mandag 30. april 2012

Sitteunderlag.

I Familiens Juleideer 2011 såg eg eit sitteunderlag som var så fint. Og no har eg strikka det. I følge oppskrifta var det pt3 som skulle brukast, men eg kjøpte eit garn som heiter Ullrikka på Nille som eg ville prøve. Eg hadde ikkje p nr. 9, derfor brukte eg p nr. 8 istaden. Tova sitteunderlaget på 40 grader, og da vart det slik det skulle vera. Godt fornøgd med dette! (Om du ikkje har dette heftet kan du finne mønsteret hjå Pt-design. Mønsteret har nr. pt 98-1486 )

Photobucket

mandag 16. april 2012

Monkey

Eg starta på desse da vi var på Lanzarote i mars i fjor. Da eg kom heim at vart dei liggjande lenge, før eg strikka litt nå og litt da på dei. No er dei endeleg ferdige, og desse skal eg ha sjølv!

Photobucket
Garn: Arwetta red clover
Mønster: Monkey
Pinner: 2,5

mandag 9. april 2012

Scallo-pie

Eg prøvar å få brukt opp litt rester og enkeltnøster, og har strikka eit lite babyskjerf. Brukte 40 gr Drops Lima på dette, og mønsteret finn du her(ravelry).


Photobucket




Photobucket

mandag 2. april 2012

Sokkar med "ny" hæl.

Strikka ferdig desse sokkane for fjorten dagar sidan, men har ikkje fått blogga dei før no. Eg strikka dei fordi eg skulle prøve meg på ein -for meg- ny type hæl. Framgangsmåten fann eg her. Likte godt denne hælen også, så eg kjem nok til å strikke den at seinare også. Garnet er Austerman Step.

Photobucket


Photobucket