Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppskrifter. Vis alle innlegg

søndag 28. mars 2010

Fire stjerners middag…

Februar og mars 2010 1012 b
SCAMPI MED SPEKESKINKE & KRABBEFYLLT AGURK

12 stk rå scampi, rensa med halen på
100 g revet mozzarella
1 ts pepper
12 sk spekeskinke
2 ss


FRAMGANGSMÅTE:

Rull kvar scampi inn i ei skive spekeskinke med reven ost og peppar. Halen skal stikke ut i enden av rullen.
Pensle med olivenolje, og steik dei på grillen eller i ovnen på 230 °C i 6-8 minutter.
Serverast med sweet chili og hvitløkssaus, eller rømme smakt til med sitronsaft, salt og peppar.


KRABBEFYLT AGURK

150 gram kongekrabbe                                                                                                                                                              1 raud chili                                                                                                                                                                2 ts frisk reven ingefær                                                                                                                                         3-4 ss creme fraische                                                                                                                                         reddik                                                                                                                                                        sitronmelisse

Skrell agurken og del den i fire. Kok opp vatn og legg agurken i vatnet i 30 sekund. kjøl med kaldt vatn. Rens og findel krabben. Tilsett chili, ingefær og creme fraische. Sil av. Hul ut agurken ca 2/3 ned og fyll opp med krabbeblandinga. Pynt med finstrimla reddik og sitronmelisse.
        Februar og mars 2010 1014 b                                                                                                                                                                                                                                                                                         SVINEWOK MED MANGO

3 ts reven frisk ingefær
1 stk raud chili
2 fedd kvitlauk
450 g indrefilet av svin i strimler
5 ss appelsinjuice
2 ss soyasaus
2 ss olje
1 stk raudlauk i tynne strimlar
1 stk squash i strimlar
2 stk raud paprika i strimlar
1 stk mango i bitar
2 ss hakket frisk sitronmelisse eller koriander


FRAMGANGSMÅTE:

Hakk chili og knus kvitlauk og ha det over kjøttstrimlane saman med den revne ingefæren. Hell over juice, soyasaus og 1 ss av oljen. Dekk til og mariner i kjøleskap i minst 30 minutt. Rør om av og til. Ta vare på marinaden.
Varm woken og ha i resten av oljen. Wok kjøtet i 4 minutter under omrøring. Ha i raudlauk, squash og paprika og wok vidare i 2 minutt under omrøring. Vend inn mango og hakka sitronmelisse (eller frisk koriander) til slutt. Hell over marinaden.
Server med nykokt ris og limebåter.
Tips: Svinekjøtet kan erstattast med kylling eller scampi.


Februar og mars 2010 1017 b
CREME BRULEE I FLØRTANDE FØLGE

2 dl kremfløyte
2 dl heilmelk
4 stk eggeplomme
60 g sukker
0,5 stk vaniljestang


FRAMGANGSMÅTE:

Bland melka og fløyten i ein bolle. Del vaniljestanga på langs. Skrap ut alle korna frå kjernen, og tilsett disse saman med resten av vaniljestanga. Bland eggeplommane og sukkeret godt, slik at det får ein luftig konsistens. Ha eggeblandinga over i mjølkeblandinga, og rør godt. Sett ovnen på 100 ºC. Fyll ei gratengform til kvar person med røra. Sørg for å røre godt mellom kvar gong ei ny gratengform fyllast, ellers vil vaniljen synke til bunns, og då vil den siste gratengforma få all vaniljen. Sett gratengformene i ei langpanne fylt med vatn, slik at gratengformene står i vatn.
Steik på midterste rille i ca. 30 minutt. Steiketiden avheng av størrelsen på formene. For å sjekke om dei er ferdige, ta ei av formene ut av ovnen. Dersom konsistensen verker flytende når forma ristast, treng den meir tid. Crème brûlée skal helst vere fast i forma når den er ferdig.
I staden for vanilje kan ein bruke andre smaker, for eksempel basilikum(!) eller andre typar krydder. Det er berre fantasien som set grenser.


FLØRTANDE FØLGE:

Valgfri frukt. Denne gangen brukte eg kiwi, appelsin og granateple dandert med pasjonsfruktkrem. Men her er det berre å fylle på etter fantasi og kva ein har for hand.

PASJONSFRUKTKREM

30 g sukker
50 g pasjonsfruktpuré
1 stk egg
2 stk eggeplomme
30 g smør

onsdag 24. mars 2010

Nydelig og enkel fiskerett.

