Hopp til innhald

Sawao Katō

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sawao Katō


Statsborgarskap Japan
Fødd 11. oktober 1946 (78 år)
Niigata
Idrett turn
Tok del i gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's artistic individual all-around, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's horizontal bar, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – men's pommel horse, gymnastics at the 1968 Summer Olympics – men's rings

Sawao Katō (fødd 11. oktober 1946) er ein japansk tidlegare turnar frå Gosen i Niigata som vart olympisk meister i 1968 og 1972.

Katō deltok i dei olympiske sommarleikane i 1968, 1972 og 1976. Under Sommar-OL 1968 i Mexico-byen vann han mangekampen og tok gullmedaljen frittståande, dessutan var han med om å vinne lagkampen. Fire år seinare, ved Sommar-OL 1972 i München sigra han på ny i mangekampen og fekk gull i lagkampen. Han vann elles gullmedaljen i skranke og tok to sølvmedaljar i andre apparatfinalar. I Sommar-OL 1976 i Montreal vart han nummer 2 i mangekampen, olympisk meister vart Nikolaj Andrianov frå Sovjetunionen. Derimot vann Katō for tredje gong i rad gull i lagkampen, og han forsvarte fyrsteplassen i skranke-øvinga.