Distrikt på New Zealand
Distrikt eller Territorial authorities er det nest øvste nivået av lokalstyre på New Zealand, etter regionane (Regional Councils). Det er 73 distrikt: 16 bydistrikt (Cities), 56 district council, og Chatham Islands Council. I fire av distrikta (Nelson City Council, Gisborne, Tasman, og Marlborough) utøver det styrande organet også funksjonane til eit regionstyre, områda med dette styresettet vert på engelsk kalla unitary authorities, einskapleg forvalting eller territoriale regionar. Distrikta er ikkje eintydige underinndelingar innanfor regionane, etter som fleire av dei ligg under meir enn ein region. Taupo District Council utmerkjer seg ved å liggja innanfor grensene til fire ulike regionar (sjå under). Regionane baserer seg på nedslagsfelt til vassdrag, medan distrikta er avgrensa etter lokale tilhøve som samfunnsutbygging og kommunikasjonstilgang, til dømes tilgang til vegnettet. Regionane har ansvar for administrasjonen av mange miljøaktivitetar og offentleg transport, medan distrikta administrer det lokale vegnettet og friområde, avløp, byggeløyve, bruk av landområde og lokale sider ved resursstyring og andre lokalsaker.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Namn | Sete | Areal (km2)[1] | Folketal | Folketettleik (/km2) | Region(ar) | Merknader |
---|---|---|---|---|---|---|
Far North District | Kaikohe | 7 505 | 57 900 | 7,71 | Northland | |
Whangarei District | Whangarei | 3 314 | 78 200 | 23,60 | Northland | |
Kaipara District | Dargaville | 3 122 | 18 600 | 5,96 | Northland | |
Rodney District | Orewa | 2 497 | 96 400 | 38,61 | Auckland | Vert innlemma i eit nytt Auckland territorial authority i 2010. |
Auckland City | Auckland | 1 059 | 438 100} | 413,69 | Auckland | Omfattar Waiheke Island, Great Barrier Island og dei fleste andre øyene i Haurakigolfen. Vert innlemma i eit nytt Auckland territorial authority i 2010. |
North Shore City | Takapuna | 130 | 223 000 | 1 715,38 | Auckland | Vert innlemma i eit nytt Auckland territorial authority i 2010. |
Waitakere City | Henderson | 367 | 221 400 | 548,77 | Auckland | Vert innlemma i eit nytt Auckland territorial authority i 2010. |
Manukau City | Manukau | 551 | 362 000 | 656,99 | Auckland | Vert innlemma i eit nytt Auckland territorial authority i 2010. |
Papakura District | Papakura | 123 | 48 300 | 392,68 | Auckland | Vert innlemma i eit nytt Auckland territorial authority i 2010. |
Franklin District | Pukekohe | 2 190 | 63 200 | 28,86 | Waikato (60,18%) Auckland (39,82%) |
Vert delt mellom eit nytt Auckland territorial authority og Waikato District i 2010. |
Thames-Coromandel District | Thames | 3 193 | 26 800 | 8,39 | Waikato | |
Hauraki District | Paeroa | 1 186 | 17 750 | 14,97 | Waikato | |
Waikato District | Ngaruawahia | 3 189 | 46 800 | 14,68 | Waikato | Vil omfatta ein del av det noverande Franklin District etter danninga av eit nytt Auckland territorial authority i 2010. |
Matamata-Piako District | Matamata | 1 755 | 31 400 | 17,89 | Waikato | |
Hamilton City | Hamilton | 94 | 138 500 | 1 473,40 | Waikato | |
Waipa District | Te Awamutu | 1 473 | 44 700 | 30,35 | Waikato | |
South Waikato District | Tokoroa | 1 814 | 22 800 | 12,57 | Waikato | |
Otorohanga District | Otorohanga | 2 063 | 9 220 | 4,47 | Waikato | |
Waitomo District | Te Kuiti | 3 551 | 9 600 | 2,70 | Waikato (94,87%) Manawatu-Wanganui (5,13%) | |
Taupo District | Taupo | 6 955 | 33 500 | 4,82 | Waikato (73,74%) Bay of Plenty (14,31%) Hawke's Bay (11,26%) Manawatu-Wanganui (0,69%) | |
Western Bay of Plenty District | Greerton, Tauranga City | 2 120 | 44 400 | 20,94 | Bay of Plenty | |
Tauranga City | Tauranga | 168 | 110 500 | 657,74 | Bay of Plenty | |
Opotiki District | Opotiki | 3 098 | 9 060 | 2,92 | Bay of Plenty | |
Whakatane District | Whakatane | 4 441 | 34 400 | 7,75 | Bay of Plenty | |
