Kunstlag
Eit kunstlag eller ei kunstforeining er ein lokal frivillig medlemsorganisasjon som har som føremål å formidle kunst og auke interessa for biletkunst og kunsthandverk innanfor sitt geografiske område. Foreininga skipar til utstillingar, og arrangerer ofte kunstfaglege føredrag, kurs og anna aktivitet, som til dømes formidling av kunst til born og ungdom.
Alle som interesserer seg for kunst og kunstformidling kan verte medlem i ei kunstforeining ved å betale medlemskontingenten. Drifta er i hovudsak basert på at medlemene frivillig tek på seg å arbeide for foreininga utan løn, men rundt 20 av kunstforeiningane i Noreg har ein eller fleire tilsette. Felles for alle kunstforeiningane og kunstlaga, store som små, er at dei driv ikkje-kommersiell verksemd. Ynsket om å formidle kunst ligger til grunn, ikkje å tene pengar. Eventuelle inntekter og overskot frå sal av kunst, vert brukt til å vise utstillingar med mindre salspotensial, eller til å kjøpe inn kunst til eigne kunstsamlingar.
Drift og organisasjonsform
[endre | endre wikiteksten]Kunstforeininga vert leia av eit styre som medlemmene vel på årsmøtet.
Kunstforeiningane er ein viktig del av grunnmuren i kunstformidlinga i Noreg. Mange stader i landet er det langt til næraste kunstmuseum eller galleri, og ein stor del av publikum får difor sitt første møte med den visuelle kunsten i ei kunstforeining. Organisasjonen Norske Kunstforeninger, som er paraplyorganisasjon for 162 kunstforeiningar, kunstlag og kunsthallar, arbeider med kompetanseheving og organisasjonsutvikling i kunstforeiningsnettverket, og legg til rette for at foreiningane kan verte profesjonelle visningsstader for kunst.
Mange kunstforeiningar tek eit spesielt ansvar for å gje lokale og regionale kunstnarar høve til å få arbeida sine utstilte og selt. Kunstforeiningane kan vere eit springbrett for unge, uetablerte kunstnarar til å gjere seg kjent og skaffe seg ein posisjon – mange kjende norske kunstnarar har debutert i ei kunstforeining. Men dei større kunstforeiningane viser primært utstillingar av anerkjende norske og internasjonale samtidskunstnarar. Dei siste åra har nokre av dei større kunstforeiningane skifta namn til kunsthall, men dei er framleis organisert som kunstforeiningar. Kunsthallar produserer og kuraterer i større grad eigne utstillingar, og dei er ofte meir internasjonalt retta.
Mange kunstforeiningar mottek stønad frå kommune og fylkeskommune, i tillegg til at ein handfull får driftsstønad frå staten. Andre kunstforeiningar mottek ikkje faste offentlege tilskot, og må basere drifta på medlemskontingent, prosjektmidlar, dugnadsarbeid, eventuelle sponsormidlar og salsinntekter frå utstillingar. Nokre eig eigne utstillingslokale, nokre har gratis lokale gjennom kommunen, medan andre leiger utstillingslokale i kulturhus, museum og anna.
Dei fleste av kunstforeiningane og kunstlaga i Noreg er medlemmer i paraplyorganisasjonen Norske Kunstforeninger. Samla har dei 170 foreiningane om lag 30 000 medlemmer. Rundt 600 000 besøkjer årleg dei vel 1000 utstillingane som vert arrangert i kunstforeiningane.[1] Kunstforeiningane i Nordland, Troms og Finnmark er i tillegg organiserte i organisasjonen Se kunst i Nord-Norge.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Dei første kunstforeiningane i Noreg vart stifta på 1830-tallet, etter inspirasjon frå kunstforeiningane i Tyskland. Det var den norske kunstnaren J. C. Dahl som tok med seg ideen om kunstforeiningar heim til Noreg, etter å ha sett oppbløminga av kunstforeiningar i Tyskland. Iveren til Dahl var ein avgjerande faktor for opprettinga av dei første kunstforeiningane i landet; Christiania Kunstforening (no Oslo Kunstforening) i 1836 og Bergens Kunstforening (no Bergen Kunsthall) i 1838. Til samanlikning vart den første offentlege visingsstaden for kunst, Nasjonalgalleriet, først oppretta i 1842.
I vedtektene til dei første norske kunstforeiningane heitte det at dei hadde som føremål å vekkje kjærleik for biletkunst, og arbeide for å fremje norsk kunst. Medlemmene betalte kontingent, arrangerte utstillingar og medlemslotteri. Kunstforeiningane var opne for alle som ynskte medlemskap.
