Hopp til innhald

Movin' Out (Anthony's Song)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Movin' Out (Anthony's Song)
Singel av Billy Joel
frå albumet The Stranger
B-side

«Everybody Has a Dream» (US)

Utgjeve 1. november 1977
Innspelt 1977
Sjanger Rock
Lengd 3:28
Selskap Columbia
Tekstforfattar Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«Just the Way You Are»
(1977)
Movin' Out (Anthony's Song) «Only the Good Die Young»
(1977)


«Movin' Out (Anthony's Song)» er ein song skriven og framført av Billy Joel. Songen handlar om korleis Joel sterkt mislikar arbeidar- og lågare mellomklassefolk i New York som strevar med å arbeide lange dagar berre for å syne til at alle at dei har «gjort det godt».[1] Figurane det vert sungen opp har stereotypiske, etniske namn (Anthony, Mama Leone, Sergeant O'Leary, Mr. Cacciatore) og arbeidarklassejobbar. Joel meiner det er fåfengt at dei støyter frå seg arbeidsklasserøtene sine (bytar ut ein Chevy med ein Cadillac og kjøper hus i Hackensack i New Jersey) og til slutt er prisen eit «hjarteattak» eller «ein øydelagd rygg». Bilen ein kan høyre mot slutten av songen er bassisten Doug Stegmeyer sin Corvette frå 1960.

I følgje Joel er ikkje Anthony ein verkeleg person, men heller alle «irar, polakkar og italienarar som prøver å tene til sitt daglege brød i USA».

«Movin' Out» vart opphavleg gjeven ut i 1977 på albumet The Stranger. Eit konsertopptak vart gjeven ut på 2000 Years: The Millennium Concert.

Broadway-musikalen

[endre | endre wikiteksten]

Twyla Tharp laga ein Broadway-musikal kalla Movin' Out, som bestod av songar av Billy Joel. Premieren var ved Richard Rodgers Theatre i New York City den 24. oktober 2002, og det vart halde 1307 framsyningar før han lukka i desember 2005. Pianisten og songaren i musikalen var Michael Cavanaugh. Musikalen drog på turné i USA frå 2004 til 2007 med Darren Holden i hovudrolla. Showet vart sett opp på Apollo Victoria Theatre i West End i London den 10. april 2006. James Fox hadde då hovudrolla. Det vart lagt ned tidleg, den 22. mai, på grunn av dårleg bilettsal.

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Songen er framført av:

Samplingar

[endre | endre wikiteksten]

Songen er sampla av The Diplomats på sporet «You Oughta Know» (produsert av The Heatmakerz), og beaten vart nytta av Das Racist på eit spor med same tittel på albumet Shut Up, Dude.

Songen kan høyrast i The Wolf of Wall Street.[2][3]

Liste (1977) Plassering
Australian Singles Chart 99
Canada[4] 11
New Zealand 31
UK Singles Chart 35
U.S. Billboard Hot 100[1] 17
Cashbox-lista[5] 14
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 40

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]