Wikipedia:God artikkel-kandidatar 2007
I 2007 blei 10 artiklar føreslåtte som moglege gode artiklar. Alle blei vald ut: Isar, Snø, Norske Gaardnavne, Tallinn, Vassdamp, Carl von Linné, Manatar, Sayyid Qutb, Fitjar og Nick Drake.
Kandidatar med diskusjonar
[endre wikiteksten]Kommentarar
[endre wikiteksten]Veit ikkje om han er god nok enno, men eg får berre gjere eit forsøk. --Otzi123 22:53, 29 november 2007 (CET)
Takk for skryt! Fairport Convention heng høgt med meg også. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt at diskografien skulle ha ein eigen artikkel, men fann at ein kanskje like gjerne kunne ha det, sidan ein hadde det på Wikipedia på bokmål.--Otzi123 16:06, 30 november 2007 (CET)
Røysting
[endre wikiteksten]- For Ein grundig artikkel med mykje arbeid bak kvar av dei blå lenkjene. Einaste eg ikkje skjøner er kvifor diskografien skal ha eigen artikkel. --Ranveig 23:10, 29 november 2007 (CET)
- For Otzi har arbeida med dette prosjektet sidan mai. Det fortener i alle fall skryt! Eg syns artikkelen er god, er sjølv fan av britisk folkrock (sjølv om Fairport Convention og John Martyn, som òg Joe Boyd styrte spakane for, heng høgare hos meg) og syns slike soger om tragiske skjebner er fasinerande (Syd Barrett og Viktor Tsoj var andre). At diskografien har ein eigen artikkel syns eg eigentleg ikkje er noko problem. Han er så pass lang og listeprega at han ikkje vil gjere artikkelen om Nick Drake noko betre om han vert flytta inn der. --Frokor 00:17, 30 november 2007 (CET)
- For, ingen raude lenkjer og god tekst. --EIRIK\diskusjon 19:19, 30 november 2007 (CET)
- For -- stykkjet 18:32, 21 desember 2007 (CET)
Kommentarar
[endre wikiteksten]Har arbeida med denne ei stund no, og syns den byrjar å sjå ganske bra ut. Litt usikker på rekkefølgja på bolkane og han treng sikkert ein språkvask. --Frokor 20:41, 13 desember 2007 (CET)
- Har vaska litt. -- Olve 23:38, 14 desember 2007 (CET)
- Korleis uttalar de namnet? Med kj-lyd og utan r, (slik at det rimer på bikkja), eller har de gjort uttalen meir bokstavrett med åra? Når eg redigerer heile artikkelen under eitt, får eg åtvaring om at han er vel lang. Er 32 KB ei grense vi bør halde oss innanfor, om artikkelen skal få stjerne? - Knut 19:34, 14 desember 2007 (CET)
- Det vert ofte uttalt som Fikja, der r'en knapt kan høyrast. Eg syns ikkje lengda bør ha for mykje å seie, med mindre han er altfor lang eller altfor kort. Ein tabell eller ein mal eller noko anna med mykje kodar vil jo medverke til at talet på kb vert stort sjølv om ikkje artikkelen nødvendigvis er så lang. --Frokor 19:56, 14 desember 2007 (CET)
- Rygg skriv noko om lokal uttale (fikkja), og i boka (ikkje på nettet) er dette markert med trykkmarkering og og eit merkeleg teikn for kj-lyden. Artikkelen kunne gjerne nemnd noko om lokal uttale av kommunenamnet, akkurat som ein peikar til artikkelen om lokal dialekt hadde vore eit stort pluss (kanskje nokon har skrive den artikkelen allereie?). - Knut 21:15, 14 desember 2007 (CET)
- Er det ein liten, t-aktig lyd først i "kkj" (mesta som "Fit'kja" eller engelsk "Fitcha"), eller er det meir som ein tysk ch-lyd (mesta som tysk "Ficher")? I det førstnemnte fallet er ["ficça] nokolunde korrekt etter IPA; i det andre fallet er ["fiç:a] meir korrekt. -- Olve 21:39, 14 desember 2007 (CET)
- Ved nærmare ettertanke er vel den tradisjonelle uttalen ganske grei. Set han inn no. -- Olve 21:41, 14 desember 2007 (CET)
- Som i Fit'kja høyres mest rett ut. --Frokor 21:43, 14 desember 2007 (CET)
- Ja, «fikkja» er nok meir korrekt. Fitjardialekten er nok nært opp til Sunnhordlandsdialekt, men då burde det stått noko om den greia (som eg ikkje kjem på kva heiter) der ll vert til dl, som i fjellet -> fjedlet (sjølv om det ikkje er mange som snakkar slik i dag). --Frokor 21:28, 14 desember 2007 (CET)
- Rygg skriv noko om lokal uttale (fikkja), og i boka (ikkje på nettet) er dette markert med trykkmarkering og og eit merkeleg teikn for kj-lyden. Artikkelen kunne gjerne nemnd noko om lokal uttale av kommunenamnet, akkurat som ein peikar til artikkelen om lokal dialekt hadde vore eit stort pluss (kanskje nokon har skrive den artikkelen allereie?). - Knut 21:15, 14 desember 2007 (CET)
- Det vert ofte uttalt som Fikja, der r'en knapt kan høyrast. Eg syns ikkje lengda bør ha for mykje å seie, med mindre han er altfor lang eller altfor kort. Ein tabell eller ein mal eller noko anna med mykje kodar vil jo medverke til at talet på kb vert stort sjølv om ikkje artikkelen nødvendigvis er så lang. --Frokor 19:56, 14 desember 2007 (CET)
Næringsliv
[endre wikiteksten]Ei setning er uforståeleg der og lyt ryddast opp i av nokon som kjenner materialet — sjå innlagt kommentar. -- Olve 23:35, 14 desember 2007 (CET)
- Endra base til hovudkontor. Poenget er at det er ei Fitjarbedrift som etter kvart har vorte verdsomspennande, men at «basen» eller hovudkontoret ligg på Fitjar. --Frokor 23:46, 14 desember 2007 (CET)
- Nei, den uforståelege setninga er: «Her vert det teikna fiskebåtar og forskings-, offshore- og seismikkfartøy, samt ombygging.» Kva tyder dette? Vert det teikna ombygging? Byggjer dei fiskebåtane og dei andre fartøya, eller teiknar dei dei berre? Slik setninga står heng ho ikkje saman grammatisk, og ho får lesaren til å lure på kva verksemda faktisk driv med. -- Olve 23:51, 14 desember 2007 (CET)
- Hm, ja ok. Dei teikner berre båtar, dvs dei fire typane som er nemnd, og i tillegg så lagar dei teikningar til båtar som skal ombyggast. Har du ei god teikning til ombygging av setningen?