Februar og mars 2010 375 b

Denne retten var superenkel å lage, og ikkje minst så smakte det heilt nydelig.

Skiv opp ferdigkokte poteter  å legg desse ut over ei langpanne. (Eg kokar gjerne ekstra mykje poteter til middagen dagen før) Fordel deretter strimla gulrøtter, skiva sopp, vårløk og skiva tomatar utover potetene. Legg så ferdigkrydra fiskestykker på toppen(Ørret, laks, steinbit, torsk, breiflabb)

Har prøvd meg litt fram med både kotelettar og filet, men filet er det som fungerar best. Til slutt kan ein fordele litt raspa ost på toppen.

Inn i ovnen på 200 grader i ca 20 minutt!!

Legg opp på tallerkenar og fordel litt god saus over grønnsakene og potetene.

Deretter: BON APETIT.

søndag 21. mars 2010

Sveler

Februar og mars 2010 796 b
I dag har vi vore på årsmøte med etterkomande basar i skule/grendahuset vårt. Min kjære sit som leiar i styret, og styret har som oppgåve å bake til basarane…I vårt hus vil det nok då sei at det er Line som har i oppgåve å bake;o)
Februar og mars 2010 800 b
I dag fall valget på sveler, som er no både lettvint, enkelt å lage og ikkje minst velsmakande. Lyst til å prøve?? Oppskrifta er som følger:
Februar og mars 2010 802 b
10 egg
800 gram sukker(eg brukte 600, og det var eigentleg nok)
1 dl vatn
2 liter kulturmjølk
5 ts hjortesalt
4 ts bakepulver
1 1/2 kg kveitemjøl
 Februar og mars 2010 835 b
Egg og sukker piskast til eggedosis. Bland i det våte og det tørre vekselsvis. Lat gjerne røra kvile ei stund før ein steiker dei.
Februar og mars 2010 829 b
Bon apetit!!

søndag 3. januar 2010

Perfekte dagar...


Denne jula har verkeleg vore perfekt, værmessig sett...Trur vi må ein del år tilbake i tid for å sjå føre oss like flott julever:0)


Eg har jobba veldig mykje, men Nyttårsafta kl. 15.00 kunne eg endeleg gå av på fire etterlengta fridagar...
Men til tross for mykje jobbing så har dette vore ei jul med mykje samvær med familie og vener.
Julafta var vi hos svigerfar, og totalt var vi 8 til bords...Fire generasjonar samla under same tak, det er sånt som gjev gode minner.


2 juledag kom systa med familie og var til 3 dag. Kjempekoseleg å få dei på besøk i jula, vi kosa oss med god mat og gode samtalar. Julie Kristin prøvde seg på ski for første gong, og det gjekk veldig bra. Nathaniel var og ute, og det var reint fornøyeleg å sjå kor han strekte hals når snøfnugga landa på kinna hans:0) Det vart tomt i huset når dei reiste, og vi håpar sjølvsagt at det ikkje vert så altfor lenge til vi treffast att...
Femte dag var vi på middagsbesøk hos svigerinna mi, og vi hadde ein flott kveld i lag med dei og broren til svogeren vår med familie.


Nyttårsafta var vi tradisjonen tru hos Svigermor og Heine i lag med svigerinna mi med familie. Vi kom til nydeleg dekka bord og fantastisk god julemat.
Mykje flotte rakettar og veldig kjekt å ta bilder med det nye kameraet.


Første dag var vi i middagsbesøk hos gode vener, og ungane var trygt plassert hos Svigermor. Deilig å få ein kveld for seg sjølv og....


I går inviterte vi gode vener på middag, og det vart ein utruleg triveleg kveld. Kjekt å kokkelere litt sjølv og ikkje minst kose seg med dekking av middagbord!!
Menyen besto av viltgryte og pannacotta til dessert...Mmm...
Dette gav meirsmak, så i dag inviterte vi Svigermor og Heine. Planen var å lage karamellpudding til dessert, men det vart droppa til fordel for skitur på Langeland:0) Heldigvis hadde vi att meir pannacotta frå i går...
Vi har og laga oss ei skikkeleg skiløype rundt tomta og utvida den til nabotomta, og der har vi gått kvar dag!!
No er skulesekkane og penala gjennomgått og pakka, kle er lagt fram og vi er klare for kvardagen att:0)


