Chili dyrkar eg i drivhuset, men det går godt an ut i ein lun solvegg eller inne på stua. Eg brukar 10 liters potter, men det går fint an å dyrke i mindre potter også. Då vil planta blir mindre og det same gjeld som regel frukta.
Chili er dekorative plantar og i passande store potter er det ikkje noko i vegen for å ha dei i vinduskarmen. Chili treng langt tid på å utvikle frukt og eg sår dei tidleg i januar og aler dei opp på eit planterom med tilleggslys.
Chili er dekorative plantar og i passande store potter er det ikkje noko i vegen for å ha dei i vinduskarmen. Chili treng langt tid på å utvikle frukt og eg sår dei tidleg i januar og aler dei opp på eit planterom med tilleggslys.
Pris kr 20, pr pose med 6 frø. Porto på kr 15,- kjem i tillegg pr forsendelse.
For bestilling gå inn på Kristins Hage&Drivhus og send PM
CHILI
Capsicum chinense 'Carolina Reaper'
For den vågale? Står oppført i Guiness rekordbok som verdens sterkaste chili noko eg tvilar på kan stemme, men utan tvil den sterkaste eg har. Litt over over middels stor frukt. Bar godt med frukt. Oppgitt til 2 200 000 SHU. Bruk hanskar!
Capsicum annuum 'Pimientos de Padron'
Denne skal haustast inn grøn, men blir etterkvart raud og då litt sterkare. Mild i smak, berre litt sterkare enn paprika når den er grøn. Store frukt og middels avling.
Capsicum baccatum 'Lemon Drop'
Ein av mine favorittar. Middels store frukt og relativt stor avling. Både duft og smak har preg av sitrus. SHU 30 000 - 50 000
Capsicum annuum 'Black&Red'
Dette var ein "raritet" som dukka opp i drivhuset frå frø eg haust av eigne plantar og som eg har sett eige namn på. Usikker på kva det er krysning av, men det kan vere Filius Blue og Orange Wonder, begge annuum som viste seg ikkje å vere frøekte.
Dekorativ plante med frukt som utviklar seg frå grønt til svart og til slutt raudt. Blir sterkare etterkvart så her har du ein chili med to ulike styrkar og du kan hauste etter smak og behag. Middels sterk, små frukt og stor avling.
Capsicum chinense 'Scotch Bonnet Red'
Store frukt med god styrke. Stor avling.
TOMAT
Millefleur
Bildet yter ikkje denne tomaten rettferdigheit, men var det einaste eg fann. Produserer store mengder små gulorange cherrytomatar. Deilig og søt på smak og flotte i salaten. Må knipast, men ein kan med fordel la den få to hovedstammer. Ein favoritt.
Grushovka
Busktomat med kjempestore tomatar og stor avling. Stammer frå Russland og egnar seg godt på friland. Til og med her på våte Sunnmøre fekk eg modne tomatar i sommar. Etter mi meining kanskje ikkje den som smakar aller best, men egnar seg godt til supper og sausar. Skal garantert så denne neste år også.
Hundreds &Thousands
Cherrytomat med overhengande vekst og passar godt i ein stor ampel. Små søte tomatar som passar godt som snacks og i salaten.
Moneymaker
Middels stor ranketomat som eg kallar "pappas favoritt" Får mange tomatar med søt og god smak. Må knipast. Har dyrka denne i mange år og kjem til å fortsette med det.
Har også ein del anna for sal
Staudar, klematis, urter og grønsaker mm
og
Luftløk og frø/bulbiller av kvitløk godt egna for norske forhold
Besøk meg gjerne på facebook. Her legg du også inn bestilling
og på
Your tomatoes turned out great! They all look so delicious including the peppers. Congratulations. Thanks for the share, have a fantastic rest of your day. Keep up the posts.
SvarSlettWorld of Animals