- Aha. Ja, da skal eg nok greie å skrive det om litt. :) Olve 01:13, 15 desember 2007 (CET)
- Blir dette rett? «Her vert det teikna fiskebåtar og forskings-, offshore- og seismikkfartøy, og i tillegg planar for fartøy skal byggjast om.» -- Olve 01:17, 15 desember 2007 (CET)
- Jo, det vil fungere. Eg limer inn. --Frokor 01:19, 15 desember 2007 (CET)
Eg kom på to verksemder til som eg syns burde nemnast under næringsliv-bolken. Begge desse har vore og kjem til å bli viktige for kommunen. --Frokor 02:45, 15 desember 2007 (CET)
Røysting
[endre wikiteksten]- Kommentar om røysting: Fristen er 4 veker i følgje reglane, røyster mot må kome innan 11. januar 2008. Hogne 14:58, 16 desember 2007 (CET)
For med tre atterhald: eg skulle gjerne sjå at peikarane til lyngheier og den lokale industrien ikkje var raude. Eg kan heller ikkje seie noko om kor naudsynt det er med språkvask. Ut over det er det ein god artikkel. --Ekko 14:02, 14 desember 2007 (CET)
For Svært god artikkel (trykk på interwiki til bokmål, hehe). Kunne tenkt meg noko om målføret i Fitjar samt noko om musikk under kultur. Var ikkje Kenneth Sivertsen frå Fitjar? --Bep 18:47, 14 desember 2007 (CET)
- Han var frå Bømlo. Eg har lyst på ein bolk om kjende personar frå Fitjar, men eg har ikkje heilt oversikt der. Hugsar nokon Ranveig Johnsen? Ho hadde ein svært hit med Watch That Girl på slutten av 80-talet. Albumet selde utrulige 250 000, som er særs mykje etter norsk målestokk sjølv i dag. Idol-Ørjan trur eg me droppar :-) Elles har eg ikkje heilt kontroll på målføret heller. --Frokor 18:56, 14 desember 2007 (CET)
- Har ikkje høyrt om Ranveig Johnsen, 250.000 er utruleg! Vel, eg meiner framleis dette er ein "god artikkel", og den blir sjølvsagt seinare ein endå betre artikkel etter kvart. --Bep 20:13, 14 desember 2007 (CET)
For — så lenge næringslivsbolken blir rydda opp litt i. Standarden bør vera høg når det gjeld å uttrykkje seg tydeleg og eintydig. -- Olve 23:37, 14 desember 2007 (CET)
For Det er heilt utruleg kva Frokor har bygd opp rett framføre nasen min utan at eg såg det. Bileta! Sitata! Teksten! Og så Rompetjødno, då. --Ranveig 01:27, 15 desember 2007 (CET)
For Det skal bli hardt å løfte Vefsn til same nivået . . . . - Knut 09:13, 15 desember 2007 (CET)
For Ein standard å strekkje seg etter for innhald i alle andre kommuneartiklar. Roar 10:06, 15 desember 2007 (CET)
For -- Hogne 14:58, 16 desember 2007 (CET)
For --Anders 15:31, 16 desember 2007 (CET)
For --Otzi123 22:48, 16 desember 2007 (CET)
Kommentarar
[endre wikiteksten]Grundig kjeldebasert artikkel som forklarer noko av bakgrunnen for islamismen. --Ranveig 13:35, 24 september 2007 (CEST)
- Eg har sett artikkelen før, men først no har eg lese han. Artikkelen er svært interessant, og innhaldet er godt, men for å få stjerne må det arbeidast med lenkjene. Det er vel semje om at dei fleste sentrale lenkjer skal vere blå (ha innhald), og tilsvarande at andre artiklar skal peke til denne. Eg vel derfor å vente med å røyste. - Knut 16:33, 25 september 2007 (CEST)
- Enig med Knut. Særleg bør det vera støtteartiklar på Asyut, Wafd-partiet, Al-Azhar, Dar al-'Ulum, eksistensialisme, materialisme, Hasan al-Banna, Gamal Abdel Nasser og jihad. Eg skjønar ikkje heilt kvifor ord som blad, plage, trældom og fengsel treng å vera peikarar i denne artikkelen. Ekko 17:59, 25 september 2007 (CEST)
- La forsåvidt merke til det der, eg og, men viss eg skulle venta til eg hadde dekka alle dei store manglane først, ville det nok teke eit år til før artikkelen i det heile blei nominert. Manglande peikarar frå andre artiklar er eit stort problem som eg ikkje tenkte på. Dei bør inn frå til dømes islamisme, finst det forslag til fleire? --Ranveig 18:07, 25 september 2007 (CEST)