Rotorua District | Rotorua | 2 614 | 68 000} | 26,01 | Bay of Plenty (61,52%) Waikato (38,48%) | |
Kawerau District | Kawerau | 22 | 7 050 | 320,45 | Bay of Plenty | |
Gisborne District | Gisborne | 8 351 | 45 900 | 5,50 | Unitary authority | |
Wairoa District | Wairoa | 4 124 | 8 480 | 2,06 | Hawke's Bay | |
Hastings District | Hastings | 5 218 | 73 800 | 14,14 | Hawke's Bay | |
Napier City | Napier | 106 | 56 900 | 536,79 | Hawke's Bay | |
Central Hawke's Bay District | Waipawa | 3 324 | 13 300 | 4,00 | Hawke's Bay | |
New Plymouth District | New Plymouth | 2 225 | 71 800 | 32,27 | Taranaki | |
Stratford District | Stratford | 2 161 | 9 100 | 4,21 | Taranaki (68,13%) Manawatu-Wanganui (31,87%) | |
South Taranaki District | Hawera | 3 577 | 26 700 | 7,46 | Taranaki | |
Ruapehu District | Taumarunui | 6 730 | 13 650 | 2,03 | Manawatu-Wanganui | |
Rangitikei District | Marton | 4 476 | 14 950 | 3,34 | Manawatu-Wanganui (86,37%) Hawke's Bay (13,63%) | |
Wanganui District | Wanganui | 2 372 | 43 400 | 18,30 | Manawatu-Wanganui | |
Manawatu District | Feilding | 2 628 | 29 300 | 11,15 | Manawatu-Wanganui | |
Palmerston North City | Palmerston North | 337 | 79 300 | 235,31 | Manawatu-Wanganui | |
Tararua District | Dannevirke | 4637 | 17 750 | 4,06 | Manawatu-Wanganui (98,42%) Wellington (1,58%) | |
Horowhenua District | Levin | 1 066 | 30 600 | 28,71 | Manawatu-Wanganui | |
Masterton District | Masterton | 2 298 | 23 100 | 10,05 | Wellington | |
Kapiti Coast District | Paraparaumu | 733 | 48 400 | 66,03 | Wellington | |
Carterton District | Carterton | 1 181 | 7 360 | 6,23 | Wellington | |
South Wairarapa District | Martinborough | 2 452 | 9 190 | 3,75 | Wellington | |
Upper Hutt City | Upper Hutt | 542 | 40 200 | 74,17 | Wellington | |
Porirua City | Porirua | 182 | 51 000 | 280,22 | Wellington | |
Hutt City | Lower Hutt | 377 | 101 600 | 269,50 | Wellington | |
Wellington City | Wellington | 289 | 192 800 | 667,13 | Wellington |
- Folketala er eit estimat for juni 2008.
Namn | Sete | Areal (km2)[1] | Folketal | Folketettleik (pr km2) | Region(ar) | Merknader |
---|---|---|---|---|---|---|
Tasman District | Richmond | 9 786 | 46 500 | 4,75 | Sameint styresmakt | |
Nelson City | Nelson | 445 | 44 700} | 100,45 | sameint styresmakt | |
Marlborough District | Blenheim | 12 484 | 44 500 | 3,56 | sameint styresmakt | |
Buller District | Westport | 7 950 | 9 950 | 1,25 | West Coast | |
Grey District | Greymouth | 3 516 | 13 650 | 3,88 | West Coast | |
Westland District | Hokitika | 11 870 | 8 760 | 0,74 | West Coast | |
Kaikoura District | Kaikoura | 2 050 | 3 760 | 1,83 | Canterbury | |
Hurunui District | Amberley | 8 661 | 10 850 | 1,25 | Canterbury | |
Selwyn District | Rolleston | 6 557 | 37 500 | 5,72 | Canterbury | |
Waimakariri District | Rangiora | 2 216 | 46 100 | 20,80 | Canterbury | |
Christchurch City | Christchurch | 1 610 | 368 900 * | 229,13} | Canterbury | |
Ashburton District | Ashburton | 6 208 | 28 700 | 4,62 | Canterbury | |
Mackenzie District | Fairlie | 7 442 | 3 950 | 0,53 | Canterbury | |
Timaru District | Timaru | 2 726 | 43 900 | 16,10 | Canterbury | |
Waimate District | Waimate | 3 577 | 7 450 | 2,08 | Canterbury | |
Waitaki District | Oamaru | 7 212 | 20 700 | 2,87 | Canterbury (59,61%) Otago (40,39%) | |
Queenstown-Lakes District | Queenstown | 9 368 | 26 400 | 2,82 | Otago | |
Central Otago District | Alexandra | 9 966 | 17 700 | 1,78 | Otago | |
Dunedin City | Dunedin | 3 340 | 122 900 | 36,80 | Otago | |
Clutha District | Balclutha | 6 406 | 17 350 | 2,71 | Otago | |
Southland District | Invercargill | 32 605** | 29 100 | 0,89 | Southland | Omfattar òg Stewart Island/Rakiura (sjå nedanfor) og Solander Islands. |
Gore District | Gore | 1 251 | 12 250 | 9,79 | Southland | |
Invercargill City | Invercargill | 491 | 51 600 | 105,09 | Southland |
- Folketala er eit estimat for juni 2008.