I perioden 1836–1900 vart det etablert kunstforeiningar i dei fleste gamle og store norske byane; Trondhjems Kunstforening (1845), Stavanger Kunstforening (1865, No Kunsthall Stavanger), Drammen Kunstforening (1867), Arendal Kunstforening (1873), Fredrikstad Kunstforening (1875), Christianssands Kunstforening (1881, no Kristiansand Kunsthall) og Kristiansund Kunstforening (1883). På byrjinga av 1900-talet og fram til krigsutbrotet i 1940 heldt denne utviklinga fram med nye kunstforeiningar som Aalesunds Kunstforening (1906), Skiens Kunstforening (1910), Haugesund Kunstforening (1913) og Tromsø Kunstforening (1924). Ofte var kunstnarar og borgarskapet i byane sentrale i stiftinga av kunstforeiningane. Utover på 1940–50-talet vart det også etablert kunstforeiningar i mange av dei mindre byane. Det aller første kunstlaget i bygde-Noreg vart etablert i Volda allereie i 1937. På slutten av 1960-talet ser ein starten på det som skal verte ein kunstforeiningsboom på 1970- og 1980-talet – i desse to tiåra dukkar det stadig opp nye kunstforeiningar, dei aller fleste av desse på mindre tettstader i distrikta. Initiativet til desse kom ofte frå lokale kunstnarar og andre kunstinteresserte innbyggjarar. Utover på 1990- og 2000-talet dabbar tilveksten av nye kunstforeiningar av, men det vert framleis etablert nye kunstforeiningar i Noreg.
Fleire kunstforeiningar har over tid bygd opp store kunstsamlingar. Enkelte av desse kunstsamlingane utgjorde seinare grunnlaget for opprettinga av regionale kunstmuseum som Sørlandets Kunstmuseum, Trondheim Kunstmuseum, Haugesund Billedgalleri og Stavanger Kunstmuseum.
Det har skjedd mykje frå dei første kunstforeiningane vart etablert på 1830-talet og fram til våre dagar, men hovudmålet for kunstforeiningane har heile tida vore å vise kunst til publikum.
Kunstforeiningar i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Det er kunstforeiningar/kunstlag i mange norske byar og tettstader. Lista viser 135 kunstforeiningar og kunstlag sortert etter stiftingsår.[2]
Namn | Stiftingsårstal |
Oslo Kunstforening | 1836 |
Bergens Kunstforening (no Bergen Kunsthall) | 1838 |
Trondhjems Kunstforening | 1845 |
Stavanger Kunstforening (no Kunsthall Stavanger) | 1865 |
Drammen Kunstforening | 1867 |
Arendal Kunstforening | 1873 |
Fredrikstad Kunstforening | 1875 |
Christianssands Kunstforening (no Kristiansand Kunsthall) | 1881 |
Kristiansund Kunstforening | 1883 |
Aalesunds Kunstforening | 1906 |
Skiens Kunstforening | 1910 |
Haugesund Kunstforening | 1913 |
Tromsø Kunstforening | 1924 |
Sarpsborg Kunstforening | 1931 |
Sandefjord Kunstforening | 1933 |
Kragerø Kunstforening | 1935 |
Volda kunstlag (no Volda og Ørsta kunstlag) | 1937 |
Mandal Kunstforening | 1939 |
Ørsta Kunstlag (no Volda og Ørsta kunstlag) | 1941 |
Horten og Borre Kunstforening | 1941 |
Gjøvik Kunstforening | 1944 |
Moss Kunstforening | 1944 |
Ulstein Kunstlag | 1944 |
Bodø Kunstforening | 1945 |
Halden Kunstforening | 1946 |
Namsos Kunstforening | 1946 |
Elverum Kunstforening | 1947 |
Hamar Kunstforening | 1947 |
Oppdal Kunstlag | 1947 |
Narvik Kunstforening | 1948 |
Farsund Kunstforening | 1952 |
Modum Kunstforening | 1952 |
Voss Kunstlag | 1952 |
Heimdal Kunstforening | 1953 |
