North Shore
North Shore City (uformelt berre North Shore eller The Shore) i New Zealand er ein av fire tidlegare byar i Auckland. I 2005 hadde byen 212 200 innbyggjarar, det vil seie at det var den fjerde største byen i New Zealand. Den administrative eininga vart oppretta i 1989. I 2010 vart North Shore slått saman med dei andre byområda i Auckland til Auckland Council.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]North Shore grensar til Rodney District i nord, Waitemata Harbour i sør og Rangitoto Channel ved Hauraki Gulf i aust. Brua Auckland Harbour Bridge knyter det til Auckland City på sørsida av Waitemata Harbour, mens Upper Harbour Bridge knyter det til Waitakere i vest.
Transport
[endre | endre wikiteksten]North Shore er knytt til sentrum av stor-Auckland-området med berre to bruer, og dermed sterkt plaga av kø i rushtida. Det har vore mykje diskusjon rundt dette problemet, men lite handling, grunna kostnadene med å lage fleire samband over Waitemata Harbour.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Byrådet Arkivert 2006-08-08 ved Wayback Machine.
- Takapuna Beach