PANNACOTTA til 6 personar:
Ingrediensar
4 ½ stk gelatinplater
2 stk vaniljestang
7 ½ dl kremfløte
2 ½ dl sukker

Bringebærsaus:
1 pk (225 gr.) frosne bringebær
100 g melis
2 ss sitronsaft

Slik gjer du:
1. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i 5 minutt. Skyll dei godt og klem ut vatnet.
2. Snitt vaniljestangene på midten, skrap ut frøa.
3. Kok forsiktig opp fløyte, sukker, vaniljestengene og innhaldet i dei. Ta det av plata, ta ut vaniljestengene, og rør inn gelatinen. Hell blandinga i seks små former eller glass. Avkjøl minst 3 timer før servering.
4. Ha tinte bringebær, melis og sitronsaft i en foodprocessor eller blender, kjør til massa er glatt og sil den.

Server desserten med litt frisk bærsaus. Kan lages 1-2 dager før servering.

onsdag 27. mai 2009

Man tager hva man haver..........


av frukt....
I mitt tilfelle er det moreller, mango, grapefrukt, cantaloupemelon, honningmelon, piel de permelon, kiwi, raude og grøne druer...
Kutt opp i passelege biter og legg i ei skål....
Ha litt vaniljekesam over og vips har du eit sunt og godt frukost, lunch eller kveldsmåltid...
Nyt....Mmmmm.............

tirsdag 26. mai 2009

Den ultimate (inne)sommarmaten:0)


Ein av mine ultimate innesommarrettar er pannekaker med bacon og blåbærsyltetøy i lag med rabarbrasuppe...
Eg vert mjuk i blikket og tennene regelrett spring i vatn berre ved tanken:0)
Det bringer fram mange nostalgiske barndomsminner, og tankane spring vidare til to av mine andre yndlingsrettar:
Sprøsteikt makrell med nypoteter, rømme og agurksalat og nytrekt pannekokt torsk på godt brød med majones på, evt nypoteter med smør!!
Det bringer tankane til late sommardagar med fisking, nakne tær, brune barnekroppar og trivelege stunder i lag med (u)tålmodige onklar...
Eg fekk lov av onklane mine å vere med på fisketurane meir eller mindre frivilleg frå deira side....Eg var nok eit lite mareritt å ha med, for dersom vi ikkje fekk fisk etter ein ti minutters tid var eg lei, og tilbrakte resten av tida med å mase hol i haudet på stakkarane;9)
Men no sporar eg visst litt av her...tilbake til rabarbrasuppa....

Rabarbrasuppe er superenkelt å lage, og smakar fantastisk godt:
1/2 kilo rabarbra
1 liter vatn
1 desiliter sukker
2 ss potemjøl
Vatn og sukker kokast opp, så tar ein i rabarbra.
Kokast mørt i ca 10 minutt.
Bland potemjøl i litt kaldt vatn, og tilsett under omrøring.
1...2...3...Klart til servering!!

søndag 29. mars 2009

Lettvint middag, Earth Hour og grilling

Vi hadde taco i går kveld.
Ein del kjøttdeigrestar og tomt for lefser. Etter å ha vore på fotballkamp var det behov for ein rask middag....
Då er det raskt gjort å hive saman litt pizzadeig å kjevle ut minipizzaer:0)

Deig:
3 dl lunka vatn
3 ss olje
salt
50 gram gjær
Mjøl til passeleg deig

Så er det berre å bruke tomatpure eller ketchup, alt etter kva ein har!!
Vi brukar å la ungane lage sine eigne pizzaer, og velge fyllet....Gjett om dei går unna...


I går kveld var vi sjølvsagt med på Earth Hour....
Ungane synst det var litt skummelt til å begynne med, for dei trudde vi slo av tv og data fordi det skulle lyne og tordne...He he, sei vel litt om kor ofte det vert heilt avslått;9)
Eg høyrde på tv i stad at WWF hadde eit håp om at max 1000 byar kom til å støtte prosjektet, men dei vart gledeleg overraska når det viste seg at over 4 000 byar hadde vore med!! Det viser at dette er eit tema som engasjerar og bekymrar...

Fredrik lagar litt ablegøyar!!

Dei synst no eigentleg at det var litt koseleg med massevis av tente starinlys rundt omkring...Vi prata, tulla og kosa oss masse...
Eigentleg utruleg avslappande å slå av både tv og data!!