- Gamal Abd al-Nasser må ha medansvar for at dødsdomen mot Sayyid Qutb vart effektuert, og det kunne vere verd ei linje i Nasser-artikkelen, og om nokon greier formulere den, vert det ei lenkje til. -- Knut 19:45, 21 desember 2007 (CET)
- La forsåvidt merke til det der, eg og, men viss eg skulle venta til eg hadde dekka alle dei store manglane først, ville det nok teke eit år til før artikkelen i det heile blei nominert. Manglande peikarar frå andre artiklar er eit stort problem som eg ikkje tenkte på. Dei bør inn frå til dømes islamisme, finst det forslag til fleire? --Ranveig 18:07, 25 september 2007 (CEST)
Røysting
[endre wikiteksten]- For Det er enno mykje raudt, men nok blått til at lesaren får innsikt i framandt, men viktig, stoff. - Knut 20:36, 15 desember 2007 (CET)
- For Etter å ha tenkt meg om er eg samd med Knut. Men det hadde vore fint om nokon hadde tatt tak i dei raude peikarane. Då hadde me hatt mange gode artiklar om den arabiske verda! --Ekko 22:15, 15 desember 2007 (CET)
- For Interessant artikkel. Det hadde teke seg fint ut med fleire blå lenkjer, som Knut og Ekko nevner, men artikkelen i seg sjølv er flott! --Frokor 22:31, 15 desember 2007 (CET)
- For Spennande og informativ artikkel. --Otzi123 16:23, 21 desember 2007 (CET)
- For Dei raude skal bli blå, men det at artikkelen viser fram område me har lite om kan vel også reknast som eit pluss. --Ranveig 17:24, 21 desember 2007 (CET)
Kommentarar
[endre wikiteksten]Eg har sjølv skrivi mesteparten, så objektiv er eg ikkje. Men eg synest altså han blei bra. --Ekko 21:49, 17 juli 2007 (CEST)
- Skal me alle tia stille om det som er bra, blir her trist. Eg lurer berre på ein ting: Kva er statusen for amazonasmanaten i Brasil? Feltet i statusboksen er tomt. --Ranveig 01:23, 18 juli 2007 (CEST)
- Retta. --Ekko 11:09, 18 juli 2007 (CEST)
Røysting
[endre wikiteksten]- For Grundig og godt skrive; eg sit ikkje igjen med eit einaste spørsmål. (Bortsett frå Brasil, då)--Ranveig 01:31, 18 juli 2007 (CEST)
- For No veit eg litt om manatar òg! - Knut 18:09, 4 august 2007 (CEST)
- For Godt stykke arbeid det her, Ekko! --Frokor 19:36, 4 august 2007 (CEST)
- For --Gunnernett 18:41, 18 august 2007 (CEST)
- For Ein god og interessant artikkel. --Cato 19:25, 18 august 2007 (CEST)
Kommentarar
[endre wikiteksten]Ein artikkel som har vorte mykje betre gjennom dugnaden denne månaden. --EIRIK\diskusjon 23:07, 7 mai 2007 (CEST)
- Artikkelen blir knallgod, men er det ikkje litt tidleg å gje han stjerne? Eg ser for meg at det er vanskelegare å endre ein god artikkel, og gjennom arbeidet kjem det vel fram litt kunnskap som kan motivere til endringar? Men debatten kan vi gjerne starte, det negative bør fram no medan det vert arbeidd på artikkelen. - Knut 23:34, 7 mai 2007 (CEST)
Røysting
[endre wikiteksten]- For - Knut 07:20, 1 juni 2007 (CEST)
- For --Gunnernett 08:25, 1 juni 2007 (CEST)
- For --Ranveig 12:10, 1 juni 2007 (CEST)
- For --Hogne 12:13, 1 juni 2007 (CEST)
- For --Andreasv 13:05, 1 juni 2007 (CEST)
- For --Frokor 13:39, 1 juni 2007 (CEST)
- For -Eg har lagt inn nokre få kommentarar på diskusjonssida til artikkelen, men det er berre småplukk. Artikkelen er kjempegod. --Tannkrem 13:50, 1 juni 2007 (CEST)
Kommentarar
[endre wikiteksten]Ein gjennomarbeid artikkel som forklarar fysikk både enkelt og riktig. --Ekko 14:30, 15 april 2007 (CEST)
Det står
"Tettleik
Vassdamp er lettare, eller har mindre tettleik, enn luft. Dette fører til at under like temperaturforhold vil vassdampen stige i forhold til lufta."
