Hopp til innhald

Gulrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gulrøter)
Gulrot
Gulrot
Gulrot
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Underfamilie: Apioideae
Stamme: Scandiceae
Understamme: Daucinae
Slekt: Daucus
Art: Gulrot D. carota
Vitskapleg namn
Daucus carota

Gulrot (Daucus carota) er ei populær rotfrukt. Gulrøter er vanlegvis oransje, men det finst òg kvite, gule, raude, blå og lilla variantar. Forma på gulrøtene kan vere konisk, sylindrisk eller rund.

Næringsinnhald

[endre | endre wikiteksten]

Gulrøter inneheld mykje vitamin A, og er difor godt for synet.[treng kjelde] Den oransje fargen stammar frå karoten.

Gulrota er ei gamal kulturplante som stammar frå Vesleasia, der har ho vore dyrka i minst 2000 år. Arabarane tok gulrøter med til Spania for om lag 1000 år sidan, og dedan har ho spreidd seg over resten av Europa. Ho har vore kjend i Europa sidan mellomalderen, men då hovudsakleg som ein kvit grønsak. Oransje gulrøter byrja ein fyrst med å dyrka på andre halvdel av 1800-talet.[1]

Gulrotfrø frå typen Daucus carota subsp. maximus
  1. «Gulrot» (på norsk bokmål). frukt.no. Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]