fredag 25. desember 2009

Julekort, HV og god jul!

Eg var med på Hemmelig Venn-runda på Hobbyboden for november/desember, og her er det eg fekk av Tøffeline:



Dette året har eg faktisk laga julekorta sjølv, og her er eit lite utvalg:





Til slutt vil eg få ynskje alle GOD JUL!!

torsdag 17. desember 2009

Sokkar, julehjerte og blomsternålepute.

Har i det siste strikka ferdig eit par sokkar som skal vera julegave til min far. Mønsteret er Blueberry Waffle socks, og dei er strikka av garnet Sterk på p nr. 3,5. Likar veldig godt å strikke av dette garnet, og har eit nytt par på pinnene allereie. Strikka inn ein forsterkningstråd i hælen slik for sikkerheits skyld..



Fann oppskrifta på nokre søte julehjerter, og har hekla 2 stk av desse.


Eg har også hekla ei blomsternålepute som tanta mi fekk i gjebursdagsgave måndag.

Oppskrift her.


onsdag 16. desember 2009

Pakke i posten :-D

Bak reklamer og regninger låg det måndag ei pakke i postkassa. Pakka var frå Mirrevirre, ho hadde ei trekning i forbindelse med at ho skreiv innlegg nr. 200 i bloggen sin, og eg var så heldig å vera ein av vinnarane. Innafor gråpapiret låg det ei fin julegave, ho har tilogmed laga til-fra-lappen sjølv trur eg!



Sjølv om det var julegave opna eg den med ein gong. Julekvelden er det nemleg så travelt, så da var det betre å setja meg ned og kose meg med å opne pakka i fred og ro tykte eg.. Håpar du tilgjev meg det Mirrevirre! Lurar du på kva eg fekk no? Jau det skal eg fortelja deg; eg fekk to nøster med Wool Blend og ei sjokolade. Har aldri prøvd dette garnet før, så det blir jo spennande. Det blir nok eit par sokkar av garnet etterkvart. Tusen takk for super pakke Mirrevirre!!