Dette er ikkje rett. Det er mot all kjend fysikk. Gassblandingar skil seg ikkje etter molekylvekt. Tenk på dette: Om dei skilde seg slik, ville den nedre delen av lufta rundt oss vera mest karbondioksid og oksygen. Nitrogenet ville stiga opp.
Håkon Hope [email protected]
- Sjølvsagt er det rett. Sjå til dømes her. Tankegangen din er likevel ikkje feil, men du har gløymt ein avgjerande faktor: omrøring. På grunn av omrøring i lufta vert nitrogen og oksygen blanda saman. Hadde det ikkje vore noko form for omrøring hadde det du seier vore riktig. Oksygen og nitrogen er nesten like tunge, så desse er derfor lette å blande saman. Vassdamp er derimot så pass mykje lettare enn desse to (altså lufta) at han vil stige. Høgt i atmosfæren, over turbopausen, skjer akkurat det som du seier fordi det ikkje lenger er omrøring. --Frokor 5. mars 2009 kl. 20:11 (CET)
Svar
Sjølvsagt finst det gassar some er "lettare enn luft." (Legg til nitrogen og blåsyre (HCN) og ta bort "illuminating gas" frå lista i referansen.) Det er best å skilja mellom store luftmassar i atmosfæren og små gassmengder, som i eit hus eller eit laboratorium. Om ein slepp vassdamp inn i eit rom med luft (same trykk og temperatur) vil vassdampen stiga ei stund, det er rett nok. Men på stutt tid vil gassdiffusjon gjera at alle gassane vert til ei homogen blanding. For små molekyl er diffusjon oftast mykje viktigare enn konveksjon. I ein lufttett, godt varmeisolert silo fyllt med luft vil ikkje lufta skilja seg etter molekylvekt. Ei slik skiljing ville gjera at entropien minka, t.d. Termodynamikken seier at det ikkje hender i ein naturleg prosess. Det skal mykje større tyngdekraft til for å få til noko som kan målast. (Sjå gass-sentrifuger for uranfluorid!) På "kanten" av eit vakuum vil du få meir av lettare molekyl. Dette har mindre med tyngdekraft og meir med diffusjonsfart å gjera. På den andre sida, er det snakk om store luftmasser med mykje vassdamp, kan dei ha lægre tettleik enn luft med mindre vassdamp, og kan stiga. Her vinn konveksjon over diffusjon, av di det er snakk om store volum. Det er ikkje det at det finst "holer" med berre vassdamp.
Om diffusjon, sjå til dømes http://lartpc-docdb.fnal.gov/0002/000230/001/Diffusion%20pf%20gases%20in%20air,%20Fermilab%20conf%2005-635-AD%20.pdf Forfattarane er ikkje heilt støe i fysikken (ikkje i språket heller). Hadde dei skjøna fysikken betre, hadde resultata ikkje vore uventa for dei.
Hovudpoenget her er at det som er sagt under "Tettleik" er ufullstendig, på ein misvisande måte. HH.
Røysting
[endre wikiteksten]Kommentarar
[endre wikiteksten]Har utvida med omsetjing frå bokmålsutgåva av artikkelen. Bokmålsutgåva vert rekna som ein god artikkel. Vår utgåve treng heilt sikkert ein språkvask. --Frokor 13:17, 30 mars 2007 (CEST)
Historiebolken bør vera til slutt, notida først. Å dele Folketalsutvekling og Demografi er vel ikkje naudsynt eller meiningsfylt? Geografibolken er for stutt, og er vanskeleg å skjøna.
Tallinn sin største innsjø er Ülemistesjøen (9,6 km²), og er den største drikkevasskjelda i byen. Harkusjøen er den neststørste innsjøen i Tallin og er på 1,6 km².
- Er det fleire enn desse to? Kor mykje pregar innsjøane byen?
Ulikt mange andre byar, er den einaste viktige elva i Tallinn kommune i Pirita, som er ein forstad til byen
- Kva er ulikt andre byar? At det ligg ei elv i ein forstad? Kva heiter elva? Kor stor er ho?
- Finst det ikkje meire å seie om geografien i byen? Eit av dei to lokaliseringskarta kunne kanskje vore bytta med eit bykart eller anna kart i større skala?
