Viser innlegg med etiketten Ullfilt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ullfilt. Vis alle innlegg

søndag 23. mars 2014

Elg i sofakroken

Eg har eit digert, grått garnnøste
i ein litt tvilsom kvalitet
som aldri tek slutt...
Eller...slik føles det iallfall.
 
Her er siste prosjekt med
pokkerskapen (unnskyld uttrykket).
 
Ei pute med elgmotiv!
Det lyse garnet er restar av
eit ullgarn eg ikkje hugsar kva er.
Med andre ord eit skikkeleg
restegarnprosjekt :-)
Einaste problemet er;
enormt mykje igjen av det grå garnet!!
 
Fortsettelse følger...
 
Forresten er bakstykket i
grå frakkeull. 

onsdag 17. april 2013

Ullvotter donert til t-bane 5 Vestli - Østerås

Den fyrste mandagen i månaden
har eg sykveld samen med ein gjeng
superhyggelege jenter. Me skravlar og syr.
Skal myyyykje til at noko hindrar 
Tråkleguri i å komme seg dit...
 
Den eine gongen hadde me vorte
enige om å prøve denne oppskrifta
på vottar. Etter litt grubling for å
forstå korleis mønsterdelane skulle
passe saman, var det lett som plett.
 
Alle laga sine eigne variantar.
Eg er ikkje spesielt frossen av meg,
og tykte det virka altfor varmt med
to lag ull. Sjølve votten er i ullfilt,
men eg fora det eine paret med 
fleece og den andre med velour.
 
Det vart ikkje så vellykka. Når eg
prøvde dei på inne, kjentes det mjuke,
varme og deilige ut. Men når eg kom
ut i kulda med dei, vart eg kald på
fingrane. Eg trur fortsatt at to lag
ullfilt blir litt i meste laget, men eg
skal heller prøve å lage for i eit
tynnare ullstoff.
 
Det var ikkje noko vanskeleg,
så det er berre å prøve seg fram!  
 
Blomsten og hjarta er i ullfilt
og applikert på for hånd med
sølvtråd. Det vart ganske fint.
Må nesten skryte litt sjølv, for
 det syner ikkje på biletet, nemleg...
 
 
Av dei to variantane, var fleecefor best.
Desse kom eg diverre i skade for å
legge igjen på t-banen etter at eg såvidt
hadde fått prøvd dei. Derav overskrifta
om donasjon. Det er jo litt i stil med
det å kjøpe ein ekstra kaffi, slik at
nokon som ikkje har råd kan få ein gratis.
Kanskje det var nokon som fraus på
fingrane som vart glad for eit par ullvottar, 
sjølv om foret var litt kaldt ;-)

mandag 26. mars 2012

Ein siste vinterleg krampetrekning

Me har hatt ei helg i heilt fantastisk vårver.
Etter å ha kosa seg i hagen, kjøpt nye
joggesko og vore på tur i vårskogen,
kjenner eg at det må bli heilt slutt på å
blogge vinterbilder...

Men eg måtte berre ha ei siste
krampetrekning med desse luene.
Dei er så fine, tykkjer eg!
Jada. Litt sjølvskryt.
Men i grunnen mest skryt til Mammo
som har laga mønsteret.
Ho har klart å få til ein veldig god
fasong som sit godt på hovudet,
og som er tett og fin på øyrene.

Om du har lyst på mønsteret,
eller vil sjå på andre ting ho har laga,
kan du ta ein titt i bloggen.

Luene på bileta under er laga i koksgrå
ullfilt med for i fleece.





Takk for kjempefint mønster, Mammo!
Trur absolutt eg skal lage fleire slike
....neste vinter.

Men no er det vååååååår!!!

mandag 20. februar 2012

Ullfilt med vottelommer

No som jula eg godt og vel overstått,
går det vel an å legge ut litt julegaver
som eg har heilt gløymt vekk...

Her er to blå kjolar i ullfilt til mine
to knusesøte grandnieser,
som eg er stolt fadder til!

Den minste er i størrelse ca 74 og
den andre er i størrelse ca 5 år.
Eige mønster, så størrelsane er litt
omtrentlege. Det som er praktisk med
denne modellen, er at den kan brukast
som tunika etter kvart som eigaren veks.


På brystet har eg brodert namn
med naturkvit ulltråd.


Lommene i naturkvit ullfilt er
forma som vottar.

Nedre del av kjolen har fått brodert
ulike snøkrystallar i det naturkvite
ullgarnet, slik at det blir skikkeleg
vinterkjole!