Bryne Kunstforening | 1955 |
Drøbak Kunstforening | 1955 |
Sandnes Kunstforening | 1955 |
Porsgrunn Kunstforening (no Kunsthall Grenland) | 1957 |
Kongsberg Kunstforening | 1961 |
Vadsø Kunstforening | 1966 |
Alta kunstforening | 1967 |
Hammerfest Kunstforening | 1967 |
Odda Kunstforening | 1968 |
Mosjøen Kunstforening | 1968 |
Rana Kunstforening | 1968 |
Seljord Kunstforening | 1968 |
Ski Kunstforening | 1968 |
Harstad Kunstforening | 1969 |
Asker kunstforening | 1970 |
Nittedal Kunstforening | 1970 |
Valdres Kunstforening | 1970 |
Ål Kunstforening | 1970 |
Hadsel Kunstforening | 1971 |
Svolvær Kunstforening | 1971 |
Ås Kunstforening | 1971 |
Lørenskog kunstforening | 1972 |
Nesodden Kunstforening | 1972 |
Ullensaker kunstforening | 1973 |
Grimstad Kunstforening | 1974 |
Orkdal Kunstforening | 1974 |
Røros Kunstlag | 1974 |
Sunnfjord Kunstlag | 1975 |
Ørland/Bjugn Kunstforening | 1975 |
Rakkestad kunstforening | 1976 |
Steinkjer Kunstforening | 1976 |
Vestvågøy Kunstforening | 1976 |
Gran Kunstforening | 1977 |
Herøy Kunstlag | 1977 |
Kvam Kunstlag | 1977 |
Levanger kunstforening | 1977 |
Hjelmeland Kunstlag | 1978 |
Kongsvinger Kunstforening | 1978 |
Nøtterøy Kunstforum | 1978 |
Ryfylke Kunstlag | 1978 |
Aurskog-Høland Kunstforening | 1979 |
Fet Kunstforening | 1979 |
Høyanger Kunstlag | 1979 |
Rælingen Kunstforening | 1979 |
Saltdal Kunstforening | 1979 |
Vestby Kunstforening | 1979 |
Vindafjord Kunstlag | 1979 |
Groruddalen Kunstforening | 1980 |
Nes Kunstforening | 1980 |
Skaun Kunstforening | 1980 |
Søgne Kunstlag | 1980 |
Østensjø Kunstforening | 1980 |
Lillesand Kunstforening | 1981 |
Oppegård Kunstforening | 1981 |
Rissa Kunstforening | 1981 |
Haram Kunstlag | 1982 |
Trysil Kunstforening | 1982 |
Karmøy Kunstforening | 1983 |
Åsnes Kunstforening | 1983 |
Aukra Kunstlag | 1984 |
Enebakk Kunstforening | 1984 |
Tingvoll Kunstlag | 1984 |
Eidsberg Kunstforening | 1985 |
Luster Kunstlag | 1985 |
Melhus Kunstforening | 1985 |
Måløy Kunstlag | 1985 |
Neadalen Kunstforening | 1985 |
AKFO | 1987 |
Kunstforeningen Verdens Ende | 1987 |
Råde Kunstforening | 1987 |
Skedsmo Kunstforening | 1987 |
Lier Kunstforening | 1988 |
Stjørdal Kunstforening | 1988 |
Balestrand Kunstlag | 1989 |
Gol Kunstforening | 1990 |
Larvik Kunstforening | 1990 |
Suldal Kunstlag | 1990 |
Tysvær Kunstlag | 1990 |
Rennesøy Kunstlag | 1992 |
Sør-Odal Kunstforening | 1992 |
Bærum Kunstforening | 1993 |
Tynset Kunstlag | 1994 |
Aure Kunstlag | 1995 |
Flå Kunstforening | 1995 |
Hurum Kunstlag | 1995 |
Meråker Kunstforening | 1995 |
Bømlo Kunstlag | 1996 |
Stord Kunstlag | 1996 |
Sykkylven Kunstlag | 1996 |
Tinn kunstforening | 1996 |
Kviteseid Kunstforening | 1998 |
Nedre Eiker Kunstforening | 1999 |
Sørum Kunstforening | 2000 |
Øksnes Kunstforening | 2001 |
Åsane Kunstforening | 2001 |
Hvaler Kunstforening | 2002 |
Solund Kunstlag | 2002 |
Dovre og Lesja kunstforening | 2009 |
Kjøllefjord Kunstforening | 2010 |
Osterøy Kunstlag | 2010 |
Austevoll kunstforening | 2013 |
Frøya kunstforening | 2013 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Medlemsundersøking gjennomført av Perduco i 2011 Arkivert 2014-05-17 ved Wayback Machine., norskekunstforeninger.no
- ↑ Stiftingsårstala er henta frå Brønnøysundregistra