At artikkelen er Anbefalt på no: er ikkje av stor verdi. Sjå til dømes vekas artikkel denne veka, Slaget ved Thermopylene, og kor mykje rettingar som har skjedd etter han blei anbefalt. Og sjå kor dårleg språket er no. Lista vår ligg vel høgare enn som så? --Ekko 18:29, 30 mars 2007 (CEST)
- Artikkelen på bokmål har status «utmerket», så noko verdi har det vel?. --Frokor 18:35, 30 mars 2007 (CEST)
- Greit: Noko. Men eg trur dei slit med eit stort antal framlegg, så handsaminga er vel ikkje altid så nøye som ho skulle ha vært. --Ekko 19:18, 30 mars 2007 (CEST)
- Eg har teke ein språkvask. (Uinnlogga, ser eg no.) Sjå under Slaget ved Lyndanisse - bør det stå samla seg ein hær eller samla hæren sin? Er verkeleg Hjortefallteorien ein teori - det liknar meir på ei segn! Om det er ei segn, bør ho sjølvsagt med, men ikkje presentert som ein teori. Artikkelen er etter mitt syn fyldig nok, og dette kjem til å bli ein god artikkel når han er pussa litt på. - Knut 20:07, 30 mars 2007 (CEST)
Røysting
[endre wikiteksten]- For - Knut 18:52, 15 april 2007 (CEST)
- For - --Gunnernett 18:30, 18 august 2007 (CEST)
- For - Hogne 23:39, 18 august 2007 (CEST)
- For --EIRIK\diskusjon 11:49, 19 august 2007 (CEST)
Kommentarar
[endre wikiteksten]God, informativ artikkel om verket frå det blei laga til våre dagar. --Ranveig 00:20, 20 mars 2007 (CET)
Røysting
[endre wikiteksten]- For Kort og grei, treng ikkje meire. Men eg saknar biografiar på dei mest kjende av personane nemnd i artikkelen. --Ekko 08:56, 18 juli 2007 (CEST)
- For, elles samd med Ekko. Trondtr 09:22, 18 juli 2007 (CEST).
- For, biografiane er forøvrig på plass --Ranveig 11:20, 4 august 2007 (CEST)
- For --Gunnernett 18:31, 18 august 2007 (CEST)
Kommentarar
[endre wikiteksten]Denne er fin. Men treng kanskje ein språkvask. --Tannkrem 18:26, 14 februar 2007 (CET)
- «eskimoiske språka har over 100 ord som seier noko om snø». Eskimoisk, er det grønlandsk språk? Er det i så fall ein myte at språket har så mange ord for snø? - Knut 23:07, 9 august 2007 (CEST)
Røysting
[endre wikiteksten]- For
,dersom setningene Eit interessant spørsmål er kvifor armane på eit snøflak er symmetriske, og kvifor det ikkje finns to like snøflak. Ein trur at svaret ligg i det faktum at distansen mellom snøflaka er mykje større enn distansen over dei. får ei forklaring.--Ekko 11:08, 18 juli 2007 (CEST) - For, no som det Ekko og Knut nemner ovanfor er retta/fjerna. --EIRIK\diskusjon 16:54, 7 januar 2008 (CET)
- For - Knut 18:44, 11 januar 2008 (CET)
- For. Ser bra ut for meg no, men det hadde vore fint med ein kommentar frå forfattaren, så me veit om vitskapsmannen er nøgd sjølv. --Tannkrem 09:04, 13 januar 2008 (CET)
- For - Eg eg syns artikkelen er ganske bra. Eg trur det meste som bør nevnast er nevnt, men i desse tidene med stort fokus på klima kunne ein kanskje sagt noko om korleis minka/auka snødekke påverkar klima. Eg syns det er litt rart å stemme på mine «eigne» artiklar, men denne var alt ganske omfattande før eg la til litt fleire meteorologfaglege fakta, så artikkelen er eit skikkelig samarbeidsprosjekt. --Frokor 11:49, 13 januar 2008 (CET)
Kommentarar
[endre wikiteksten]Ganske enkelt slik bør ein artikkel om ei elv vera. --Ranveig 17:57, 2 mars 2007 (CET)
- Eg er usamd med Ekko: raude lenkjer svekker ikkje i sg sjølv ein god artikkel (eg gjer då unnatak for renseanlegg, som bør forbli raud på denne wikipediaen). Knut 21:02, 14 mars 2007 (CET)
- Raude lenkjer svekkjer artiklane, så lenge dei raude lenkjene er lenkjer til relevante tema. Og her har me ein artikkel om ei elv i eit geografisk område som er lite omtala på Nynorsk Wikipedia. Me må vera strenge med oss sjølve når me utnemner artiklar. Når artikkelen tilsvarer denne kan eg kanskje røysta for. --Tannkrem 21:33, 14 mars 2007 (CET)
- Om Tannkrem har rett, kan berre artiklar på emne det er skrive mykje om frå før, verte gode artiklar. Og det er kanskje slik det bør vere, at lista bør ligge høgre på felt vi har få artiklar om? Men elles meiner eg at raude lenkjer skjemmer meir på ein framsideartikkel enn på ein god artikkel. Og blå lenkjer til frø og tynne spirer er verre enn raude... Knut 22:46, 14 mars 2007 (CET)
- Einig i begge desse poenga. Det er sjølvsagt svært bra om ein god artikkel også viser vidare til mange andre gode artiklar, men i utnemninga er det teksten sjølv som tel. --Ranveig 23:13, 14 mars 2007 (CET)
- Om Tannkrem har rett, kan berre artiklar på emne det er skrive mykje om frå før, verte gode artiklar. Og det er kanskje slik det bør vere, at lista bør ligge høgre på felt vi har få artiklar om? Men elles meiner eg at raude lenkjer skjemmer meir på ein framsideartikkel enn på ein god artikkel. Og blå lenkjer til frø og tynne spirer er verre enn raude... Knut 22:46, 14 mars 2007 (CET)
