Piano Man
Piano Man Studioalbum av Billy Joel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. november 1973 | |
Innspelt | September 1973, Devonshire Sound, Los Angeles, California | |
Sjanger | Countryrock, americana, softrock | |
Lengd | 42:51 | |
Selskap | Family Produksjons/Columbia | |
Produsent | Michael Stewart | |
Billy Joel-kronologi | ||
---|---|---|
Cold Spring Harbor (1971) |
Piano Man | Streetlife Serenade (1974) |
Singlar frå Piano Man | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | (C)[2] |
Rolling Stone | positive[3] |
Piano Man er det andre studioalbumet av den amerikanske songar-låtskrivaren Billy Joel, gjeve ut 9. november 1973. Det var den første innspelinga til Joel for Columbia Records, Piano Man vart laga etter rettslege vanskar med det tidlegare plateselskapet hans, Family Productions, og vart gjennombrotsalbumet hans. Family Productions-logoen vart nytta på platene hans fram til 1986.
Singelen «Piano Man», ei oppdikta gjenforteljing om dagane til Joel som loungesongar i Los Angeles og folk han møtte der, nådde 25. plassen på poplista til Billboard og fjerdeplassen på Adult Contemporary-lista. «Travelin' Prayer» og «Worse Comes to Worst» nådde høvesvis 77. og 80. plass på poplista, medan sjølve albumet nådde 27. plass på albumlista. «Travelin' Prayer» gav seinare Dolly Parton ein Grammypris, då ho spelte inn songen i 1999.
Legacy-utgåva
[endre | endre wikiteksten]Columbia Records gav ut ein dobbel versjon av plata i november 2011.[4]
Denne utgåva inkluderer eit konsertopptak frå ei radiosending i 1972. Denne radiosendinga var særs viktig for suksessen til Joel, fordi opptaket av «Captain Jack» stadig vart ønskt av lyttarane på radiostasjonen. Folk som arbeidde for Columbia Records merka seg dette og fekk skrive kontrakt med Joel.[5] På radiosendinga vart det spelt tre songar («Long, Long Time», «Josephine» og «Rosalinda») som ikkje var gjevne ut på nokre av studioalbuma til Joel.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Billy Joel.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Travelin' Prayer» | 4:16 |
2. | «Piano Man» | 5:37 |
3. | «Ain't No Crime» | 3:20 |
4. | «You're My Home» | 3:14 |
5. | «The Ballad of Billy the Kid» | 5:35 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Worse Comes to Worst» | 3:28 |
7. | «Stop in Nevada» | 3:40 |
8. | «If I Only Had the Words (To Tell You)» | 3:35 |
9. | «Somewhere Along the Line» | 3:17 |
10. | «Captain Jack» | 7:15 |
Bonusdisk 2011-utgåva
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Travelin' Prayer - 4:16» | 0:29 |
2. | «Falling Of The Rain» | 2:33 |
3. | «Intro To Travelin' Prayer» | 0:17 |
4. | «Travelin' Prayer» | 3:11 |
5. | «Intro To Billy The Kid» | 0:50 |
6. | «The Ballad of Billy The Kid» | 5:36 |
7. | «Intro To She's Got A Way» | 1:03 |
8. | «She's Got A Way» | 3:08 |
9. | «Intro To Everybody Loves You Now» | 1:19 |
10. | «Everybody Loves You Now» | 2:56 |
11. | «Intro To Nocturne» | 0:59 |
12. | «Nocturne» | 2:46 |
13. | «Station ID and Intro To Turn Around» | 1:31 |
14. | «Turn Around» | 3:26 |
15. | «Intro To Long, Long Time» | 1:19 |
16. | «Long, Long Time» | 4:46 |
17. | «Intro To Captain Jack» | 1:19 |
18. | «Captain Jack» | 6:56 |
19. | «Intro To Josephine» | 1:40 |
20. | «Josephine» | 3:23 |
21. | «Intro To Rosalinda» | 0:33 |
22. | «Rosalinda» | 3:03 |
23. | «Tomorrow Is Today» | 5:11 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Billy Joel – munnspel, klaverinstrument, piano, vokal
- Larry Carlton – gitar
- Eric Weissberg – banjo
- Billy Armstrong – violin
- Richard Bennett – gitar
- Rhys Clark – trommer (spor 10)
- Laura Creamer – vokal
- Mark Creamer – vokal
- Wilton Felder – bassgitar, klaverinstrument
- Emory Gordy, Jr. – bassgitar
- Fred Heilbrun – banjo
- Michael Omartian – trekkspel
- Dean Parks – gitar
- Susan Steward – vokal
- Ron Tutt – trommer (spor 1-9)
Live at Sigma Sound Studios, 15. april 1972
[endre | endre wikiteksten]- Billy Joel – piano, munnspel, vokal
- Rhys Clark – trommer
- Al Hertzberg – akustisk og elektrisk gitarar
- Larry Russell – bassgitar
- Dennis Wilen – produsent
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsent: Michael Stewart
- Lydteknikar: Ron Malo
- Remastering: Ted Jensen
- Arrangør: Michael Omartian
- Design: Beverly Parker
- Illustrasjon: Bill Imhoff
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1974-76) | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report Chart[6] | 14 |
Canadian RPM Albums Chart[7] | 26 |
U.S. Billboard 200 [8] | 27 |
Liste (1984) | Plassering |
UK Albums Chart [9] | 98 |
Liste (2011) | Plassering |
---|---|
Japan[10] | 112 |
Liste (2013) | Plassering |
---|---|
Irske album (IRMA)[11] | 75 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Piano Man (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Piano Man». Allmusic. Henta 27. august 2014.
- ↑ «Billy Joel: Piano Man > Consumer Guide Album». robertchristgau.com. Robert Christgau. Henta August 25, 2011. Originally published in Christgau, Robert (March 1974). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Posted at «The Christgau Consumer Guide: March 1974». robertchristgau.com. Henta 27. august 2014.
- ↑ Breschard, Jack (March 14, 1974). «Billy Joel Piano Man > Album Review». Rolling Stone (156). Arkivert frå originalen den 4. november 2008. Henta 27. august 2014.
- ↑ Billy Joel website[1] Arkivert 2011-09-25 ved Wayback Machine.
- ↑ Online Billy Joel Interview. [2]
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 21, No. 9». RPM. 13. april 1974. Henta 27. august 2014.
- ↑ «allmusic ((( Streetlife Serenade > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 27. august 2014.
- ↑ «Chart Stats – Billy Joel – Piano Man». UK Albums Chart. Chart Stats. Arkivert frå originalen 19. januar 2013. Henta 27. august 2014.
- ↑ «ビリー・ジョエル-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» [Highest position and charting weeks for Piano Man: Legacy Edition by Billy Joel]. oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Henta 7. september 2013.
- ↑ "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA.