Viser innlegg med etiketten advent23. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten advent23. Vis alle innlegg

søndag 24. desember 2023

24. desember

 Dagen er komen, siste luke opnar og vi går inn i julehøgtida.

Treet er pynta....




...gåvene er pakka og kanskje levert..


.....Rudolf gjer seg klar til årets viktige jobb....


.......og nissen har reiseruta klar.....


...og julefreden senkar seg i eit pynta hus!



Då gjenstår det berre å takke alle for følget gjennom adventstida 
og 
GOD kreativ JUL til dåkke!

Helsing
Nordfjord Lappe- og quilteklubb
v/Bloggredaktør 
Mariann L. Hatlenes




lørdag 23. desember 2023

23.desember

 Dagen før dagen, og det er på tide med å få på plass juletreet!



Juletre i alle størrelsar og fasongar finst rundt om i hus og heim, nokre er ekte tre frå eigen skog, nokre kjøpte , nokre heimelaga, nokre er små og andre er store. og nokre har ikkje plass til tre, så nøyer seg med små variantar.

Her er  eit stort utval av ulike tre som du kanskje finn din favoritt mellom!!

Her er framgangsmåten: 











Alle bilda er frå Pinterest

Lykke til!

fredag 22. desember 2023

22. desember

 Det nærmar seg jul og det er  innspurt for dei små heimelaga julegåvene, om ein har tid då! Dagens tips tek ikkje lang tid å lage dersom du har det som trengs.


Bildet i dag kan vil vel kalle "jula i eit nøtteskal"!

Det du treng her er ei halv valnøtt, ei treperle og litt stoff. Fest snøre med limpistol og dermed har du laga eit lite oppheng til juletreet!

Lykke til!


torsdag 21. desember 2023

21. desember

 Dagens luke inneheld nokre nydelige småfuglar! 

Amerikanske Partridge!



På bloggen til Modestmaven ligg det komplett framgangsmåte til desse fuglane. Leit fram dine fargerike blomstrete stoff og sett i gang!

Partridge er arten og på norsk betyr det Rapphøne! Veit ikkje akkurat om dette er ein fugl som vi knyter til jul i Norge, men i USA er denne nemnt i songen "Twelve days of Christmas". Den har ein bibelsk sammenheng, her er forklaringa:

- A Partridge in a Pear Tree is said to represent Jesus Christ (a mother partridge is known to be willing to die while protecting her young), and is given on "the first day of Christmas" since the first of the twelve days falls on Christ's birthday. - Two Turtle Doves symbolize both the Old and the New Testaments.





Her  hos Sewcanshe finn du også eit innlegg om dette mønsteret.

Her finn du heile songen: Twelve days of Christmas

onsdag 20. desember 2023

20. desember

 Dagens tips er eit julet5re sydd av stoff frå restekassa.


På sida til Debsdays finn du heile framgangsmåten.

Då eg søkte opp sida dukka det opp ei lita overrasking, for sida hennar inneheld ulike ting av både sying og anna. 

Ein tekst med Olden var midt imellom svara, så måtte klikke på den. Då viste det seg at dama tydelgvis har vore på cruise inn fjorden vår 15. juni i år, har vore i Olden og opp Loen skylift.  Klikk på linken og sjå dei flotte bilda ho har lagt ut! Så då vart det endå kjekkare å vise dette tipset om juletre når ho har vore så nær alle oss! Kanskje vi bør sende ei julehelsing om vi finn ein plass å poste den!!


Lykke til!

tirsdag 19. desember 2023

19. desember

 I dag kan du være kreativ med småtteri frå restekassa!


Lag deg ein mal til eit juletre og sy på ulike remser av stoff og dekorband. Innimellom kan du sy på perler, knappar og paljetter, eller du kan brodere fine border med ulike sting. 

Dette kan du bruke til ei gåve som du rammar inn, eller som eit julekort, størrelsen avgjer kva det blir!

Sett i gang!!

mandag 18. desember 2023

18. desember

 Bak luka i dag finn de tips til å sy ein enkel juleløper eller festremse.

Finn fram julestoffa du har og kutt opp remser og finn eit lyst stoff til sidefelt.

Midtfeltet har remser på 2,5 x 5 inch og sidefelta er 3 inch breie.

Mix julestoffa og sy sammen, og lag den så lang du treng. Lukkekant i eitt av julestoffa kuttar du på ca 1,5 inch.



Enkel og fin, ikkje sant???

Bilder er frå Pinterest.


Varier med bredde og fargar  på stripene om du vil, alt blir fint!!


Du rekk denne før jul!
Ha ei fin systund!!

søndag 17. desember 2023

17.desember

 I dag viser vi  ein liten stjernequilt som kan brukast til fleire ting. 

Som bildet viser så er denne laga som juletrepynt, men den kan like gjerne brukast som glasbrikke.  

Eit anna tips er å sy nokre til jul/ nyttårsselskapet og bruke dei til kombinert bordkort og glasbrikke, då skriv du namnet med tusj inne på midten.



Alle bilder er frå Pinterest, så forklaringa her er på ulike språk.

Du treng:
  • 1 stor femkant til bakside/ramme på framsida
  • 1 femkant av papp til å stryke inn kantane på "rammestoffet"
  • 1 liten femkant med motivstoff, størrelsen er den same som ferdig størrelse
  • 1 femkant med vatt, same størrelse som motivstoffet.
  • Har desverre ikkje mål på malane, men lag din eigen mal ved å starte med kor stor du ynskjer å ha den. Så prøver du deg fram med malen for ramma. Bruk papir til dette.

Alt er handsaum

  • Klipp ut den store femkanten
  • Stryk inn kantane ved hjelp av pappmalen
  • Legg motivstoff og vatt på den store femkanten og brett spissane inn på motivstoffet.
  • Fest med nåler/klips og fest sammen ved å bruke quiltesting rundt kantane, dette vert også som ei dekorativ stikning.
  • Det finst sikkert ein bedre forklart framgangsmåte enn dette, om det dukkar opp på nettet, eller nokon har tips og legg på kommentar på FB, så vert det lagt inn link her.




På sida til Northern Quilts ligg det oppskrift og framgangsmåte til ei sekskanta Adventstjerne, 


Wenche skriv dette om framgangsmåten:

Jeg fikk vite nå at Grete Gulliksen Moe har vist slike stjerner i en bok. Jeg har en bok av Hanne Asplin Firman, hun viser 5-kantede stjerner. Så ideen er ikke ny! Men akkurat størrelsen og fremgangsmåten her, det har jeg kommet fram til selv ;-) 

Lykke til!


lørdag 16. desember 2023

16. desember

 Dagens juletips er eit lite bilde der applikasjon er kombinert med stitchery.

Og akkurat i dag treng denne snømannen ein  paraply for å overleve, for regnet ausar ned her på Vestlandet! 


Bildet er frå Pinterest og det har ikkje noko mønster. 
Men forma er enkel, så denne klarer du nok å få til!


fredag 15. desember 2023

15. desember

 Dagens bilde og tips er av den klassiske "Julebilen". 



Den ser ut til å være laga av filt, pynta med knappar til hjul, paljett til frontlys og kvite perler på juletreet. Den er truleg fyllt med litt vatt.
Eit skikkelig pirkearbeid, men noko som du kan planlegge å kose deg med i romjula!

Denne er frå Pinterest, og med mønster!! 
Som du ser er mønsteret veldig lite, men kopier det inn i Word og blås opp til ein brukandes storleik!



Kose deg med denne!! 
Og legg gjerne bilder på FB sida vår om du lagar ein slik!!


torsdag 14. desember 2023

14. desember

 I dag kan du lage deg ei flott bretta stjerne. Du kan gjerne øve deg med papir, men denne er laga av stoff og det går heilt fint å brette ei slik stjerne.


Den er kalla Dansk eller skandinavisk stjerne, her finn du framgangsmåten på sida Weallsew:


Her er ei anna side med framgangsmåten:







Om du lagar mange nok, så kan du lage eit flott girlander til vindauget ditt!



onsdag 13. desember 2023

13. desember

 Vi fortset med sekskanter i dag!


Her er det laga pynt til juletreet, eller du kan bruke det til vindusdekorasjon.
Den er sydd for hand over tynn papp. 
Sjå tidlegare innlegg i årets adventskalender ( 2. og 5. des) om korleis du syr over papp.

Du har fleire val:

Lag den lik på begge sider eller ha eit heilt motivstoff på baksida.
Lage den heilt flat eller fylle den med litt vatt så den blir litt fyldig.


Du treng til sammen 4 sekskanter, ein i midten og 3 som du deler og brukar rundt.




Slik kan du tegne din egen modell om du har rutepapir. Eller ta fram att geometrien du lærte på skulen!

Her er ein video som viser korleis du konstruerer ein sekskant med passar, du vel storleiken sjølv!

Regulær sekskant, s = 4 cm (Passer) - YouTube

tirsdag 12. desember 2023

12. desember

 I dag er det på tide med ein snømann!


Denne bygger du av sekskantar,....eller du klarer deg berre med ein sekskant som bildet viser.


Du har sikkert ein mal du kan bruke, eller tegn av denne.

Syden rundt papp, eller vrangsy den. 
Lurt å stive opp med vliselin, elelr litt stivt tynt vatt om du vrangsyr.