- Eg er òg til dels einig med Tannkrem om at det kanskje bør fyllast ut fleire relevante, raude lenkjer, men då helst av meir enn spirer og frø. Isar-artikkelen vart skrive i samband med geografimaratonprosjektet mitt. For å halde eit visst system i det, og for variasjonen sin del, har eg vald å ta geografien land for land alfabetisk i staden for område for område. Isar er ei elv i Austerrike òg, og vart oppretta i lag med ei rekkje andre austerrikske elvar. Mykje av Isar renn derimot gjennom Tyskland, som eg har skrive lite om enno. Men det kjem meir når eg kjem så langt. Kanskje meiningslaust å skrive om fjell «ingen har høyrt om» i Kroatia og slikt, men eg syns det er kjekt og lærerikt. Men eg har ikkje så lyst å røyste om artiklar eg sjølv har oppretta. --Frokor 23:02, 14 mars 2007 (CET)
- Om me likevel fyller ut nokre av desse raude hola burde alle kunna bli glade! --Ranveig 23:13, 14 mars 2007 (CET)
- Raude lenkjer svekkjer artiklane, så lenge dei raude lenkjene er lenkjer til relevante tema. Og her har me ein artikkel om ei elv i eit geografisk område som er lite omtala på Nynorsk Wikipedia. Me må vera strenge med oss sjølve når me utnemner artiklar. Når artikkelen tilsvarer denne kan eg kanskje røysta for. --Tannkrem 21:33, 14 mars 2007 (CET)
- Eg er usamd med Ekko: raude lenkjer svekker ikkje i sg sjølv ein god artikkel (eg gjer då unnatak for renseanlegg, som bør forbli raud på denne wikipediaen). Knut 21:02, 14 mars 2007 (CET)
Flytta frå Wikipedia-diskusjon:Gode artiklar/Kandidatar/Isar av --Tannkrem 13:27, 1 juni 2007 (CEST):
Er ikkje dette ein «God artikkel» no? Det står: Om alle innseiingar blir ordna og artikkelen får fire eller meir røyster for etter å ha lege på kandidatlista i minst to veker, kan han reknast som ein god artikkel.
Det er 5 som synes dette er ein god artikkel. Tannkrem synes at den er for tynn, mens dei andre meinar dette er passeleg. Er kravet for å bli ein god artikkel at Tannkrem blir overtydd og skal meine det same som alle andre? Har alle vetorett mot at ein artikkel skal vere God? Det same gjeld Jul. Hogne 12:24, 1 juni 2007 (CEST)
- Ja, alle har vetorett, og slik må det vera. Det er mykje betre å ha mange nesten gode artiklar på kandidatlista eller i gløymeboka, enn å ha mange nesten gode artiklar på gode artiklar-lista. Artikkelen i seg sjølv har vorte "tjukkare" etter at eg sa han var for tynn. Men framleis meiner eg at ein geografiartikkel bør ha fleire blå geografilenkjer enn han har raude. Det er vel og bra å vita at Isar har utspring i Hinteraudalen, men det seier meg ikkje særleg mykje når eg aldri har høyrt om staden. Ein leksikonbrukar kan ha bruk for opplysningar om mange av dei stadene som det er lenkja til, men som ikkje har artiklar. Eg meiner ikkje at kvar einaste lenkja treng vera blå, men eg meiner at svært mange av dei raude lenkjene til geografiske stadnamn i denne artikkelen, er så sentrale at me må ha innhald der (ei brukbar geografispira er nok) om eg skal vera samd i at me har nok informasjon om elva til at me kan setja stjerna på artikkelen. Artiklane rundt er ein viktig del av heilskapen i artikkelen, særleg når hovudartikkelen i seg sjølv ikkje seier noko om dei stadene som det er referert til. Eg har t.d. ikkje peiling på kor Isar startar, etter å ha lese artiklar på nn:, anna enn at det er vest i Austerrike. Det er lenkja til Tyrol, men den artikkelen inneheld berre ei setning om geografi. Eg vil seia at når det er snakk om ei elv, vantar ein viktig informasjon om emnet om ein som ikkje alt kan ein del om geografi i Alpane ikkje kan finna ut kor ei elv startar.
- I retningslinene til utnemning står det m.a. at ein god artikkel "gjer ikkje at ein sit igjen med spørsmål etterpå". Så lenge ein ikkje har lenkjer til artiklar i omlandet om den gode artikkelen (dette gjeld kanskje i særleg stor grad når det gjeld emnet geografi), vil ein lett kunna sitja att med spørsmål etter å ha lese artikkelen. Me vil då ha den situasjonen at leksikonbrukarar, etter å ha lese ein av dei som skal vera dei beste artiklane våre, kan måtta lesa ein betre artikkel som ikkje har same status, på eit anna språk, for å finna den informasjonen dei treng. Og det synest ikkje eg er bra for Nynorsk Wikipedia. Me bør stilla svært høge krav til dei gode artiklane våre, dei bør vera minst like gode som andre Wikipediaer sine gode artiklar.
- Det er òg dumt å ha lenkjer til sjeldne fugleartar som er så sjeldne at dei ikkje har fått ein artikkel på nn: enno.
- Og eg kunne ha tenkt meg eit oversiktskart som viser litt betre kor elva går. --Tannkrem 13:27, 1 juni 2007 (CEST)
- Gode argument, Tannkrem, og fint at du utdjuper kva du meiner, slik at det blir lettare å retta opp. Så lenge dei ikkje er vondsinna bør mot-røyster ha stor vekt; ein artikkel skal vera overtydande god. Det er jul tydelegvis ikkje, ettersom han har få for-røyster, i tillegg til den eine mot. --Ranveig 13:33, 1 juni 2007 (CEST)
- Har lagt til litteratur frå tysk wikipedia sin versjon av artikkelen, som den engelske utgåva baserer seg på. --Frokor 15:55, 28 juni 2007 (CEST)
- Flytta kommentarar frå avrøystingsbolken til diskusjonsbolken:
- Lista for gode artiklar ligg høgt og skal ligge høgt. Og då er eg nøydd til å vere samd i det Ekko skreiv
ovanfornedanfor. -- Knut 15:39, 28 juni 2007 (CEST) - No er den tyske kjeldelista referert, og sjølv om det så vidt eg minnest er gjort framlegg om å gjere dette på andre måtar, synest er artikkelen fortener god-merket.~ -- Knut 18:30, 28 juni 2007 (CEST)
- Lista for gode artiklar ligg høgt og skal ligge høgt. Og då er eg nøydd til å vere samd i det Ekko skreiv
No har eg fiksa endå litt på kjeldelista, så då skulle den innseiinga vere ordna. Når det gjeld det Tannkrem skriv om manglande støtteartiklar, så er det svært vanskeleg og finne informasjon om ein del av stadene det er lenka til (f.eks. Hinteraudalen, som han nemner). Både Wikipedia på tysk og engelsk manglar nokre av desse, og det er heller ikkje så mykje å finne andre stader på internett. Likevel har artikkelen om Tirol vorte utvida litt, så ein kan i alle fall finne ut sånn nokonlunde kvar elva har utspringet sitt. --EIRIK\diskusjon 17:50, 3 januar 2008 (CET)
- No må denne vere grei og vel så det.stykkjet 17:53, 3 januar 2008 (CET)
- Nei eg synest ikkje han er grei. Og heller ikkje vel så det. Eg ser framleis ikkje nokon stad noko utfyllande geografiinformasjon om området der elva kjem frå (Tirol har ei-to setningar, og det er ikkje meir enn på frø-nivå, sjølv om det er brukt spire-mal), og det må denne artikkelen etter mi meining ha for at leksikonlesaren skal kunna vita det som han kan trengja å vita om dette oppslagsordet. Me treng ein god geografibolk på Tirol, Karwendel, Hinteraudalen, Scharnitz (og kanskje Lavatsch?) og/ eller meir om geografi på Isar før eg er samd i at dette er ein god geografiartikkel.
- Eg tok også opp dette med dei sjeldne fuglane, makrellterne og blåhals. For å ikkje berre vera den slemme, kjipe fyren som blokkerer gode artiklar, prøvde eg å laga desse artiklane, om fuglar eg ikkje veit det spøtt om. Det viser seg at av dei leksikona eg har sjekka, er det ingen som seier noko som tyder på at makrellterna er spesielt sjeldan.
Og blåhalsen finn eg ikkje informasjon om anna enn på dansk Wikipedia, og der er det svært lite. Så heller ikkje der har me dokumentasjon på at fuglen er sjeldan, slik denne artikkelen seier.Når slike opplysningar både manglar referansar og ikkje har lenkja til ein artikkel som stadfestar påstandane, får det meg til å lura på om opplysninga verkeleg stemmer, og om resten av artikkelen inneheld opplysningar som ikkje er verifiserte (trass i at han fekk ei kjeldelista til slutt). Slikt kan sikkert ordnast, dersom informasjonen faktisk finst i ei autoritativ kjelda kan me laga fotnotar, men eg veit ikkje om informasjonen finst, og kan ikkje lesa bøkene som står i kjeldelista, for eg kan ikkje tysk. - Så eg synest framleis artikkelen har eit lite stykke att, noko som for det meste anten skuldast manglande støtteartiklar eller kan bøtast på ved hjelp av støtteartiklar. --Tannkrem 21:38, 9 januar 2008 (CET)
- Retting: Blåhals, eller blåstrupe, er heller ikkje særleg sjeldan, etter kva eg kan sjå. Men han finst andre stader enn på da:. --Tannkrem 21:43, 9 januar 2008 (CET)
- Å sette inn ei literaturliste ein sjølv ikkje har lese og kan gå god for er ikkje bra. (I vitskapeleg samanhang er det svindel) Då skriv ein heller «Sprett, P: Å finne gulrøtter. Ref. i Brum, O. Frykt og avsky i hundremeterskogen. Trangvik 1997.» når ein ikkje har boka til Sprett tilgjengeleg. Og tilsvarande: når ein ikkje har dei originale kjeldene får ein nøye seg med Omsatt frå engelsk, som nyttar.... Ekko 22:05, 9 januar 2008 (CET)
Kjeldelista er no endra i tråd med Ekko sitt framlegg. I tillegg har eg skrive om Hinteraudalen og prøvd å få inn meir geografisk informasjon i nokre av artiklane rundt dette emnet, i tillegg til at eg har prøvd å plassere dei i høve til andre meir kjende stader, som t.d. Innsbruck. Det er også rimeleg få raude lenkjer i artikkelen no. Kva synest de? --EIRIK\diskusjon 22:44, 11 januar 2008 (CET)