Måtte forevige mine usedvanleg lubne gåsungar i skinet frå stearinlysa....

Rakel var kjempetrøytt, men ville ikkje legge seg på rommet utan lys...Litt mørkeredd, ja!!
Løysinga var å lage til ei seng av teppe, legge på plass ei pute og eit teppe over der igjen...Søvnen tok ho etter eit par minutt!!


På laurdag var vi på besøk hos nokre venner. Vi reiste opp på toppen av marka deira, for der er det framleis snø....
Oppsøke snø no?? Forstå det den som kan!! Vi hadde det kjempemoro, aka masse, laga bål og grilla pølser....

tirsdag 17. mars 2009

Tirsdagstema ~ Frå sida!!

Hiv meg med på Tisdagstema i dag...
Dagens tema er frå sida!!

Eg har fanga inn kaktusane eg har fått av min kjære frå to forskjellige sidevinklar...
Det høyrer og med til kaktushistoria at det for meg er fullstendig uforståeleg at han fann på å kjøpe ~ av alle ting ~ kaktusar til meg...
I løpet av dei 12 åra vi har vore i lag har det ALDRI vore kaktusar i hus, av den enkle grunn at eg ikkje kan fordra desse stikkande tingestane... Grunnen til det er at eg hadde eit særdeles ublidt møte med ein kaktus i mine barndomsår...
Men må no innrømme at dei eigentleg er ganske fine der dei står:0)

Ringen som eg har kjøpt inne hos Tante Mimmi sett frå sida!!
Den er handlaga og heilt unik... Ho produserar ringar av potteskår, og det er vel ein del norske bloggarar som etterkvart er lykkelege eigarar av eit eksemplar.
Eg simpelthen ELSKAR min ring og brukar den så ofte som muleg!!
Klikk på navnet for nærare info:0)

Til slutt kanelbollane/skillingsbollane som eg baka i dag!!
Med sjuke barn som ikkje har ete på to dagar så innfrir ein sjølvsagt ynskje om desse godsakene når det er det einaste som freistar;9)

KANEL/SKILLINGSBOLLAR:
200 gram smelta smør
1 liter melk
50 gram gjær for søte deiger
3 dl sukker
1 ts bakepulver
1 egg
1 ts kardemomme
Mjøl til passeleg deig

Hevast til dobbel størrelse...
Delast i to og kjevlast til eit rektangel. Smør på smør og strø sukker og kanel på deigen. Rull saman og del i passelege bitar med kniv. LEggast på bakepapirkledd plate. Vi har hatt vaniljekrem på halvparten og perlesukker på den andre halvparten av bollane.
Steikast på 200 grader i ca 20 minutt!!

tirsdag 24. februar 2009

Himmelsk munnfull....

I forbindelse med at Hilde(kona til Svigerfaren min) vart 50 år forrige helg

så vert eg spurt om eg ville lage ei kake(og potetsalat)...Eg er ikkje tungbedd på dette området, så det sa eg sjølvsagt ja til :0)

Eg har ein urimeleg trang til å prøve ut nye kaker når eg skal lage til sånne lag, og denne gange fall valet på OREOKAKE!!
Har høyrt så mykje om denne kaka, og det må seiast:
Den skuffa ikkje...

Her er oppskrifta
Du treng:
450 g Oreo(3pk)
100 gram smelta smør
2 pk tine naturell ost
eller 1 pk philadelphia
2,5 dl melis
1 pk fløyte
2,5 ss sukker
1pk toro sjokolademousse
3 dl melk til mousse

Slik gjer du:
1/4del av oreoane brekkast og leggast til side.
Ta resten av kjeksa i ein pose og knus dei.
Hell dei i botnen av forma og hell 100g smelta smør over.
Trykk dette litt ned i forma for at botnen skal bli fast og fin.
Mix kremost og melis slik at det blir ei luftig blanding.
Så mixar du fløyte og sukker til krem.

Bruk halvparten av fløtekremen og bland med ostekremen. (Bruk mixmasteren på lavaste nivå eller bland med en sleiv.)
Smør ostemassa på oreokakebotnen og dryss knuste biter av den 1/4delen av oreoene du la til sides i begynnelsen.Sett dette 30 min i kjøleskapet.
Mix så sjokolademousseen(følg pakningen) og smør den oppå osteblandinga.
Sett den så inn i kjøleskapet igjen i 1 time.
Til slutt smører du resten av kremen som du også la til side oppå kaka og pyntar den nett slik du har lyst:0)

Sidan vi skulle i selskapet kom snille Mamma heilt ifrå Volda for å vere barnevakt for våre søte små...
Dette hadde dei sjølvsagt lite imot, og i følge utsegna i etterkant så hadde dei det storveies i lag med Mormor på laurdagskvelden:0)

Måtte berre ta med dette herlege bildet av Fredrik og Mormora!

onsdag 4. februar 2009

Lyst på noko godt??

