The Longest Time
The Longest Time Singel av Billy Joel frå albumet An Innocent Man | ||
B-side |
«Christie Lee» | |
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1984 | |
Innspelt | 1983 | |
Sjanger | Doo-wop, acapella | |
Lengd | 3:40 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
«An Innocent Man» (1983) |
The Longest Time | «Leave a Tender Moment Alone» (1984)
|
«The Longest Time» er ein doo-wop-song av Billy Joel. Songen vart gjeven ut på singel i 1984, som den fjerde singelen frå albumet An Innocent Man frå 1983. Han nådde 14. plasse på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Billboard Adult Contemporary-lista.[1] I Storbritannia nådde songen 25. plassen på UK Singles Chart.
Joel syng alle stemmene på songen., i alt 14 spor som vart miksa inn i songen.[2] Berre eit instrument spelar på songen, ein bassgitar, og alle dei andre lydane er vokalen til Joel, i tillegg til perkusjonslydane som knipsing og klapping.[3] Han vart opphavleg spelt inn som demosongen «The Prime of Your Life».[4]
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]Musikkvideoen starta med ein mann (spelt av Joel) i ein treningssal etter ein fest for 25-års skulejubileum. Han ser rundt på plakatar av fleire klasseprisar, og bryt ut i song då bandet hans, som speler skulevener, kjem inn i treningssalen. Dei syng og scenane byter mellom skule tida og den noverande tida. Videoen vart filma ved Pratt Institute i Brooklyn.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1984) | Plassering |
---|---|
Australia | 15 |
RPM Top Singles[5] | 36 |
Irland | 18 |
New Zealand | 24 |
UK Singles Chart | 25 |
US Billboard Hot 100 | 14 |
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 1 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]I 1984 spelte Alvin and the Chipmunks and The Chipettes inn songen for Alvin and the Chipmunks-episoden «Operation Theodore». Me First and the Gimme Gimmes, eit punkband, spelte inn songen i 2004 for Ruin Jonny's Bar Mitzvah. I 2009 spelte Only Men Aloud inn songen på albumet Band of Brothers, og i 2010 spelte The Overtones inn songen på Good Ol' Fashioned Love, som nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista.
I 2013 song medlemmar i Glee ein acapella-versjon av songen.».[6]
Den norske acapellagruppa Bjelleklang song ein versjon av songen på norsk kalla «For meg sjøl ei stønn» på albumet Dæng Dæng (1991).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Longest Time» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 127.
- ↑ An Innocent Man Arkivert 2012-09-05 ved Wayback Machine.. http://www.avaxhome.ws/. Henta March 15, 2011.
- ↑ http://www.songfacts.com/detail.php?id=5512
- ↑ https://www.youtube.com/watch?v=evV50eDxM0k
- ↑ http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.6715&type=1&interval=24&PHPSESSID=h1v4bvl7fjso3qmchh2u2si9r3
- ↑ «GLEE Will Rock You! All The NEW MUSIC From Lights Out HERE!». perezhilton.com. April 22, 2013. Henta April 25, 2013.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Video på YouTube / ⒞1984 VEVO channel
- Heile songteksten på MetroLyrics