Hopp til innhald

Otago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otago
uttale
region
Flagg
Land  New Zealand
Areal 31 241 km²
Folketal 229 200 (30. juni 2018)[1]
Kart
Otago
45°52′50″S 170°29′46″E / 45.880555555556°S 170.49611111111°E / -45.880555555556; 170.49611111111
Kart som viser Otago.
Kart som viser Otago.
Kart som viser Otago.

Otago er ein region søraust på SørøyaNew Zealand. Flatevidda er vel 31 000 km², og han er derfor den nest største av regionane.[2] Ved folketeljinga i 2018 var folketalet 229 200.

Namnet «Otago» er ei anglifisering av namnet Otakoumaoridialekten til Kai Tahu-iwien.[3] Landsbyen OtakouOtago-halvøya var ein kvalfangststasjon i åra kring 1840 då europeiske interesser først byrja å gjera seg gjeldande her i austkystområdet av Murihiku.

Av større senter i regionen finn ein Dunedin (den mest sentrale byen i regionen), Oamaru (gjort kjend av forfattaren Janet Frame), Balclutha, Alexandra, og større turistsentra som Queenstown og Wanaka. Kaitangata i South Otago har større kolførekomstar. Elvene Waitaki og Clutha sørgjer for mykje av landet sin produksjon av vasskraft. Det første universitetet på New Zealand, University of Otago, vart grunnlagt i 1869 i Dunedin.

Busetnaden i Otago var støtta av den frie kyrkja i Skottland (Free Church of Scotland), og starta i mars 1848, då dei to første immigrantskipa frå Greenock ved Firth of Clyde i Skottland, «John Wickliffe» og «Philip Laing», nådde fram. Kaptein William Cargill, ein veteran frå NapoleonskriganeDen iberiske halvøya, var den første leiaren av provinsen, og innbyggjarane i Otago valde han seinare til leiar av regionen (Superintendent).

Den første busetnaden var konsentrert om hamna og byen, men voks etter kvart, særleg mot sørvest, der det grøderike området Taieri Plains gav godt jordbruksland. I 1860-åra fann det stad ein snøgg kommersiell vekst etter at Gabriel Read fann gull ved Gabriel's Gully nær Lawrence, og gullrushet i Central Otago starta. Veteranar frå gullgraving i California og Australia, i tillegg mange andre lukkejegerar frå Europa, Nordamerika og Kina strøymde inn i Otagoregionen og viska etter kvart ut den skotske, presbytarianske karakteren regionen hadde hatt. Fleire gullfunn ved Clyde og ved elva Arrow River kring Arrowtown førte til oppgang, og Otago vart for ei tid både det økonomiske og kulturelle senteret på New Zealand, for ikkje å seia i heile Australasia. Den første dagsavisa på New Zealand, Otago Daily Times, først med den seinare statsministeren Julius Vogel som redaktør, oppstod på denne tida i 1861.

Regionen Southland gjekk ut av Otagoprovinsen i 1861 og skipa sitt eige regionstyre i Invercargill. Etter at det oppstod vanskar, gjekk han inn att i Otago i 1870, men når det gjeld ordningar med lokalt styre er Southland ein separat region.

Provinsstyret på New Zealand slutta i 1876, og dei nasjonale interessene flytta seg gradvis nordover. Kolonien vart inndelt i counties i 1876, to i Otago fekk namn etter dei skotske sjølvstendeheltane Wallace og Bruce.

Kart som viser folketettleiken i Otago ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Den vestlege delen av provinsen består av høge alpine fjell med mykje glimmerskifer. Den høgaste fjelltoppen i Otago er Mount Aspiring, 3 033 moh. Frå desse høge fjella renn det elver ut i store glasiale sjøar. I denne delen av Otago har eldre og nyare påverknad av isbrear sett sitt preg på landskapet, med store, U-forma dalar, og elver med høgt sedimentært innhald. Vassføringa i elvene varierer sterkt, og større flaumar kan oppstå etter kraftig nedbør. Innsjøane Wakatipu, Wanaka og Hawea er kjelder til elva Clutha, den mest vassrike elva på New Zealand. Clutha renn gjennom Otago og har utløp nær Balclutha.

Austanfor, i ly av fjella, ligg det tørre innlandet i sentrale Otago. Samanlikna med regionen Canterbury, der nordvestvindane trengjer seg ut over slettene utan hindringar, seinkar og svekkjer fjella i Otago påverknaden av desse vindane.

Dei større sentra i Central Otago Centres, som Alexandra og Cromwell, ligg på lægreliggjande sletter mellom fjellformasjonane. Glimmerskifergrunnen strekkjer seg til dei austlege delane av Otago der tidlegare vulkanar dannar grensa. Dei mest iaugefallande leivningane av desse er miocene vulkanar kring Otago Harbour. Elles kan ein finna utløparar av basaltfjell både langs kysten og andre stader.

Vêrlaget i Otago er svært variert, men kan grovt delast inn i to hovudtypar, kystklimaet i kystdistrikta og det meir kontinentalliknande klimaet i det indre av regionen.

Kystregionane i Otago er utsette for eit vekslande varmt og turt / kaldt og rått vêrlag som liknar El Niño – sørleg oscillasjon. Typisk for denne syklusen er at han tek seg oppatt grovt sett kvar veke, med tre eller fire dagar godvêr, følgd av tre eller fire dagar med kjøligare og fuktigare vêr. Tørrare vêrtilhøve er ofte resultat av nordvestleg føhnvind (Nor'west arch), der lufta er tørrare etter å ha passert fjellrekkja Søralpane. Lågtrykkssystem som kjem inn frå sørvest fører med seg eit fuktigare vêrlag. Ein vanleg variant av dette mønsteret er at eit lågtrykk slår seg til søraust av landet og fører med seg langvarig kjølig og vått vêr. Dette har ført til fleire større flaumar, som til dømes «hundreårsflaumane» i oktober 1878 og oktober 1978.

Dei typiske vintrane er kjølige og fuktige. Snø kan falla og bli liggjande til havnivå vinterstid, men særleg i åsane og slettene i South Otago. Busetnaden Ophir i sentrale Otago har den lågaste temperaturen som er målt på New Zealand, med –21,6 °C den 3. juli 1995. Somrane er derimot gjerne varme og tørre, og temperaturane når ofte høgt opp på 20-talet, i blant over 30 °C.

I sentrale Otago er vintrane kalde og somrane varme og tørre. Vêrlaget i sentrale Otago er det næraste ein kjem til eit kontinentalt klima nokon stad på New Zealand. Dette vêrlaget er delvis årsaka til at Otago har ei framgangsrik vindyrking, og sentralt i regionen, Central Otago, vert det produsert vin av god kvalitet frå drueslag som t.d. pinot noir, chardonnay, sauvignon blanc, merlot og riesling.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Subnational population estimates (RC, SA2), by age and sex, at 30 June 1996, 2001, 2006-18 (2018 boundaries)». Statistics New Zealand. 
  2. «About the Otago region». Otago Regional Council. 
  3. Peter Entwisle, Behold the Moon: The European Occupation of the Dunedin District 1770-1848, Dunedin, NZ: Port Daniel Press, 1998 (ISBN 0-473-05591-0), appendix 1 s.136-139.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Otago