- * Totalt for dei samla areala til Christchurch City og Banks Peninsula.
- **Omfattar òg Stewart Island, som er oppført separat nedanfor.
Namn | Sete | Areal (km2) | Folketal | Region |
---|---|---|---|---|
Southland District | Invercargill, South Island | 1746 | 402 | Southland |
- Chatam Islands Council (Har nemninga «Territory»)
Andre øyer
[endre | endre wikiteksten]Der er ei rekkje andre øyer styrt spm distrikt (territorial authority) av Ministeriet for lokalstyre (Minister of Local Government). To av dei har «permanent busetjing og/eller permanente bygningar og konstruksjonar». Dei største øyene er opprekna nedanfor med folketal frå folketeljinga i 2001 i parentes:
I tillegg ligg sju av dei ni øygruppene i New Zealand outlying islands utanfor distriktsstyra:
- Kermadec Islands (3)
- Three Kings Islands
- Bounty Islands
- The Snares
- Antipodes Islands
- Auckland Islands
- Campbell Islands
Lokalstyrereformene i 1989
[endre | endre wikiteksten]I mange tiår fram til lokalstyrereformene i 1989 kunne ein busetnad med meir enn 20 000 menneske få status som city. Grensene til distrikta følgde gjerne utkantane i dei utbygde områda, og det vart gjort liten skilnad mellom det urbane området og og det lokalstyrte distriktet.
Inndelinga av lokalstyrte einingar på New Zealand vart omfattande endra i 1989 då nesten 700 distrikt og særskilde område vart slegne saman for å danna 87 nye lokalstyrte einingar. Talet på regionar vart redusert frå 20 til 13, territorial authorities (city/district councils) frå 200 til 75, og særskilde område frå meir enn 400 til 7[2]. Dei nye by- og landdistrikta vart generelt mykje større, og dei fleste omfatta betydelege område, både urbane og rurale. Mange stader som før var styrte av byråd vart no lagde administrativt under eit distriktsstyre.
Eit resultat av dette var at nemninga city etter kvart vart brukt i to tydingar.
«City» kom i bruk som ei mindre formell nemning i omtale av større urbane område uavhengig av dei lokale grensene. Denne uformelle bruken vert sterkt halden i hevd lokalt. Til dømes held Gisborne fast på å vera den første byen (city) i verda som opplevde det nye milleniet. Gisborne er administrert som eit distrikt, medan statusen som city generelt sett ikkje vert diskutert.
Under det noverande regelverket er det minste folketalet i ein ny by (city) 50 000.
Endringar etter 1989
[endre | endre wikiteksten]Etter reorganiseringane i 1989 gjennomførte av Lokalstyrekommisjonen (Local Government Commission), har det vore få større reorganiseringar eller endringar av status i lokalstyret. Ufullstendig oversikt:
- 1991: Invercargill fekk på nytt status som city.
- 1992: Ved ei endring i lokalstyrelovene vart regionen Nelson-Marlborough Regional Council oppheva. Kaikoura District vart overført til regionen Canterbury, og Nelson City, Tasman og Marlborough distrikt vart unitary authorities.
- 1995: Chatham Islands County vart oppløyst og rekonstituert, etter ei spesifikk Parlamentslov, som Chatham Islands Territory, med liknande styresett som distrikt, og med somme funksjonar som for regionane[3].