- Ja, no kjem det seg. Tirol og Scharnitz gjev no ein grei peiling på kor staden er, og jamvel korleis det ser ut der. Men eg har framleis problem med kjeldene. Når kjeldelista ikkje er lesen av nokon som er her, treng me konkrete referansar for konkrete faktaopplysningar, særleg når eg har oppdaga at dei sjeldne fuglane ikkje såg ut til å vera sjeldne i det heile. Me treng i det minste å sjekka ut ting som opplysningane i faktaboksen, historiske fakta og liknande, som er heilt konkrete opplysningar som det ikkje bør vera altfor vanskeleg å finna dokumentasjon på. --Tannkrem 07:32, 12 januar 2008 (CET)
No såg eg akkurat over punktet om verna område. Eg trur at ein grunnleggjande feil med artikkelen er at han er omsatt for mange gongar. For kvar omsetting snik det seg inn uklåre ting og feil, ikkje noko rart med det, ein kan ikkje vera ekspert på alt. Men det blir litt som eit dokument kor det har blitt for mange kopiar av kopiar av kopiar. Difor trur eg det beste er om ein legg heile nominasjonen på is, og går til den tyske originalen (som er merka som utmerka) og les korrektur på heile artikkelen her. T.d. er snakket om sjeldne dyreartar truleg ei misforståing, originalen snakkar om at ein del artar er truga ved Isar, altså at dei forsvinn frå elva. Alvorleg nok, men noko anna enn at dei er sjeldne. Eg ser gjerne at me gjer dette ferdig, no som så mange har lagt så mykje arbeide er blitt lagt ned, og nokre tyskkunnige er me vel her? --Ekko 09:45, 12 januar 2008 (CET)
- Einig. Og nett no er eg godt nøgd med at me to har lukkast i å blokkera denne utnemninga i nesten eit år. Men særleg tyskkunnig er eg ikkje. --Tannkrem 10:02, 12 januar 2008 (CET)
Dersom nokon kan korrekturlese frå soge og ut trur eg dette er ein god artikkel. --Ekko 21:35, 14 januar 2008 (CET)
- Korleis tolkar de at ho er den fjerde lengste elva i Bayern? Eg trur det er slik at om ein berre måler lengda av elvane innafor grensene til Bayern så er ho den fjerde lengste, men det burde kanskje vore presisert betre? Ut i frå total lengd er seks elvar lengre (Donau, Rhinen, Main, Elva Inn, Saale, Eger), eller fem om ein ikkje reknar med Rhinen som ikkje renn gjennom Bayern (Rhinen vert stundom rekna som ei bayersk elv sidan Bayern grenser til Bodensjøen som Rhinen gjennom). Berre 35 km av Eger eller Ohre renn t.d. i Bayern og Tyskland og er sikkert ei av dei kortaste elvane innafor Bayern. Ut frå vassføring er ho den femte største elva i Bayern (etter Donau, Inn, Salzach og Lech). Det kunne kanskje òg vore nemnd (så er me liksom betre enn den tyske ;-) ) --Frokor 08:23, 15 januar 2008 (CET)
- Ja, fiks det. Det er òg fint om ein eller annan kan sjekka heile teksten og harmonisera språket slik at den originale teksten til Frokor og Ekko sine nye avsnitt har ein eintydig stil. Og kanskje det er ein idé å sjå på om nokon av avsnitta bør kortast ned etter at det kom eit par nye avsnitt. Til dømes er det no to avsnitt som seier noko om kva slags fuglar som finst. Men dette er berre finjusteringar, artikkelen er god. --Tannkrem 20:41, 15 januar 2008 (CET)
Røysting
[endre wikiteksten]- For stykkjet 14:49, 9 mars 2007 (CET)
- For --EIRIK\diskusjon 15:55, 9 mars 2007 (CET)
- For Hogne 19:52, 14 mars 2007 (CET)
ImotEin del ulogiske ting, siste delen av "Soge" er for stutt sånn at det blir lite samanhang i skildringa av korleis elva endrar karakter dei siste to hundre åra. Veldig mange raude peikarar.--Ekko 20:30, 14 mars 2007 (CET)For Har rydda litt. Men ei lita bolk om «Byar langs elva» vil gjera han betre. --Ekko 18:52, 30 mars 2007 (CEST)- For Knut21:02, 14 mars 2007 (CET)
Ventar med å røyste til nokon har saumfare artikkelen opp mot den tyske, gode artiklar må ha korrekt informasjon --Knut 10:31, 12 januar 2008 (CET)- Knut 22:47, 14 januar 2008 (CET) Imot. Artikkelen erfor tynn ennorett og slett ikkje korrekt og god nok. --Tannkrem 21:33, 14 mars 2007 (CET)- For. Eg gjekk tom for viktige innvendingar. --Tannkrem 20:41, 15 januar 2008 (CET)
- For Ein kan sjølvsagt skriva meir detaljert, men det kan bli for mykje av det òg. Etter mi meining oppfyller han krava om å fortelja nok om emnet sitt. --Ranveig 23:13, 14 mars 2007 (CET)
- For --Gunnernett 14:35, 1 juni 2007 (CEST)
* Imot Eg skiftar meining igjen. Ein alvorleg feil med artikkelen er at den ikkje har ei einaste kjelde, anna enn engelsk wikipedia. Og då er han ikkje god, i mine auge. --Ekko 14:31, 28 juni 2007 (CEST)