Gulasj
Gulasj (ungarsk gulyás) er ei kjøttgryte med småskore oksekjøtt i sterkt krydra saus.[1] Gulasj har opphav ifrå Ungarn.
Gulasj er nasjonalretten til Ungarn. I opphavslandet vert han servert som ei suppe. I Austerrike, Tsjekkia og Slovakia – tidlegare ein del av Austerrike-Ungarn – har ein sine eigne variantar, som stundom vert servert med knödel eller gnocchi. Sidan 9. sekel har ungararar laga gulasj,[2] som seinare kring 1800-talet spreidde seg til resten av Europa.
Ingrediensar
[endre | endre wikiteksten]Det finst mange ulike oppskrifter på gulasj i Ungarn og resten av Sentraleuropa. Gulasj vert som regel laga med oksekjøtt eller flesk, men ein kan også nytta ein eller fleire andre kjøttsortar i same gryterett.
Paprikapulver, lauk og karve vert nytta som tradisjonell smakstilsetjing, men også svart peparkorn og laurbærblad, timian, oregano og persille. Potet vert ofte nytta i gulasj, men han kan òg lagast med csipetke eller spätzle – ein type pasta som får koka med i suppa. Gulrøter, pastinakk, raud eller grøn paprika og selleri er grønsaker som oftast vert nytta i gulasj.
Liknande rett
[endre | endre wikiteksten]Pörkölt er ein liknande rett, men er ein litt tjukkare gryterett laga med kjøtt og same krydder, då utan karve.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «gulasj» i Nynorskordboka.
- ↑ «goulash» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 2. august 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Gulasch» frå Wikipedia på svensk, den 2. august 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gulasj-oppskrift av Lise Finckenhagen i nrk.no
- Carolyn Bánfalvi. «Gulyás: The Ultimate Hungarian Soup (Recipe) [Oppskrift]» (på engelsk). Taste Hungary.