- 2004: Tauranga vart city att 1. mars.
- 2006: Banks Peninsula District vart slege saman med Christchurch City som resultat av ei folkeavrøysting i 2005.
Rapportar om gjennomførte reorganisasjonsforslag sidan 1999 er tilgjengelege på Lokalstyrekommisjonen (Local Government Commission) si side (lenkje nedanfor).
2007–2009 Royal Commission on Auckland Governance
[endre | endre wikiteksten]Den 26. mars 2009 tilrådde Royal Commission on Auckland Governance (Den kongelege kommisjon over styreforma i Auckland) at Rodney, North Shore, Waitakere, Auckland City, Manukau, Papakura, Franklin og Auckland Regional Councils skulle oppløysast, og at heile regionen Auckland skulle bli samanslått til ein «supercity»[4]. Området vil bestå av eit byråd (city council) (med sete for tre maori rådsmedlemmer), i tillegg fire urbane og to rurale lokalstyre:
- Rodney local council skulle mista Orewa, Dairy Flat, og Whangaparaoa, men få tillagt den attverande delen av det noverande Rodney District. Dei delte områda med tillegg av noverande North Shore City skulle danna eit Waitemata local council.
- Waitakere local council skulle bestå av den noverande Waitakere City i tillegg til Avondale area.
- Tamaki Makaurau skulle omfatta Auckland City (utanom det sentrale forretningsstroket) og Otahuhu
- Manukau local council skulle setjast saman av dei urbane delane av det noverande Manukau City og Papakura District.
- Hunua local council skulle omfatta heile Franklin District, der mykje no ligg i regionen Waikato, i tillegg til rurale område av det noverande Papakura District og Manukau City.
- Heile Papakura District skulle delast mellom urbane og rurale lokalstyre.
Framlegget har vore til høyringar, og den noverande regjeringa har i hovudsak gått inn for det, men vil ikkje reservera sete for maori rådsmedlemmer i det første valet, og vil heller ikkje ha lokale utøvande councils i den nye superbyen, men ei rekkje utval med mindre formell mynde. Distriktsvis har framlegget fått blanda mottaking, og opposisjonsleiaren, Philip Bruce Goff frå Arbeidarpartiet, ønskjer ei folkeavrøysting over framlegget[5].
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Local Government Act 1974
- Local Government Act 2002
- Local Government New Zealand
- Regionar på New Zealand
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Living Density: Table 1 Arkivert 2007-11-28 ved Wayback Machine., Housing Statistics, Statistics New Zealand. Henta 6. juni 2009. Areala er baserte på grensene i 2001. Sjøar og vatn større enn 15 hektar er ikkje medrekna.
- ↑ Local Government Reform in New Zealand Wallis, J.and Dollery, B. (2000) Local Government Reform in New Zealand. Working Paper Series in Economics, No 2000-7,May 2000, ISBN 1-86389-682-1, University of New England School of Economic Studies, Armidale NSW 2351 Australia. Copyright © 2000 by Joe Wallis and Brian Dollery.
- ↑ Chatham Islands Council Act 1995 Arkivert 2012-07-12 ved Archive.is, Parliament of New Zealand, 1995, Statute No 041, Commenced: 1 November 1995. Henta 6. juni 2009
- ↑ Thompson, Wayne (28. mars 2009). «Super-city tipped to save $113m a year». New Zealand Herald. Henta 7. juni 2009.
- ↑ Let Auckland decide on local government changes – pressemelding frå New Zealand Labour Party fredag 24. april 2009
- Denne artikkelen bygger på «Territorial authorities of New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juni 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Side til distrikt på New Zealand (Vedlikehalden av Innanriksdepartementet)
- Innanriksdepartementet si side om lokalstyreInnanriksdepartementet si side om lokalstyre Arkivert 2003-08-04 ved Wayback Machine. (med lenkje til Local Government Directory nedst på sida.)
- Sida til Lokalstyrekommisjonen
- Local Government Online Limited site Arkivert 2021-02-25 ved Wayback Machine. (Portalside til lokalstyresmaktene (Society of Local Government Managers and the Association of Local Government Information Management))
- Local Government New Zealand Kart over region- og distriktsgrenser – Nordøya
- Local Government New Zealand Kart over region- og distriktsgrenser – Sørøya
- Statistics New Zealand sine kart over lokalstyrte einingar over heile New Zealand Arkivert 2008-09-08 ved Wayback Machine.