Kjapp, enkel, sunn og god kveldsmat!!

Til 2 personar brukte eg:
6 egg
Litt vatn
Ei klype maldonsalt
Peppar
Miksast saman og steikast på panne

Skinke
Paprika
Vårløk
Fresast lett i panne

Del skiver i to. Bland saman litt smør, kvitløk og balsamicoeddik, smaltast i panne.
Fres skivene lett i blandinga!!
Leggast opp på tallerken...
Server & nyyt:0)

fredag 9. januar 2009

Kaketips ein fredag...


OSTEKAKE MED BLÅBÆR:

Botn:
150 gram havrekjeks
50 gram smør

Fyll:
200 gram philadelfiaost
1 dl melis
3 dl kremfløyte
2 dl blåbærsyltetøy(men eg brukar vanlege, usukra blåbær)

Pynt:
Blåbær
Mandelskiver


Knus kjeksen. Smelt smøret og bland med smulane.
Trykk blandinga ut i ei 24 springform og sett kaldt.
Rør forsiktig saman ost og melis. Det må ikkje bli for laust. Pisk fløyten og vend den forsiktig inn i osteblandinga. Rør blåbær/blåbærsyltetøy i litt "slurvete" og ha røra i forma. Sett kaldt minst eit par timar.
Løsne kaka forsiktig frå forma. Pynt med blåbær og mandelskiver.

BON APETIT:9)

søndag 14. desember 2008

Ein roleg tredje søndag i advent med baking og kos!!

Det har vore ein roleg innedag med forskjellig pussel i dag...
Fredrik reiste til Sogndal i lag med bestefaren og Eirik(eit søskenbarn) for å sjå onkelen spele fotball. Dei for kl 08.00 og var heime att kl. 18.00.
Det vert litt stillare i huset med berre ein unge, ja;0)



Her er vi godt i gang med baksten.


Rakel synst det var kjekkast å eksperimentere med mønster, så eg sto for mesteparten av trillinga!!


To nye sortar i boks!!

POTETMJØLSTOPPAR:
250 gram godt smør(romtp)
250 gram sukker
1 egg
1 ss vaniljesukker
125 gram kveitemjøl
500 gram potetmjøl
Rør smør og sukker kvitt, og tilsett egget og det tørre.
Form deigen til små kuler og lag mønster med gaffel.
STEIKETP: 180-200 grader
STEIKETID: 8 minutt


KANELSNITTAR:
1OO gram godt smør
100 gram sukker
1 egg
1 ts bakepulver
1/2 ss kanel
10 malte mandlar
Smør og sukker rørast kvitt. Bland i resten og elt saman til ei deig.
Del i fire like emner som rullast ut til fingertjukke lengder. Leggast på papirkledd bakeplate og flat dei litt ut.
Pensling og pynt:
1 egg
1 dl perlesukker
3 ss finhakka mandlar
Pensle lengdene med egg og strø sukker og mandlar på.
STEIKETP: 200 grader
STEIKETID: ca 10 minutt
Del lengdene i passande bitar medan dei er varme.



Måtte ut og knipse litt bilder av den vakre himmelen


Fantastiske fargar og formasjonar



Fredrik sitt julepynta vindu i dagslys..


Slik ser det ut frå senga hans om kvelden.
Kjekt med eigne julelys på romma!!


Rakel sitt vindu i dagslys... Linselusa måtte vere med;0)
Gardinene dei har på romma sine er dei gamle kjøkengardinene...
Kjekt med gjenbruk!!


Slik ser utsikta frå senga til Rakel ut...Prinsessekjolen er for liten, og kom
istaden til heider og verdigheit som pynt. Fevingar og tryllestav vart innkøpt i Legoland.
Lysekruna er frå Ikea, og den fekk ho i julegåve av eine fadderen sin i fjor.



Så tenner vi et lys i kveld
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld,vi tenner det for glede.

Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi to lys i kveld,to lys for håp og glede.

Så tenner vi tre lys i kveld
for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.