransje gladfarge nr 1, og kva kunne vel då passe bedre enn at den landa på fredagen:0)
Her i huset har vi små oransje fargeklattar her og der, og endåtil så har alle dei tobeinte medlemmane i hushaldninga i alle fall eit oransje klesplagg!!

Eg er erin kjøleskapsmagentfrik!! Sånn...No er det sagt...Høgt....Når eg er ute å reiser så er det minimum ein magnet med heim i kofferten, og i dag fegg eg endeleg til å vise fram nokon av dei....Juhuu!!

Oransje "krage" på pingvinen, og ein blå og oransje fugl som Sondre har teikna til meg:0)
Kva kan vel vere bedre enn fargerike magnetar og barneteikningar på kjøleskapet??

Mine flotte oransje skeier som eg er utruleg glad i...Dei er akkurat passe store og ligg godt i handa:0)
Tesil er jo og godt å ha...

Gladoransje mugge,ein nydeleg oransje duk og ei god kokebok for barn!! Då er vel ingrediensane for ein fin fredagsettermiddag i boks;o)

Det var kun Fredrik sine oransje plagg eg fann i farta, resten er vel på vask...Ein kul oransje bil må jo og til!!

Mi trufaste oransje kleskorg i ny drakt;9)
Her har eg brukt effekten hypnotic i picnic....

Til og med Barbie har skjønt at det er oransje som gjeld...He he he...

Til slutt i dag må eg berre ha med eit bilde av mine spente og forventningsfulle karnevalsungar:
Frk Cowboy & Herr Ninja!!
For fleire herlege oransje innlegg klikk deg inn HER!!
Ha ein glad oransje fredag:0)
KLEM LINE

torsdag 19. februar 2009

Gult er kult!!

Mette si FARGERIKE veke har i dag fokus på gult!!
Overskrifta var klar allereie mandag, men innhaldet var jammen ikkje enkelt å få til....
Eg har jakta og leitt med lys og lykt for å kartlegge gule innslag i heimen, for det er verkeleg ikkje vår farge....
Gult er jo eigentleg ein positiv farge og, men likevel;0)


Einaste gule klesplagget eg fann, var ei jakke Rakel fekk til jul!!
Fekk jo lagt inn noko i vitenskapens teikn og, nemleg Fredrik sitt gule mikroskop:0)
Dersom nokon lurer på kva bildet midten på høgre side er for noko, så er det altså isolasjon!!
Det er vindauget som tidlegare var i gangen som er kledd att og isolert, og så skal det opp panel...Voila! så har vi skapt ei nisje....
Dei øvrige som er representert i collagen treng vel ikkje noko meir forklaring....
No er vekas verste nøtteknekkar over for min del, og resten vil gå som ein leik:0)
For fleire GULE og fine innlegg i dag, sjå deg inn HER
Har lagt meg på å skrive med dagens farge, men vel no å gjere om den gule skrifta sidan eg har fått så mange tilbakemeldingar på at ein ikkje klarar å lese det eg har skreve!!

onsdag 18. februar 2009

Grønt er skjønt....


på kjøkken.....

stove......


og bad......
For fleire grønne onsdagsinnslegg trykk HER

tirsdag 17. februar 2009

Blått til lyst

Fargeveka til Mette fortset, og i dag er det den blå fargen som står i fokus!!

Sidan himmelen er meir grå enn blå i dag, og det stort sett lavar ned med snø, så har eg valgt å gå på jakt etter det blå innomhus:0)
Valget fall deretter på å lage ein collage av det blå element i huset!!
Applaus til Mette som har tatt iniativ til og som organiserar alle som har kasta seg på fargeveka...
Eg har stort sett tenkt FARGAR sidan i går, he he...
For meir blått, klikk deg inn HER:9)
Posted by Picasa

mandag 16. februar 2009

Fargeveke:0)

Mette med bloggen Koselig Koselig har gitt oss ei skikkeleg kickoff utfordring no i vintemørkret...
FARGEVEKE:0)
Mandag-tirsdag-onsdag-torsdag-fredag-laurdag-søndag
Trur dette kan bli både kjekt og spennande, her er dessutan ein fin sjanse til å oppdage nye & spennande bloggar!!

Eg oppdaga denne utfordringa inne hos Randi rett før eg skulle på seinvakt....
Har hoppa rundt på jobb i dag, og timane har gått ULIDELEG seint, eg har regelrett brent av utålmodigheit etter å få lagt ut mitt RAUDE innlegg;9)


Kjøpte meg ein herleg, fargerik anemonebukett til helga, og her er altså nokon av dei raude....

For fleire bidrag, klikk deg inn HER

søndag 1. februar 2009

Ut å setje spor etter oss....


Det poppa opp ei utfordring frå Petunia om å kome oss ut i helga, ta med oss kamera og setje spor etter oss. Deretter skulle vi legge det ut på bloggen innan mandag!!
Det er herved gjort Petunia:0)


Her har vi bokstaveleg talt sett spor etter oss...
Dette er på baksida av huset vårt.



Vi har som tidlegare nemnt ei ganske stor tomt med mykje tumleplass...
I enden av tomta laga vi til ein vintergrillplass i 2003. Denne har vi nytta mykje etter det, og hatt stor glede av den:0)
I år har vi ikkje grilla der nede, og vi fann no ut at det var på tide med eit ettersyn...
Vinden hadde flytta grillen frå gruva og bort til gjerdet, bordet var velta, men "stolane" sto støtt!!


Ei flott furukvist!!


Litt forfrossen tyttebærlyng klamrar seg opp mot ein stolpe, og noko overskuddsvatn er frose til is før det rakk å renne vekk...


Utruleg flott lys når sola skin ned på toppane...Vi lengtar etter sola, men snart, snart...I dag var ho inn på stova og dansa over møblane i ca 2 minutt:0)


Nesten litt trolsk stemning av sola, skyggen og frostrøyken...


Piggtrådgjerdet strekkjer seg mot himmelen og konkurrerar med bjørka om å ta seg best mogleg ut...


Dartbrettet har nok desverre sett sine beste dagar, og det er nok duka for eit nyinnkjøp til våren!! For dart må ein sjølvsagt ha;0)


Ein collage av noko av det vi har sett av forfrosne vekstar i hagen i dag....


Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu...
Fullt så dramatisk er det nok ikkje på Hatlebrekka, men garden ligg einsamt til langt oppe i bakkane!!
I dag låg garden bada i sollys og det må innrømmast at vi misunte dei litt...


Stemningbilder....


Her ligg restane av klatretreet vårt som Sunnfjord energi saga ned til grunnen utan å varsle oss på ein skikkeleg måte...Det har vore fellt mange tårer over dette flotte treet!!
Det vart ingen strabasiøs eller utfordrande tur i dag....Men jammen har vi kosa oss på vår eigen tuft allikevel, og det var kjempekjekt å ta ein fotosafari rundt på eigendomen!!
Takk for sparket, Petunia